forslag:
Stortinget ber regjeringa, gjennom
eit samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane, om å opprette eit
nasjonalt program for auka grunnbemanning og rekruttering til den
kommunale helse- og omsorgstenesta. Programmet må innehalde konkrete
tiltak for å leggje til rette for lokalt forankra prosjekt for auka
grunnbemanning og mindre vikarbruk i helse- og omsorgstenesta.