Bakgrunn
Mange nynorskelevar
byter språk til bokmål når dei kjem i mindretal. Dette skjer til
dømes når dei kjem frå ein ungdomsskule der dei fleste brukar nynorsk,
til ein vidaregåande skule der fleirtalet nyttar bokmål. Språkskifte
skjer også i overgangen frå å vera elev i vidaregåande skule til
livet som student på ny studiestad. Tal frå ei undersøking i 2008
ved Universitetet i Bergen syner at nærare 45 pst. av dei tidlegare
nynorskelevane bytte til bokmål. Ein stor del av desse var frå Sogn
og Fjordane og Møre og Romsdal, som er å rekna som solide nynorskområde.
Årsakene til språkskiftet er mange og komplekse. Forslagsstillarane
meiner at dersom nynorsk var meir synleg på studiestadane, ville det
vore lettare for desse studentane å halda fram med nynorsk.
Lov om studentsamskipnader
regulerer studentsamskipnadane. I denne lova er samskipnadane eksplisitt
unnatekne å fylgje mållova, jf. § 11. Studentsamskipnadar er sokalla
særlovsselskap. Vinmonopolet og dei regionale helseføretaka er døme
på særlovsselskap som er underlagde mållova. Dei offentlege utdanningsinstitusjonane
– som studentsamskipnadane er knytte til – er rekna som nasjonale
statsorgan og underlagde mållova.
I dag brukar berre
to av fjorten studentsamskipnader noko nynorsk. Etter det forslagsstillarane
kjenner til, er det berre Studentsamskipnaden på Vestlandet som
har ein plan for å veksla mellom dei to norske skriftspråka.
Studentsamskipnadane
er synlege i studiekvardagen gjennom at dei driv barnehagar, kafear,
treningssenter og leiger ut studentbustadar. Om studentsamskipnadane
var plikta til å fylgje mållova, ville det ført til meir nynorsk
i kvardagen på studiestadane og gje studentane fleire språklege
rettar. Til dømes vil det føre til at studentsamskipnadane må svara
på nynorsk om dei vert kontakta på nynorsk, at ulike skjema, som
til dømes husleigekontraktar, må vera på begge skriftspråka, og
at samskipnadane skal bruka minst 25 pst. nynorsk i skilting, på
nettsida og på sosiale medium.
Forslagsstillarane
vil påpeike at studentsamskipnadane er til for studentar frå heile
landet, både nynorsk- og bokmålsbrukarar. Difor er det eit problem
at studentsamskipnadane mest berre brukar bokmål. Forslagsstillarane
meiner difor at lov om studentsamskipnader bør endrast slik at studentsamskipnadane
lyt fylgje mållova, og at ei slik lovendring vil gjera det lettare
å vera ung nynorskbrukar.