Bakgrunn
Forslagsstillarane viser
til at grunngjevinga for dette lovforslaget er å sikra at Arbeidstilsynet
har kompetanse til å føra tilsyn med, gje pålegg om og treffa einskildvedtak
for å gjennomføra lovføresegner i arbeidsmiljølova som omhandlar
innleige frå bemanningsføretak.
Forslagsstillarane
viser til at arbeidsmiljølova § 18-6 (1) ikkje sikrar Arbeidstilsynet
ei slik fullmakt i dag. Arbeidstilsynet får heller ikkje denne fullmakta
frå 1. januar 2019, når lovendringane som Stortinget vedtok 4. juni
2018, trer i kraft.
Arbeidstilsynet kan
ifølgje arbeidsmiljølova § 18-6 (1) gje dei pålegga og treffe dei
einskildvedtaka elles som er naudsynte for gjennomføringa av føresegnene
i og i medhald av bestemte føresegner i arbeidsmiljølova. Overtredelsesgebyr
er heimla i § 18-10.
Arbeidstilsynet kan
derimot ikkje gje dei pålegga og treffa de einskildvedtaka som er
naudsynte for gjennomføringa av føresegnene i og i medhald av § 14-12 (1),
§ 14-12 (2) eksl. andre punktum og § 14-12 (4), som alle omhandlar
innleige frå bemanningsføretak. Det same gjeld § 14-12 a. Likebehandling
av lønns- og arbeidsvilkår ved utleie fra bemanningsforetak.
Forslagsstillarane
vil visa til at lovforslaget om ei endring av § 18-6 (1) for å sikra
Arbeidstilsynet slik kompetanse vart sett fram både i Innst. 132
L (2017–2018), jf. Dokument 8:60 L (2017–2018) og Dokument 8:94
L (2017–2018), og i Innst. 355 L (2017–2018), jf. Prop. 73 L (2017–2018).
Forslagsstillarane
viser vidare til Stortinget sitt samrøystes vedtak nr. 821, 4. juni
2018:
«Stortinget ber regjeringen
utarbeide forslag til en kontrollfunksjon som skal føre tilsyn med,
gi pålegg om og treffe enkeltvedtak for å gjennomføre bestemmelsene
i arbeidsmiljøloven § 1-7, kapittel 2 til kapittel 11, samt §§ 14-1
a, 14-5 til 14-8, § 14-9 andre ledd bokstav f andre punktum og andre
ledd siste punktum, § 14-12, § 14-12 a, § 14-15 femte ledd og §§
15-2 og 15-15. Forslaget til kontrollfunksjon legges fram for Stortinget
på en egnet måte.»
I Prop. 1 S (2018–2019)
skriv Arbeids- og sosialdepartementet følgjande om si oppfølging
av dette vedtaket:
«Departementet har
igangsatt et arbeid med å utrede tiltak for bedre kontroll og håndheving
for å redusere ulovlig innleie, slik det også ble varslet i Prop. 73
L (2017–2018). Regjeringen vil komme tilbake Stortinget på egnet
måte når arbeidet er ferdigstilt.»
Forslagstillarane
meiner det er særs viktig at Arbeidstilsynet får kompetanse til
å handheva lovføresegner om innleige frå bemanningsføretak. Det
er etter forslagsstillarane si meining heilt avgjerande at desse
lovføresegnene vert handheva av Arbeidstilsynet, og at dette vert
gjort gjeldande så raskt som mogleg.