Bekymra
fagmiljø
Fagmiljøa ropar no
varsku om at dei faglege retningslinjene for barselomsorga ikkje
vert følgde opp i tenestene. Kombinasjonen av tidleg utskriving
og manglande beredskap i kommunane bidreg til at mor og barn ikkje
blir sikra fagleg forsvarlege tenester. Kirsten Jørgensen i Jordmorforeningen
uttalar til Dagsavisen 19. februar 2018 at ein kan komme til å sjå
auka spedbarnsdødelegheit. Tal frå UNICEF Norge sin kommuneanalyse
frå 2017 viste at 60 prosent av kommunane ikkje tilbyr heimebesøk
innan to veker etter heimkomst til alle familiar med ein nyfødd
baby, slik den faglege tilrådinga er.
I august 2017 sende
Regional perinatalkomité Helse Sør-Aust, med svangerskaps- og barselomsorg
som sitt ansvarsområde, ei bekymringsmelding til medisinsk direktør
i Helse Sør-Aust. Bakgrunnen var ei spørjeundersøking ved 20 barselavdelingar
i Helse Sør-Aust som avdekka store manglar sett opp mot Helsedirektoratets nasjonale
retningslinjer for ei forsvarleg barselomsorg. Berre fem av femten
avdelingar varsla helsestasjonen ved tidleg heimreise. Over halvparten
av jordmødrene svara at det «aldri» eller «sjeldan» blir føretatt
heimebesøk i helgar eller høgtider. Mens mindre sjukehus tilpassa
liggjetid individuelt etter ønske og behov, blir kvinner ved store
sjukehus oftare sende heim mot sin vilje grunna kapasitetsmangel.
Det blei rapportert om auka førekomst av «uheldige hendingar» som
følgje av kortare liggjetid for barselkvinner. Hendingar som var
skildre var mor med uoppdaga fødselsdepresjon, høgt blodtrykk, blødingar
eller infeksjonar og barn som viste teikn til dehydrering, vektnedgang,
gulsott, infeksjonar eller uoppdaga hjartefeil. Desse hendingane
kunne ifølgje perinatalkomiteen vore unngått dersom ein hadde organisert
jordmortenesta slik at mor og barn var sikra tett oppfølging ved
utskriving.
Også leiar i Norsk
barnelegeforening, Ketil Størdal, meiner fleire barselkvinner får
eit uforsvarleg tilbod, og fryktar alvorlege konsekvensar for dei
nyfødde (Dagsavisen 19. februar 2018). Det blir vist til
bekymring for dei barna det er noko med, men som det er vanskeleg
å oppdage dei første timane etter fødsel. Gulsott kan vise seg først
etter to–tre dagar. Også barn som reiser heim før amming og ernæring
er skikkeleg i gang, er i faresona. Leiaren i Norsk barnelegeforening
meiner sjukehusa først og fremst er opptekne av å spare liggjedøgn, og
uttalar at omsorg i etterkant av fødsel skulle vore eit vilkår før
ein starta tidleg heimreise.