Representantforslag om ny gjennomgang av kostnadane og konsekvensane knytt til nedlegginga av Andøya flystasjon

Dette dokument

  • Representantforslag 53 S (2017–2018)
  • Fra: Trygve Slagsvold Vedum, Liv Signe Navarsete, Knut Arild Hareide, Ola Elvestuen, Abid Q. Raja, Willfred Nordlund, Audun Lysbakken og Mona Lill Fagerås
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Ein samla utanriks- og forsvarskomité skreiv i Innst. 62 S (2016–2017) følgjande:

«Komiteen viser til at det er reist spørsmål ved det økonomiske beslutningsgrunnlaget knyttet til deler av langtidsplanproposisjonen, herunder samlingen på Evenes og Værnes. Dersom det fremkommer vesentlige endringer i beslutningsgrunnlaget, legger komiteen til grunn at regjeringen kommer tilbake til Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett våren 2017 med en oppdatering.»

Det har i etterkant av handsaminga av langtidsplanen for forsvarssektoren kome fram fleire forhold som set vedtaket om nedlegginga av Andøya flystasjon i eit nytt lys. Aldrimer.no skreiv 2. september 2017 at ein amerikansk delegasjon som besøkte både Andøya og Evenes, åtvara mot å leggje ned Andøya flystasjon.

Det er over lengre tid sett store spørsmålsteikn ved dei estimerte innsparingane ved å leggje ned Andøya flystasjon. På oppdrag frå Senterpartiet gjennomførte det uavhengige konsulentselskapet Samfunnsøkonomisk Analyse ein ekstern gjennomgang av kostnadane knytt til nedlegginga av Andøya flystasjon og flyttinga av Forsvaret sine maritime overvakingsfly til Evenes. Samfunnsøkonomisk Analyse konkluderer i rapporten med at innsparingane ved å samle aktiviteten på Evenes og leggje ned Andøya flystasjon truleg vil bli vesentleg mindre enn det regjeringa estimerer, og at det er fare for store kostnadsoverskridingar.

Ein har tidlegare erfaring i Forsvaret med at kostnadane knytt til flytting av basar har vorte vesentleg høgare enn det som har vore estimert. Medan nye Ørlandet flystasjon var estimert å koste 6 mrd. kroner, ser kostnadane no ut til å bli langt høgare. Norges Offisersforbund estimerte allereie i 2016 at kostnaden ville sprekke, og at sluttsummen ville bli meir enn 15 mrd. kroner. Tidlegare leiar av Norges Offisersforbund, Egil André Aas, uttala mellom anna i eit intervju med Dagens Næringsliv torsdag 21. april 2016 at

«vi har 10–15 års erfaring. Besparelser ved å legge ned overvurderes alltid, kostnadene ved å flytte eller etablere nytt annetsteds blir alltid undervurdert. Tallgrunnlaget er dessuten nær umulig å få innsyn i».

Noverande leiar av Norges Offisersforbund, Torbjørn Bongo, uttala i same intervju at

«det verste eksempelet er etablering av flybasen på Ørland. I starten var kalkylen seks milliarder kroner. Nå har kostnaden passert 15 milliarder. Det finnes mange flere.»

Ei nedlegging av Andøya flystasjon vil føre til at ein svekkjer Noreg sin kapasitet til å ta imot allierte forsterkingar.

At ein avviklar Andøya flystasjon samstundes som ein legg ned Bodø flystasjon, skaper større sårbarheit. Det er særs viktig at Stortinget er heilt trygg på at ei så stor avgjerd ikkje vert fatta på feil grunnlag. Det vil òg vere særs uheldig dersom avgjerda vert fatta på eit grunnlag utan tillit hjå svært mange av dei som verte berørte av avgjerda. Dersom innsparingane ved å leggje ned Andøya flystasjon er mindre enn estimert, er det lite klokt av Noreg å leggje ned eit forsvarsanlegg som fungerer svært godt.

Forslagsstillarane understrekar at Noreg ikkje er i nokon tvangssituasjon. Forsvaret har tid til å sikre seg at avgjerdsgrunnlaget ikkje har endra seg sidan langtidsplanen vart vedteken hausten 2016

Forslag

På dette grunnlag legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa setje i verk ein ny ekstern gjennomgang av kostnadane og konsekvensane knytt til nedlegginga av Andøya flystasjon og undersøke om det har kome endringar i talmaterialet og grunnlaget for avgjerda.

7. november 2017

Trygve Slagsvold Vedum

Liv Signe Navarsete

Knut Arild Hareide

Ola Elvestuen

Abid Q. Raja

Willfred Nordlund

Audun Lysbakken

Mona Lill Fagerås