Stortinget si handsaming
av Prop. 73 S (2011–2012) stadfesta at Heimevernet (HV) skulle organiserast
innanfor ei ramme på totalt 45 000 mannskap, der 3 000 skulle verte
organiserte i Heimevernet si innsatsstyrke og 42 000 i områdestrukturen.
I Prop. 151 S (2015–2016) vert det føreslått å byggje ned Heimevernet
sin områdestruktur til 35 000 soldatar samt å leggje ned Sjøheimevernet
(SHV).
I Prop. 151 S (2015–2016)
skreiv regjeringa mellom anna følgjande om Heimevernet sin områdestruktur:
«Målsettingen om
en områdestruktur på 42 000 mannskaper er ikke oppnådd. Det er spesielt
utfordrende å fylle opp strukturen i Finnmark. For å tilpasse områdestrukturen
til den reelle situasjonen anbefaler regjeringen en reduksjon fra
dagens plantall på 42 000 mannskaper til 35 000 mannskaper innen
2020.»
Fredag 23. desember
2016 viste Klassekampen at situasjonen i Heimevernet ikkje er slik
Prop. 151 S (2015–2016) gir inntrykk av. Ifølgje Klassekampen oppgir
dei ulike heimevernsdistrikta at dei i dag har i overkant av 41 000
soldatar. For å nå det politiske målet om 35 000 soldatar, legg
difor Heimevernet opp til ein reduksjon i HV sin områdestruktur
på 6 000 mannskap. Ifølgje Klassekampen skjer det no ein prosess
der ein reduserer talet på HV-soldatar, utan at HV vil gje ut konkrete
tal som viser kva for område som får kutta sin HV-styrke.
Riksrevisjonen sin
rapport om den årlege revisjon og kontroll for budsjettåret 2015
konkluderer med at manglande objektsikkerheit gir risiko for at viktige
samfunnsfunksjonar vert sett ut av spel i kritiske situasjonar.
Riksrevisjonen slår mellom anna fast at den
«ser det som svært
alvorlig at Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet
ikke har sørget for å styrke og bedre samarbeidet mellom politiet
og Forsvaret om sikring og beskyttelse av utpekte eiendommer (objekter)
ved bruk av sikringsstyrker. Viktige tiltak som skal sikre godt
samarbeid og gode forberedelser, er ikke gjennomført. Det er derfor
risiko for at verken politiet eller Forsvaret, sammen eller hver
for seg, vil være i stand til å utøve tilstrekkelig beskyttelse
og sikring av viktige objekter ved en trusselsituasjon. De to departementene
har heller ikke sørget for at Politidirektoratet og Forsvaret har
etablert en permanent grunnsikring for egne skjermingsverdige objekter
i henhold til kravene i lov om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven)
og forskrift om objektsikkerhet.»
Heimevernet har i
dag eit landsdekkande ansvar med hovudoppgåver innanfor vakthold
og sikring av viktige militære og sivile objekt. HV skal vere tilgjengeleg
på kort varsel, med einingar med god lokalkunnskap. Heimevernet
har også ei avgjerande rolle i å støtte det sivile samfunn og den
generelle beredskapen i samfunnet. Heimevernet stiller raskt ein nasjonal
styrke på 44 000 soldatar i fred, krise og krig. Ein vesentleg del
av desse vil vere på plass i løpet av nokre få timar. Dette er mogleg
på grunn av at Heimevernet er til stades over heile landet.
I dag får Heimevernet
under 3 prosent av forsvarsbudsjettet, utgjer den største delen
av forsvaret sine militære styrkar og dekker i praksis heile det norske
landterritoriet. Ein reduksjon av Heimevernet vil difor gje små
økonomiske vinstar, medan konsekvensane for beredskapen kan bli
særs store.
I Prop. 151 S (2015–2016)
skreiv regjeringa at:
«det er viktig å
se den landmilitære evnen samlet, slik at Heimevernets fremtidige
rolle, struktur og kapasiteter vurderes i samanheng med den fremtidige
utviklingen av Hæren. Den videre utviklingen av Heimevernet vurderes
derfor som en del av den tidligere omtalte landmaktutredningen».
I innstilling 62 S (2016–2017) er det mellom anna
slått fast at
«et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre,
Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, mener at det i tråd
med proposisjonen skal legges opp til en videreføring av dagens
struktur med økte driftsmidler inntil landmaktstudien er ferdigbehandlet.»
Regjeringa skreiv i Prop. 151 S (2015–2016) at
«for å kunne prioritere
en satsing på andre og viktige kapasiteter anbefaler regjeringen
å avvikle Sjøheimevernet innen 2020».
Like fullt var det ei forståing mellom regjeringa og samarbeidspartia
at Sjøheimevernet sine kapasitetar skulle vidareførast i 2017. Dette
ble slått fast gjennom følgjande merknad i Innst. 62 S (2016–2017):
«Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre
som positivt at det er oppnådd politisk flertall i Stortinget for
å videreføre nåværende struktur i Heimevernet, inklusive HV-11/Setnesmoen
og Sjøheimevernet ut 2017. Videre er det oppnådd flertall for at
bevilgningene til drift i Heimevernet i 2017 er styrket i forhold
til regjeringens budsjettforslag».
Trass i dette er
det komen informasjon som tyder på at regjeringa allereie har satt
i gong nedbygging av Sjøheimevernet, og at prosessen er tenkt sluttført innan
1. januar 2018.
Forslagsstillarane
reiser på dette grunnlag forslag om at Stortinget ber regjeringa
stanse alle pågåande nedskjeringsprosessar i Heimevernet fram til
landmaktutgreiinga er handsama på Stortinget.