Arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) opnar
for utvida, tidsavgrensa innleige frå bemanningsføretak i verksemder
som er bundne av tariffavtale dersom arbeidsgjevar og tillitsvalde,
som til saman representerer eit fleirtal av den arbeidstakarkategori
innleiga gjeld, inngår skriftleg avtale. Denne lovføresegna utgjer
mesteparten av innleiga i verftsindustrien og byggjebransjen. Slike
avtalar blir jamleg inngått. Innleige utgjer ein viktig del av føretak
sin strategi for tilsetting og rekruttering, slik òg for konkurransen
mellom føretak.
Forslagsstillarane viser til Stortinget
si handsaming av Innst. 210 L (2015–2016), jf. Dokument 8:32 L (2015–2016),
sett fram av representantane Per Olaf Lundteigen, Kjersti Toppe
og Trygve Slagsvold Vedum. Lovframlegget om å oppheva arbeidsmiljøloven
§ 14-12 (2) ville ta bort lovgrunnlaget for mykje av dagens innleige.
Ved voteringa fekk lovframlegget frå representantane frå Senterpartiet
støtte frå representantane for Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.
Lovframlegget om å oppheva arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) vart dermed
ikkje vedteke.
Omfattande og regelmessig bruk av det
utvida høvet til innleige gjennom arbeidsmiljøloven § 14-12 (2)
medverkar etter forslagsstillarane si meining negativt for etterlevinga
av norske løns- og arbeidsvilkår. Ei unntaksføresegn i lova skal
ikkje vera normalen for korleis føretak organiserer seg.
Forslagsstillarane viser til at Fellesforbundet
på landsmøtet sitt i oktober 2015 vedtok uttalen «Et seriøst og
godt arbeidsliv». Fellesforbundet organiserer arbeidstakarar som
kvar dag kjenner på kroppen kva den omfattande bruken av innleige,
som undergrev hovudregelen om faste tilsettingar i norsk arbeidsliv, fører
til for løns- og arbeidsvilkår. Denne omfattande innleigebruken
i norsk arbeidsliv er gjort mogleg gjennom både lovverk og eit stort
tilbod av arbeids-takarar.
Mange av dei innleigde er utanlandske
arbeidstakarar som gjennom Noreg sin tilslutnad til Det europeiske
økonomiske samarbeidsområdet (EØS) har høve til å arbeida i Noreg
på lik line med norske borgarar. Omfanget av innleige utfordrar
den norske arbeidslivsmodellen og fremjar konkurranse på løns-vilkår
– og ikkje på produktivitet. I uttalen vedteken av Fellesforbundet
sitt landsmøte, vert det peika på at omfanget av innleige og forvalting
av nye lov- og tarifføresegner om løns- og arbeidsvilkåra for innleigde
har sett nye og høge krav til tillitsvalde i føretak som brukar
innleigde. Det går vidare fram av uttalen at Fellesforbundet meiner
avtalar om innleige må avgrensast ved at arbeidsmiljøloven § 14-12
(2) blir endra slik at avtalar om tidsavgrensa innleige berre kan inngåast
der dette er heimla i ein landsomfattande overeinskomst.
Forslagsstillarane viser vidare til
at det frå fagrørsla si side er eit ønskje å presisera «tariffavtale»
og «tillitsvalgt» i arbeidsmiljøloven § 14-12 (2). Fellesforbundet
vedtok på landsmøtet i oktober 2015 ein uttale om nemnde omgrep.
Oppsummeringa av uttalen lyder:
«Landsmøtet mener at begrepene tariffavtale
og tillitsvalgt etter arbeidsmiljøloven må strammes opp slik at
tariffavtale forstås som en landsomfattende tariffavtale, og tilitsvalgt
forstås som en som er valgt av medlemmene på grunnlag av en landsomfattende tariffavtale.»
Forslagsstillarane tek på alvor det
fagrørsla her representert ved Fellesforbundet meiner. Forslagsstillarane
støttar difor Fellesforbundet sitt landsmøte i deira krav om endringar
i arbeidsmiljølova § 14-12 (2). Frå lovgjevar si side er det viktig
med ein ordlyd som gjev minst mogleg opning for ulike tolkingar. Forslagsstillarane
meiner vidare at endringane i § 14-12 (2), som Fellesforbundet tek
til orde for, vil redusera omfanget av innleige utover den generelle
opninga i arbeidsmiljølova § 14-12 (1). Innleige etter § 14-12 (1)
er tillate i same omfang som det kan avtalast mellombels tilsetting
etter § 14-9 fyrste ledd bokstav a til e.
Forslagsstillarane meiner det i ei
tid med svært stort tilbod av utanlandsk arbeidskraft i den norske arbeidsmarknaden
er særskilt viktig å sikra verneføresegner i arbeidsmiljøloven for
å unngå ytterlegare undergraving av det organiserte arbeidslivet.
Det er særs vanskeleg å talfesta omfanget av utanlandsk arbeidskraft
i den norske arbeidsmarknaden, men dette kan likevel illustrerast
med nokre tal. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det til dømes
meir enn 77 400 lønstakarar i aldersgruppa 15–74 år på kortidsopphald
i Noreg i fjerde kvartal 2016. Av desse var 34 885 frå EU-land i
Aust-Europa. Vidare har det vore særs stor innvandring til Noreg
etter utvidinga av Den europeiske union (EU) austover i 2004. Mange
av desse har kome hit for å tilby arbeidskrafta si i den norske
arbeidsmarknaden. I dag bur det til dømes meir enn 170 000 fleire
borgarar frå EU-land i Aust-Europa samanlikna med 2004.