Representantforslag om endring av arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) fyrste punktum om tidsavgrensa innleige av arbeidsfolk

Dette dokument

  • Representantforslag 16 L (2016–2017)
  • Dato: 15.11.2016
  • Fra: Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) opnar for utvida, tidsavgrensa innleige frå bemanningsføretak i verksemder som er bundne av tariffavtale dersom arbeidsgjevar og tillitsvalde, som til saman representerer eit fleirtal av den arbeidstakarkategori innleiga gjeld, inngår skriftleg avtale. Denne lovføresegna utgjer mesteparten av innleiga i verftsindustrien og byggjebransjen. Slike avtalar blir jamleg inngått. Innleige utgjer ein viktig del av føretak sin strategi for tilsetting og rekruttering, slik òg for konkurransen mellom føretak.

Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av Innst. 210 L (2015–2016), jf. Dokument 8:32 L (2015–2016), sett fram av representantane Per Olaf Lundteigen, Kjersti Toppe og Trygve Slagsvold Vedum. Lovframlegget om å oppheva arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) ville ta bort lovgrunnlaget for mykje av dagens innleige. Ved voteringa fekk lovframlegget frå representantane frå Senterpartiet støtte frå representantane for Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Lovframlegget om å oppheva arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) vart dermed ikkje vedteke.

Omfattande og regelmessig bruk av det utvida høvet til innleige gjennom arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) medverkar etter forslagsstillarane si meining negativt for etterlevinga av norske løns- og arbeidsvilkår. Ei unntaksføresegn i lova skal ikkje vera normalen for korleis føretak organiserer seg.

Forslagsstillarane viser til at Fellesforbundet på landsmøtet sitt i oktober 2015 vedtok uttalen «Et seriøst og godt arbeidsliv». Fellesforbundet organiserer arbeidstakarar som kvar dag kjenner på kroppen kva den omfattande bruken av innleige, som undergrev hovudregelen om faste tilsettingar i norsk arbeidsliv, fører til for løns- og arbeidsvilkår. Denne omfattande innleigebruken i norsk arbeidsliv er gjort mogleg gjennom både lovverk og eit stort tilbod av arbeids-takarar.

Mange av dei innleigde er utanlandske arbeidstakarar som gjennom Noreg sin tilslutnad til Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) har høve til å arbeida i Noreg på lik line med norske borgarar. Omfanget av innleige utfordrar den norske arbeidslivsmodellen og fremjar konkurranse på løns-vilkår – og ikkje på produktivitet. I uttalen vedteken av Fellesforbundet sitt landsmøte, vert det peika på at omfanget av innleige og forvalting av nye lov- og tarifføresegner om løns- og arbeidsvilkåra for innleigde har sett nye og høge krav til tillitsvalde i føretak som brukar innleigde. Det går vidare fram av uttalen at Fellesforbundet meiner avtalar om innleige må avgrensast ved at arbeidsmiljøloven § 14-12 (2) blir endra slik at avtalar om tidsavgrensa innleige berre kan inngåast der dette er heimla i ein landsomfattande overeinskomst.

Forslagsstillarane viser vidare til at det frå fagrørsla si side er eit ønskje å presisera «tariffavtale» og «tillitsvalgt» i arbeidsmiljøloven § 14-12 (2). Fellesforbundet vedtok på landsmøtet i oktober 2015 ein uttale om nemnde omgrep. Oppsummeringa av uttalen lyder:

«Landsmøtet mener at begrepene tariffavtale og tillitsvalgt etter arbeidsmiljøloven må strammes opp slik at tariffavtale forstås som en landsomfattende tariffavtale, og tilitsvalgt forstås som en som er valgt av medlemmene på grunnlag av en landsomfattende tariffavtale.»

Forslagsstillarane tek på alvor det fagrørsla her representert ved Fellesforbundet meiner. Forslagsstillarane støttar difor Fellesforbundet sitt landsmøte i deira krav om endringar i arbeidsmiljølova § 14-12 (2). Frå lovgjevar si side er det viktig med ein ordlyd som gjev minst mogleg opning for ulike tolkingar. Forslagsstillarane meiner vidare at endringane i § 14-12 (2), som Fellesforbundet tek til orde for, vil redusera omfanget av innleige utover den generelle opninga i arbeidsmiljølova § 14-12 (1). Innleige etter § 14-12 (1) er tillate i same omfang som det kan avtalast mellombels tilsetting etter § 14-9 fyrste ledd bokstav a til e.

Forslagsstillarane meiner det i ei tid med svært stort tilbod av utanlandsk arbeidskraft i den norske arbeidsmarknaden er særskilt viktig å sikra verneføresegner i arbeidsmiljøloven for å unngå ytterlegare undergraving av det organiserte arbeidslivet. Det er særs vanskeleg å talfesta omfanget av utanlandsk arbeidskraft i den norske arbeidsmarknaden, men dette kan likevel illustrerast med nokre tal. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det til dømes meir enn 77 400 lønstakarar i aldersgruppa 15–74 år på kortidsopphald i Noreg i fjerde kvartal 2016. Av desse var 34 885 frå EU-land i Aust-Europa. Vidare har det vore særs stor innvandring til Noreg etter utvidinga av Den europeiske union (EU) austover i 2004. Mange av desse har kome hit for å tilby arbeidskrafta si i den norske arbeidsmarknaden. I dag bur det til dømes meir enn 170 000 fleire borgarar frå EU-land i Aust-Europa samanlikna med 2004.

Forslag

Forslagsstillarane fremjar på denne bakgrunn følgjande

forslag:
Vedtak til lov

om endring i arbeidsmiljøloven (tidsavgrensa innleige av arbeidsfolk)

I

I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) vert det gjort følgjande endring:

§ 14-12 (2) fyrste punktum skal lyda:

Alternativ 1:

(2) I virksomhet som er bundet av en landsomfattende tariffavtale kan arbeidsgiver og tillitsvalgte valgt av medlemmene på grunnlag av en landsomfattende tariffavtale og som til sammen representerer et flertall av den arbeidstakerkategori innleien gjelder, inngå skriftlig avtale om tidsbegrenset innleie uten hinder av det som er bestemt i første ledd.

Alternativ 2:

(2) I virksomhet som er bundet av en landsomfattende tariffavtale kan arbeidsgiver og tillitsvalgte som til sammen representerer et flertall av den arbeidstakerkategori innleien gjelder, inngå skriftlig avtale om tidsbegrenset innleie uten hinder av det som er bestemt i første ledd når slik innleie er hjemlet i en landsomfattende tariffavtale.

II

Lovendringa tek til å gjelde frå 1. januar 2017.

15. november 2016

Per Olaf Lundteigen

Kjersti Toppe