Representantforslag frå stortingsrepresentantane Rigmor Aasrud, Kjersti Toppe og Audun Lysbakken om å sikra Skeivt arkiv i Bergen midlar til permanent drift
Innhold
Skeivt arkiv vart etablert som prosjekt ved Universitetsbiblioteket i Bergen i 2014. Prosjektet har tatt fatt på eit lenge neglisjert område av kulturhistoria, historier knytt til lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LHBT) sine livserfaringar. Som ein del av Avdeling for spesialsamlingar ved Universitetsbiblioteket i Bergen (UiB), ei avdeling med spisskompetanse på oppbevaring, konservering og formidling av arkivmateriale, har arkivet ei solid forankring i ein organisasjon med infrastruktur, utstyr, depot og ekspertise til å ta hand om kulturhistorisk arkivmateriale. Skeivt arkiv og UiB har òg sterk historiefagleg kompetanse på dette feltet.
Skeivt arkiv har samla inn ei rekke verdifulle arkiv som hittil har vore i privat eige. Skeivt arkiv sine samlingar inneheld ei rekke arkiv frå personar og organisasjonar og dessutan bøker og tidsskrift. Formålet er å ta vare på arkiv- og bibliotekmateriale (organisasjonsmateriale, biografisk materiale, aksjonar, fotografi, bøker, tidsskrift) i tillegg til å samla inn munnlege livsminne (videointervju). Dette vert formidla på ei nettside der delar av arkivmaterialet vert tilgjengeleg digitalt. Målet er at nettsida skal vera hovudportalen for alle som ynskjer informasjon om norsk skeiv historie.
Skeivt arkiv har vore finansiert med intern støtte frå UiB og Universitetsbiblioteket og dessutan eksterne midlar frå Norsk kulturråd og Nasjonalbiblioteket. Med desse midlane vart prosjektmedarbeidarar tilsett sommaren og hausten 2014. Dette markerte starten på ein treårig prosjektperiode. Forslagsstillarane ynskjer som Skeivt arkiv at denne prosjektperioden skal munne ut i ei løysing for permanent drift av arkivet.
Noreg har ikkje eit permanent nasjonalt senter for LHBT-historie. Skeivt arkiv kan fylla denne rolla dersom overgangen frå prosjektfinansiering til fast statleg tilskot vert realisert. Forslagsstillarane meiner Skeivt arkiv må sikrast gjennom fast driftsstøtte over statsbudsjettet. Skeivt arkiv har behov for eit budsjett på vel fem mill. kroner i 2015 for å tryggja god og permanent drift, og dessutan vidareutvikling av arkivet. Sidan infrastrukturen allereie er på plass, er behovet stillingsressursar og midlar til reising blant anna i samband med innsamling, og dessutan utstyr og midlar til innkjøp av bibliotekressursar m.m.
Forslagsstillarane viser til at LHBT var prioritert i Handlingsplan for kvinners rettigheter og likestilling i utviklingssamarbeidet (2007–2009). Noreg har aktivt støtta opp om Yogyakarta-prinsippa som tar for seg ei rekke menneskerettar og måten dei bør gjennomførast på overfor LHBT. Utanriksdepartementet og dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre understreka at LHBT-aktivister som arbeider mot diskriminering og for sine rettar også er menneskerettsaktivistar. Utanriksdepartementet ga følgjande rettleiing til utanrikspersonell i LHBT-spørsmål:
«LHBT er et sensitivt spørsmål i mange land, og utenriksstasjonenes arbeid må vurderes i forhold til lokal kontekst og hva som gir best resultat for målgruppen. Det bør tas høyde for at dette er et langsiktig rettighetsarbeid. Det kan være nyttig å ta et historisk blikk på Norges eget likestillingsarbeid hvor både kvinner og homofile har brukt utradisjonelle fremgangsmåter for å bli hørt. På 35 år har norske homofile jobbet fra et lovforbud mot homoseksualitet til ny ekteskapslov som likestiller heterofile og homofile par. Der seksuelle minoriteters rettigheter er kontroversielle bør Norge påta seg et særskilt ansvar. Vi er et foregangsland i arbeidet for kvinner og barns rettigheter, og vi har samme ambisjon i LHBT-spørsmål.»
Europarådet sin ministerkomité vedtok 31. mars 2010 samrøystes ei tilråding til medlemsstatane om tiltak mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Dette er det aller fyrste internasjonale instrumentet om lesbiske, homofile, bifile og transpersonars rettar. Tilrådinga omfattar tiltak for å sikre retten til personleg tryggleik, forsamlings- og organisasjonsfridom, retten til respekt for privat- og familieliv, fridom frå diskriminering i skolen, arbeidslivet, helse- og bustadsektoren og på sportsarenaene, og dessutan rett til å få asyl på grunnlag av forfølging på grunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet.
Forslagsstillarane ynskjer at Noreg skal ta vare på det viktige kulturhistoriske materialet som Skeivt arkiv prisverdig har sett i gang innsamling og faglig solid styring av. Forslagsstillarane meiner Noreg har eit særskilt ansvar for å fremja LHBT-personar sine rettar fordi landet har ei historie, eit verdisett og eit lovverk som gjer dette mogleg og ynskjeleg. Difor kan Skeivt arkiv også verta eit viktig norsk tilskot i det internasjonale arbeidet for LHBT-personar sine rettar. Samstundes vil Skeivt arkiv kunne medverka til auka bevisstgjering i Noreg om LHBT-historie og haldningsendring der fordommar framleis er verksame. Skeivt arkiv kan gje viktig medvit kring kor viktig det er å slå ring om det den norske LHBT-rørsla har oppnådd og vidareutvikling av dette.
Uavhengig av alle desse argumenta inngår Skeivt arkiv i ein nasjonal dokumentasjon av landets felles historie. Utan ei fagleg forsvarleg styring av LHBT-historia vil det historiefaglege arbeidet ha openberre hol og difor verta svekt. Forslagsstillarane ynskjer å styrkja det historiefaglege arbeidet som Skeivt arkiv bidreg til.
Forslagsstillarane viser òg til følgjande merknad i Innst. 243 S (2012–2013), jf. Meld. St. 7 (2012–2013):
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til initiativet fra Universitetet i Bergen om å opprette et skeivt arkiv. Flertallet ber regjeringen vurdere om det bør gis særskilt statlig støtte til et slikt arkiv.»
På denne bakgrunnen fremjar forslagsstillarane følgjande
forslag:
Stortinget bed regjeringa fremje forslag om å sikra Skeivt arkiv ved Universitetet i Bergen permanent drift gjennom fast statleg tilskot over statsbudsjettet.