Til Stortinget
Det er ingen gode grunnar til at atomvåpen skal vere lovlege.
Medan verdssamfunnet har forbode kjemiske og biologiske våpen, er
den tredje typen masseøydeleggingsvåpen, atomvåpen, framleis ikkje forbode.
Det skjer på tross av at atomvåpen er mest øydeleggjande av dei
alle. Atomvåpen vil i bruk føre til massiv, irreversibel menneskeleg
og miljømessig skade. Dei fleste av dagens atomvåpen har mange gonger
meir sprengkraft enn dei som vart slept over Japan i 1945. Berre
eitt av verdas minst 16 000 atomvåpen kan drepe millionar av menneske
i løpet av få sekund, i verste fall. Dei katastrofale effektane
av atomvåpen vil gjere det umogeleg for redningsarbeidarar og internasjonale
organisasjonar å gje humanitær hjelp. Dette gjer atomvåpen til den
største humanitære oppgåva i vår tid.
Det internasjonale regelverket for atomvåpen er svakt i dag.
Atomvåpen er regulert gjennom ikkjespreiingsavtalen av 1970, også
kalla NPT (Nuclear Non-Proliferation Treaty). Han forbyr land som ikkje
har atomvåpen å skaffe seg det, og forpliktar statar som hadde atomvåpen,
til å ruste ned og forhandle seg fram til full nedrusting.
Det permanente forhandlingsorganet for multilaterale nedrustingsavtalar,
Nedrustningskonferansen («The Conference of Disarmament» (CD)),
er konsensusorientert og kan ikkje vise til framgang sidan 1996.
Det er likeins lite som tydar på at ein vil sjå framgang i åra som
kjem. Atommaktene har redusert våpenarsenala sine, men trass denne
internasjonale avtalen har i dag ni land til saman minst 16 000
atomvåpen. USA og Russland har om lag 2 000 av sine våpen i høg
beredskap, noko som vil seie at dei kan skytast ut i løpet av få
minutt. Det føregår i dag ei stor kjernevåpenmodernisering på begge
sider av Atlanterhavet. USA har vedtatt å bruke 84 milliardar dollar på
å fornye landet sitt atomvåpenprogram. I Russland er det vedtatt
opprusting av atomarsenalet for hundrevis av milliardar dollar.
Moderniseringa, og den manglande vilja til å ruste ned, fører no
til auka fare for spreiing av atomvåpen til fleire statar. Samstundes
med dette veks det fram ikkje-statlege aktørar med stor vilje til
å bruke makt, og med ein meir realistisk sjanse til å skaffe seg
atomvåpen enn for nokre tiår sidan. Sjansen for at atomvåpen skal
bli brukt er slik forslagsstillarane ser det større i dag enn under den
kalde krigen. Verdssamfunnet har ikkje ein trygg atompolitikk i
dag.
Gjennom fleire år har Noreg arbeidd for å påverke denne fastlåste
situasjonen, ved å framheve at atomvåpen har uakseptable, humanitære
konsekvensar. På eit møte i NPTs forberedande komité i 2012 tok
Noreg saman med andre land til orde for at «alle stater må intensivere
sin innsats for å forby atomvåpen og oppnå en verden fri for atomvåpen.»http://www.reachingcriticalwill.org/images/documents/
Disarmament-fora/npt/prepcom12/statements/2May_IHL.pdf Det
humanitære initiativet vart så starta med ein konferanse i Oslo i
mars 2013. Med dette initiativet har Noreg, saman med andre statar,
skapt meir dynamikk og optimisme i internasjonalt kjernefysisk nedrustingsarbeid. Merksemda
er endra frå atomvåpen som avskrekkingsmekanismar, til atomvåpen
som inhumane masseøydeleggingsvåpen.
Som eit ledd i det humanitære initiativet samla representantar
frå verdas statar seg i desember 2014 i Wien til den tredje konferansen
om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen. Austerrike la ved
slutten av møtet fram ei erklæring om at dei lovar å arbeide for
å «stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen», og har invitert alle
statar til å slutte seg til («associate with») dette løftet. Det
austerrikske løftet, også kalla «The Austrian Pledge» er eit verkemiddel for
å bringe vidare den dynamikken som så langt er skapt innan det humanitære
initiativet. Ved å slutte seg til løftet vil andre land vere med
på å understreke dei humanitære argumenta mot atomvåpen, og vise
at det er store internasjonale forventningar til at det no må handlast.
Det politiske grunnlaget for eit forbod mot kjernevåpen er i aller
høgste grad til stades no. Det er viktig at Noreg, Mexico og Austerrike
– som så langt har tatt ansvar og vore leiarar i det humanitære
initiativet – står saman før NPTs tilsynskonferanse våren 2015.
Slik forslagsstillarane ser det, trengst det ei ny, internasjonal
semje om kvar dette arbeidet skal ende: i eit forbod mot atomvåpen.
Noreg kan vere ein leiar i dette arbeidet. Landet har tidlegare
hatt rolla som internasjonal pådrivar i freds- og nedrustingsspørsmål, og
vore leiande i prosessane med internasjonale forbod mot antipersonellminer
og klasevåpen. Enkelte hevdar at NATO-medlemskapet vårt gjer det
umogeleg. Men det finst ingen juridiske hindringar for at NATO-land
kan gå i bresjen for, eller støtte, eit forbod mot atomvåpen.
Noreg bør arbeide saman med dei mange landa som no går inn for
ein internasjonal avtale som forbyr atomvåpen. Arbeidet kan følgje
same struktur som låg til grunn då klasevåpen vart forbode, med
ei kjernegruppe av land som fører det framover. Eit slikt initiativ
vil ikkje undergrave NPT, men byggja på han og styrkje han.
På denne bakgrunn vert det sett fram følgjande
forslag:
1. Stortinget ber regjeringa arbeide
for ein internasjonal bindande avtale som forbyr atomvåpen.
2. Stortinget ber regjeringa fremme ei erklæring, eller
eit løfte, tilsvarande det løftet Austerrike gav etter den internasjonale
konferansen i Wien i desember 2014 om å arbeide for å stigmatisere,
forby og avskaffe atomvåpen, også kalla «The Austrian Pledge».
3. Stortinget ber regjeringa ta initiativ til og delta i ei
kjernegruppe av land som kan arbeide for eit internasjonalt forbod
mot atomvåpen.
12. mars 2015