Forslag
På denne bakgrunn fremmes følgende
forslag:
Vedtak til lov
om endringer i lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova).
I.
I lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjøres følgende endringer:
§ 34 skal lyde :
Foreldre har sams foreldreansvar for sams barn. Dersom sterke grunnar talar for det, kan det treffast avgjerd om at berre ein av foreldra skal ha foreldreansvaret. Saken skal handsamast for retten dersom partane ikkje er samde om å bringe saka inn for fylkesmannen.
Ny § 34 a skal lyde:
Foreldra skal ha sams omsorg i tida fram til avtale eller avgjerd om omsorgen er treft. I dette ligg det at borna skal bu annakvar veke hos kvar av foreldra dersom foreldra ikkje vert samde om noko anna.
Til barnet er eitt år har foreldra sams omsorg. Mora skal likevel bu med barnet det første leveåret dersom ikkje anna vert avtala. Faren har rett til å vere saman med barnet i rimeleg mon. Dersom moren motarbeider samveret med far, skal sams omsorg etter 3. ledd gjennomførast straks.
Etter at barnet er blitt eitt år, har foreldra sams omsorg. Barnet bur då like lenge hos kvar av foreldra. Dersom ikkje anna er avtalt, bur barnet annakvar veke hos kvar av foreldra. Dersom der er problem med gjennomføringa av dette, kan kvar av partane krevje fastsatt ei anna praktisk gjennomføring. Avgjerda vert treft av retten, men av fylkesmannen dersom begge er samde om det. Foreldra delar kostnadene til transport av barna mellom heimane.
Dersom ein av foreldra hindrar at sams omsorg kan gjennomførast, kan den andre av foreldra ved dom få omsorgen for barnet aleine for ein periode på inntil 6 månader.
§ 35 oppheves.
§ 38 første ledd skal lyde:
I rettssak om omsorgsretten kan retten fastsetje i ordskrud kven av foreldra som skal ha omsorgen for barn til rettskraftig avgjerd ligg føre dersom det er skjellig grunn til mistanke om at barnet eller forelderen blir mishandla .
§ 43 skal lyde:
Begge foreldra må samtykkje dersom barnet skal flytte til utlandet med den eine av foreldra. Dersom den andre foreldra ikkje samtykkjer, må saka avgjerast av retten. Retten kan berre gi samtykke dersom omsynet til barnet talar sterkt for det.
§ 43 b skal lyde:
Dersom den eine av partane i ei sak etter barneloven har rett til fri sakførsel, har den andre parten også slik rett utan omsyn til kva bruttoinntekt vedkommande har. Dette gjeld likevel ikkje dersom bruttoinntekta til den med den høgaste inntekta er meir enn tre gonger høgare enn maksimumsbeløpet for fri rettshjelp som fylgjer av rettshjelpslova § 18 nr. 1.
Kapittel 6 Samværsrett m.m. oppheves.
II.
Loven trer i kraft straks.