Stortinget - Møte torsdag den 7. november 2024 *

Dato: 07.11.2024
President: Ingrid Fiskaa

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Formalia

President: Ingrid Fiskaa

Presidenten []: Representanten Tellef Inge Mørland, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Presidenten vil opplysa om at finanskomiteen har sendt brev til presidentskapet med ønske om utsetting av fristane for budsjetthandsaminga, slik dei er nemnde i forretningsordenen § 43.

Presidenten vil difor i medhald av forretningsordenen § 79 gjera framlegg om at Stortinget gjer unntak frå føresegna i § 43 tredje ledd om at finanskomiteen seinast 20. november skal leggja fram innstilling om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet. Komiteen vil då i staden leggja fram finansinnstillinga 29. november, og finansdebatten blir halden 5. desember.

Som følgje av dette vil det ikkje vera mogleg for Stortinget å handsama budsjettinnstillingane frå fagkomiteane innan fristen 15. desember. Presidenten vil difor også gjera framlegg om at Stortinget gjer unntak frå føresegna i forretningsordenen § 43 sjette ledd om at budsjettinnstillingane frå fagkomiteane skal vera ferdig handsama seinast 15. desember. – Ber nokon om ordet?

Presidenten har altså gjort framlegg om at Stortinget gjer unntak frå forretningsordenen § 43 tredje og sjette ledd. Om ingen har innvendingar, ser presidenten det som vedteke.

Ny tidsplan for framlegging og handsaming av budsjettinnstillingane vil om kort tid bli kunngjort.

Før sakene på møtekartet blir tekne opp til handsaming, vil presidenten be om Stortingets samtykke til at voteringa i dag kl. 14 går ut. Er det nokon som har innvendingar mot presidentens framlegg? – Så er ikkje sett, og presidenten ser det som vedteke.