Stortinget - Møte torsdag den 27. oktober 2022

Dato: 27.10.2022
President: Masud Gharahkhani

Søk

Innhold

Sak nr. 2 [11:43:55]

Interpellasjon fra representanten Alfred Jens Bjørlo til kunnskapsministeren: «Stigande matvareprisar, global matmangel, omsyn til folkehelsa og omsyn til klima og berekraft gjer det nødvendig å auke kunnskapen om og interessa for å dyrke sin eigen mat. Eit godt tiltak for å spreie kunnskap om å dyrke mat er etablering av skulehagar. I dag er det få kommunar som satsar systematisk på skulehagar, og det er ingen nasjonale stimuli til etablering av skulehagar. Kva kan gjerast for å få fleire skulehagar over heile landet som del av ei omlegging av framtidas matsystem til meir lokal produksjon og meir frukt og grønt?»

Talere

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Saka eg tek opp i dag, kan ved første augekast verke som ei pølse i slaktetida, for ikkje å seie ein tomat i grønsakshagen, i ei tid med krig, energikrise, klimakrise og pressa økonomi for folk flest. Men det er nettopp i tider som dette at vi òg må tenkje dei lange tankane, gjere små grep no som kan bety mykje for samfunnet i framtida.

Er det éin ting det siste året har lært oss, er det at vi ikkje kan ta mattryggleik og sjølvforsyning for gjeve. Mat er ikkje noko som berre kjem, mat kjem frå ein stad, og det tek tid, energi og kunnskap å produsere. Korleis vi skrur saman matsystema våre, har også store følgjer for andre delar av samfunnet. Matproduksjon er ikkje berre eit spørsmål for dei få, det er ei sak som vedkjem alle, og matsystemet av i dag er rett og slett ikkje berekraftig på lang sikt – ikkje for klimaet, ikkje for naturen og ikkje for folkehelsa.

Skal vi få berekraftige matsystem, eit sunnare kosthald og sjølvforsyning av rein, trygg og sunn mat i framtida, må alle som veks opp i dag, få kunnskap om korleis mat blir til og bli vande med å dyrke fram mat sjølve. Ein gong i tida var det sjølvsagt. Slik er det ikkje lenger, verken i by eller bygd.

Heldigvis startar vi ikkje frå null:

For det første er mat og helse allereie ein del av læreplanen for grunnskulen. Det å delta i hausting av lokale matvarer og i dyrking av mat for bruk i matlaging, og å utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid, ligg inne som kompetansemål i læreplanen.

For det andre: Skulehage, det å dyrke eigen mat som del av skulekvardagen, har lange tradisjonar. I 1909 gav Oslo kommune løyve til at området Geitmyra kunne nyttast til skulehage for skulane Møllergata, Foss, Bolteløkka, Lilleborg, Sagene og Grünerløkka. Geitmyra har vore i kontinuerleg drift som skulehage og parsellhage heilt sidan då, og fleire skulehagar i Oslo har kome til. Tusenvis av barn og unge i Oslo har i løpet av desse drygt hundre åra fått med seg kunnskap, opplevingar og matglede som dei har med seg livet ut. Ikkje minst har Oslos skulehagesatsing fått ei ny og endå større betyding i takt med at Oslo har blitt ein meir fleirkulturell by. Ein finn knapt ein arena som er betre for integrering, samhald og felles opplevingar på tvers av kulturar enn skulehagen.

Geitmyra skulehage har òg fått ei knoppskyting i form av Geitmyra matkultursenter for barn, som no har fått avleggjarar også andre stader i landet, og som har ein visjon om å nå barn i heile landet med kunnskap om mat og matglede.

Også andre stader i landet veks – bokstaveleg talt – skulehagar no fram etter fleire tiår med tilbakegang: i Skien, i Horten, i Stavanger, i Bodø, på min heimstad Nordfjordeid og andre stader. Ikkje minst skal organisasjonen Økologisk Norge ha stor honnør for den satsinga dei driv for å få opp satsinga på skulehagar, med eit nasjonalt nettverk og meir systematisk satsing på å finansiere og få på plass fleire skulehagar på Austlandet, i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB.

Men å byggje opp og ikkje minst drive skulehagar kjem ikkje av seg sjølv. Vi treng eldsjelene – ja – men vi treng òg systematikk, langsiktigheit, kunnskap og ei forankring nasjonalt. Der er vi ikkje i mål i dag. Det einaste utdanningstilbodet – iallfall så langt eg kjenner til – for skular og lærarar i å byggje opp og drive skulehage blir køyrt av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Det er eit kurs på 15 studiepoeng med base her i Oslo som er fullteikna og med lange ventelister kvart år.

Det er ein interessant observasjon at vi i dag finn dei fleste skulehagane i Oslo og det sentrale austlandsområdet, der det er sett i system takk vere bl.a. Økologisk Norge. Utover i landet elles er det i hovudsak spreidde lokale initiativ, dradd i gang av eldsjeler. Det er bra, men vi har potensial til mykje, mykje meir, og det hastar, for barn flest i Noreg bur ikkje lenger på ein gard og har det å dyrke jord i fingrane, med kunnskap som blir overførd frå generasjon til generasjon, heller ikkje på bygda.

Eg meiner no at med det nye fokuset vi har fått i samfunnet på betydinga av berekraft, trygg mat og nasjonal beredskap, er tida for å rulle ut skulehagar i større tempo og med meir systematikk komen. Korleis kan vi bidra til å styrkje kompetanse og kunnskap om å etablere og drive skulehagar over heile landet, når vi veit kor stor interessa er? Korleis kan vi få dei tydelege måla frå læreplanen, om at alle norske barn skal lære om dyrking av mat, til å henge betre saman med andre nasjonalt prioriterte politikkområde, som landbruk, klima og helse? Korleis kan vi sikre meir stabil finansiering for skular og kommunar som vil satse på skulehagar, f.eks. gjennom systematisk samarbeid mellom det offentlege og private aktørar?

Eg ser fram til å høyre kva tankar statsråden har om dette, og til å vere med og dyrke fram skulehagar som ein naturleg del av skulekvardagen for barn over heile landet.

Statsråd Tonje Brenna []: La meg begynne med å takke representanten Bjørlo for både å stille et viktig spørsmål og å reise en viktig debatt. Det er sikkert flere enn meg i denne salen som har prøvd å dyrke noe. Noen av dere har kanskje fått gleden av å høste det dere hadde dyrket etterpå, f.eks. tomater, jordbær eller gulrøtter. Andre har det kanskje mer som undertegnede, der gulrøttene på magisk vis blir til tannpirkere og druene framstår som rosiner helt av seg selv.

Det å la barn og unge få lov til å kultivere jorda, dyrke, høste og bruke avlinger på ulike måter er helt i tråd med målene vi har for barnehager, skoler og SFO. Det kan være en god metodisk inngang til å lære om bl.a. matproduksjon, matsvinn og bærekraftig utvikling. Naturfagsenteret har også egne ressurser som kan brukes av skoler og barnehager som vil jobbe med nettopp denne tematikken.

Skolehager kan også være en god arena for samarbeid, lek, matglede og fysisk aktivitet. Barnehagene, skolene og SFO velger selv om de ønsker å ha f.eks. skolehage, små bed, kjøkkenhager, plantekasser eller annet uteareal hvor de kan dyrke jorda på ulike måter.

Vi vet at skolehager og annen dyrkingsaktivitet organiseres og finansieres ulikt, og det finnes både private og offentlige aktører som bidrar. Noen kommuner har satset mer på det ene enn det andre. Andre kommuner jobber på en helt annen måte. Jeg tror også dette mange steder bidrar til godt og nært samarbeid med det lokale næringslivet. Jeg har stor tro på at barnehager, skoler og skolefritidsordninger finner gode løsninger lokalt som bidrar til at barn og elever får oppleve i praksis hva det vil si at noe er «fra jord til bord».

Rammeplanen for barnehager, rammeplanen for SFO og læreplanverket for skolen legger til rette for å bruke skolehager dersom de ønsker det. I rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver står det f.eks. at barnehagen har en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger og praksis for et mer bærekraftig samfunn. Bærekraftig utvikling er også en viktig del av skolen og ett av flere tverrfaglige temaer. I naturfag skal elevene lære å delta i høsting og bruk av naturressurser og drøfte hvordan naturressurser kan brukes på en bærekraftig måte. I faget Mat og helse skal de lære å utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere leddene i produksjonskjeden fra råvare til måltid.

Skolehager og andre dyrkingsaktiviteter kan også være en aktivitet som legger til rette for lek og læring i SFO. Skolehager og andre opplegg kan støtte opp under SFOs arbeid med temaer i rammeplanen, som bærekraftig utvikling, mat og måltidsglede.

Jeg har lyst til å avslutte med å understreke hvor viktig det er at vi har en skole som både motiverer og engasjerer. Vi vet at motivasjonen har gått ned de siste årene, og at det er flere elever i dag som kjeder seg, enn det var tidligere. Det bekymrer meg. Det er viktig for vår regjering at skolen er et sted der læring skjer i ulike former, og at skolen er praktisk og utforskende. Variasjon og ulike praktiske læringsformer er med på å bidra til at flere elever kan kjenne på mestring, læring og trivsel. Derfor har vi satt i gang et arbeid med en egen stortingsmelding om 5.–10. trinn, som bl.a. skal se på hvordan opplæringen kan bli mer praktisk og variert. Stortingsmeldingen skal legges fram for Stortinget tentativt våren 2024.

Jeg er opptatt av at alle barn og unge skal bli sett, får kjenne på tilhørighet, og at de får lære på forskjellige måter, med både hodet og hender. Det er fordi alle elever kan noe, alle barn kan noe, og alle barn kan lære noe. Skolen skal legge til rette for at hver enkelt elevs potensial skal kunne slå ut i full blomst, enten det er i en skolehage, et skolebed eller et annet sted.

Vi har ingen å miste på veien, og derfor jobber vi iherdig med å gjøre norsk skole mer praktisk og variert, sånn at alle elever har gode muligheter til å lykkes. Skolehager, matglede og kunnskap om hvor maten egentlig kommer fra, er absolutt en del av dette arbeidet.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg vil først av alt takke statsråden for eit godt svar. Eg er einig i det aller meste statsråden seier. Vi har det same synet på at dette ikkje berre er eit sidespor i korleis vi skal og må tenkje i framtida i den norske skulen, men at det å byggje rundt meir praktisk læring og gje meir praktisk erfaring i skulen, og å bruke skulehage som eit av dei heilt konkrete verktøya for å oppnå det og samtidig oppnå andre læringsmål også, er ein fornuftig tanke.

Eg vil ikkje minst leggje vekt på at i eit meir fleirkulturelt samfunn, der vi buset flyktningar i veldig mange av kommunane i landet, er det å jobbe med denne typen praktiske og heilt konkrete oppgåver og å skape nye fellesskapsarenaer av uvurderleg betyding, ikkje berre for å knyte band mellom barn, men òg for å knyte band mellom foreldre av ein annan bakgrunn inn i ein skulekvardag som ofte kan verke ganske framand frå det ein er vand med frå tidlegare. Vi veit òg at i mange andre land er dyrking av mat og skulehage ein mykje meir integrert og systematisk del av skulekvardagen enn det har brukt å vere i Noreg.

Så eg takkar for svaret. Eg er også einig med statsråden i at det er viktig å ha lokal fridom og fleksibilitet til å lage ordningar som er tilpassa dei lokale forholda. Her snakkar vi ikkje om ein standardmodell som kan bli trædd nedover heile landet. Likevel er det i alle fall to nøkkelpunkt eg ønskjer å utfordre statsråden meir på.

Det eine er at dette ikkje kjem av seg sjølv. Vi treng kompetanse og kunnskap blant lærarar og andre som skal gje seg i kast med dette i skulekvardagen. Å dyrke mat krev kunnskapar – å gjere det langsiktig krev ein systematikk som ikkje berre handlar om ein enkelt person som har ein god idé og som brenn for det i ein kort periode. Korleis kan vi få opp kapasiteten i den nasjonale kompetansebygginga på dette området – å drive skulehagar – slik at vi kan lære opp fleire til det? Korleis kan vi få på plass meir stabile og heilskaplege modellar for finansiering og langsiktig drift?

Dette er ein no i ferd med å få på plass i Oslo og på det sentrale austlandsområdet, ved at ein får på plass eit systematisk samarbeid mellom det offentlege og private aktørar, som f.eks. Sparebankstiftinga, om regionale prosjekt.

Er det mogleg å sjå for seg at vi kan ta nasjonale initiativ overfor Skule-Noreg for å stimulere til å setje i gang denne typen prosjekt i mykje større skala også andre stader i landet, og å gjere det med eit aktivt trykk også på nasjonalt nivå for å få fart på dei lokale prosjekta?

Statsråd Tonje Brenna []: Jeg takker for innlegget fra representanten Bjørlo. Jeg er i og for seg enig i at det er bra om vi har et nasjonalt fokus på dette. Samtidig mener nok jeg at en viktig del av forutsetningen for å kunne gjøre et godt arbeid i forbindelse med dette temaet, er at det har lokal forankring. Jeg var i Tromsø tidligere denne uka og besøkte en videregående skole hvor de har gjort noe som jeg mener absolutt er et eksempel til etterfølgelse. Der har de grepet fatt i de nye læreplanene i naturfag, og i det arbeidet har de oppdaget to ting som illustrerer noe av grunnen til at jeg mener det er viktig at dette har lokal forankring. Det ene var at det var ganske mye om granskog i læreplanverket for naturfag. Det andre var at det var ganske mye om leoparder og andre dyr som lever på varmere breddegrader enn i Troms og Finnmark.

Begge deler illustrerer hvor viktig det er at vi klarer å gjøre undervisningen relevant. Der har man jobbet seg systematisk igjennom læreplanene, med ulike læringsplattformer og litteratur, både med å oversette en hel del av det man bruker, til samisk – det er en del samisktalende elever, som med fordel kan få bedre tilgang på læremateriell på samisk – og med den inngangen at kanskje er reinsdyr og fisk mer relevant enn pantere og leoparder. Det oppfyller flere gode ting på én gang: Man får en lokal inngang, man får kjennskap til landsdelen, man får en bevissthet om hvor mat kommer fra, og man får også en stolthet knyttet til det samiske og forvaltningen av naturen.

Jeg tror at vi skal holde fast ved at lokale initiativer er bra. Det er allikevel noen ting vi kan gjøre nasjonalt for å styrke dette arbeidet. Jeg vil nevne to ting spesielt:

Det ene handler om kommuneøkonomi og å ha en kommuneøkonomi som er så god at det er rom for å gjøre også disse tingene. Der har regjeringen levert både i det forrige budsjettet vi la fram, og i det seneste budsjettet.

Det andre, som kanskje er enda viktigere for spesielt skolen, er at vi har utvidet hvilke fag det er mulig å ta etter- og videreutdanning i for lærerne. Gjennom mange år har det i hovedsak vært norsk, matte og engelsk lærerne har tatt etter- og videreutdanning i. Praktiske og estetiske fag har vært dramatisk nedprioritert. Det er det nå slutt på. Nå skal man kunne ta etter- og videreutdanning i flere fag. Det er et bidrag til dyktige lærere som har stått i klasserommet over tid og som kanskje trenger påfyll, det er et bidrag til mer kreativitet, det er et bidrag til å lære av hverandre, og det er et bidrag til å få nye ideer om hvordan man kan utnytte lokale ressurser, nye arbeidsformer og f.eks. det å jobbe mer praktisk og variert med skolehager eller andre ting som kan understøtte det viktige arbeidet lærerne våre gjør i skolen. Jeg ser lyst på skolehagenes framtid og har tro på lokale initiativer.

Maren Grøthe (Sp) []: For Senterpartiet har det over tid vært veldig viktig å legge til rette for en mer praktisk læring i skolen, og at hver enkelt elev skal få mer kunnskap både om hvor maten vår kommer fra, om norsk mat og kultur, og om hvordan alle sammen kan bidra til en bærekraftig og god matproduksjon. Derfor er jeg enig med interpellanten i at ordningen med skolehager kan være et godt verktøy i dette arbeidet. Samtidig tror jeg også at vi må se på dette i et noe større perspektiv når det gjelder matproduksjon generelt. Det er ikke sånn at alle elever lærer best ved å sitte med ansiktet ned i en skolebok. For mange elever vil det å få anerkjennelse og utløp for sine praktiske ferdigheter – bruke hendene, være ute, lære ved å gjøre – være nødvendig for at man skal huske det man lærer, enda bedre.

Som statsråden trakk fram, legger rammeplanene i både skole, barnehage og SFO opp til at dette er mulig å satse på i større grad, og det håper jeg at flere gjør. Hvordan de ulike kommunene, skolene og lærerne vil løse det i praksis, varierer. Det tror jeg er en styrke, også når det gjelder fokuset på mat i skolen, for man har ulike forutsetninger og muligheter for å løse dette lokalt. Én kommune vil kanskje ha det i skolegården sin, en annen vil benytte seg av en lokal bonde, mens noen vil bygge opp egne områder for grønnsakshager.

Vi har mange gode eksempler, f.eks. Kristiansand kommune, hvor man har etablert skolehager i et sentralt område i sentrum, og hvor man også har andelslandbruk. Det gjør det tilgjengelig også for innbyggerne på ettermiddagene, og det er viktig.

Et annet eksempel er Høgmo barnehage i Oppdal, som jeg besøkte tidligere i høst, og hvor jeg ble møtt med glade, engasjerte unger som ivret for maten, og som kunne navnet på flere grønnsaker enn det jeg gjorde i en alder av fire år. Eller en av barneskolene i min egen hjembygd, Gåsbakken, hvor de over tid har hatt samarbeid med en lokal bonde om besøk i et melkefjøs årlig, sånn at alle elever får ta del i det, som en del av mat- og helsefaget. Andre barnehager og skoler samarbeider f.eks. med jaktlag, hvor man kan få være med på slakting av felt storvilt når det er gjort.

Jeg har troen på at alle sånne gode eksempler er med på å bidra til å sette fokus på matproduksjon, samtidig som flere elever får prøve seg på det å lære gjennom å gjøre. Vi som stortingsrepresentanter må være enda flinkere til å trekke fram alle disse gode eksemplene, vise de ordningene som har fungert, og gå foran som gode eksempler.

De fleste ungene starter motiverte og forventningsfulle på skolen som seksåringer. Ti år etter ser vi dessverre at mange har mistet motivasjonen for videre læring. Jeg tror ordninger som skolehager og et generelt fokus på mat i skolen, kan være et viktig bidrag for å motarbeide det. Likevel tror jeg også at vi må passe på at vi ikke tenker at «one size fits all». Det er ikke sånn at en ordning som funker for mange skoler i Oslo, kanskje er den beste for en skole i Namsos. Jeg tror helt klart at dette er noen tiltak vi skal ha med oss i arbeidet framover, både med ungdomstrinnsmeldingen, som statsråden var inne på, og også i det generelle arbeidet med en mer praktisk skole, som er viktig for regjeringen hver eneste dag.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg takkar for både svaret frå statsråden og innlegget frå representanten Maren Grøthe. Igjen: Dette er ikkje ei sak med dei store politiske konfliktane i seg, men det å få temaet på dagsordenen er eit mål i seg sjølv. Så er det nokon paradoks oppi dette også, tenkjer eg, som er litt spennande når det gjeld korleis ein jobbar med det vidare.

Representanten Maren Grøthe snakka om koplinga med landbruket og det lokale. Det er litt interessant at det einaste nasjonale nettverket der nokon verkeleg har løfta skulehagar nasjonalt, ikkje er aktørar innanfor det tradisjonelle landbruket, men organisasjonen Økologisk Norge, som arbeider på sida av det tradisjonelle landbruket og har sett verdien av dette inn i sitt arbeid. Eg er heilt einig i at det er gode lokale initiativ der det òg er koplingar til lokalt landbruk. Likevel: Å få inn ei større forståing og også utfordre det tradisjonelle landbruket på eit gardsbesøk i ny og ne er greitt, men å la fleire få eit tettare forhold til og kunnskap om å dyrke eigen mat er viktig.

Eg trur det er viktig at vi greier å dra desse debattane om koplingane saman med nødvendige grep for betre folkehelse, som handlar om meir frukt og grønt i kvardagen. Som statsråden òg er inne på: Det å gje fleire eit forhold til å dyrke maten sjølv, gjev eit nærmare forhold til det å ha frukt og grønt som ein del av sitt naturlege kosthald. Det trur eg òg er eit behov i seg sjølv.

Så synest eg signala frå statsråden om å vri vidare- og etterutdanning over på meir praktiske fag, medrekna dette, er viktig. Då er det igjen, som eg var inne på i stad, viktig at vi òg har ein kapasitet i den vidare- og etterutdanninga som gjer dette mogleg, for den ekstra kapasiteten finst ikkje i dag. Det er tvert imot ventelister og vanskeleg å kome inn på dei tilboda som finst.

Eg er òg einig i å forankre tydelegare det temaet vi no har oppe, i stortingsmeldinga om 5.–10. trinn som er på veg. Tankegangen med å integrere skulehagar og anna praktisk undervisning endå tydelegare inn i den nasjonale skulepolitikken trur eg er eit fornuftig spor, og noko eg glad for.

Kommuneøkonomien, økonomi til å drifte kvardagen, kjem til å vere ein nøkkel. Eg merka meg at kommunalministeren vår no meiner at kommunane kan ha ein stram økonomi neste år fordi ein har hatt så mange gode år bak seg under den borgarlege regjeringa at mange kommunar har pengar på bok. Det trur eg vel er ei sanning med visse ueinigheiter om rundt om i Kommune-Noreg, men drifta av den praktiske kvardagen i Kommune-Noreg for å få dette til er sjølvsagt også heilt sentral. Kommuneøkonomi er viktig her også.

Eg takkar for debatten og takkar for engasjementet.

Statsråd Tonje Brenna []: Dette er et tema som illustrerer noe veldig fint, nemlig at det litt mer urbane, moderne, trendy helseorienterte kan møte det mer tradisjonelle og kulturhistoriske på mange spennende måter. Det gjør at hele temaet mat – selvforsyning, sunn mat og trygg mat, det å skjønne hvor maten kommer fra, og hvordan det havner på asjetten vår – er noe som har stort potensial, og hvor jeg tror veldig mange kan bidra på ulike vis.

Så har alle vi medlemskapene våre i partier som også er innvalgt i kommunestyrer og fylkesting rundt omkring, og jeg håper og tror også at dette er noe man diskuterer lokalt, hvor man kanskje har enda bedre forutsetninger enn det vi har akkurat her for å mene noe om hvordan man kan løse dette tettest mulig på den enkelte skole og i den enkelte barnehage og skolefritidsordning.

Dette er et viktig tema, som jeg er helt sikker på at vi får diskutere igjen. Det gleder jeg meg til. Så på vegne av oss som forsøker å dyrke druer, men ender opp med rosiner – tusen takk for en god debatt!

Presidenten []: Debatten i sak nr. 2 er dermed over.