Alfred Jens Bjørlo (V) [10:03:17 ] : Energiframtida har ikkje
eitt svar, men mange. Det er både fordi vi treng store mengder rein
fornybar energi for å elektrifisere samfunnet og erstatte fossil
energi, og fordi eit mangfald av energiløysingar – i Noreg og i
eit felles europeisk kraftnett – gjev eit meir robust og mindre
sårbart samfunn. Nokre typar fornybar energi med stort potensial,
som offshore vind, har allereie sterke krefter i ryggen i form av
kapital, industrielle partnarskap og store menneskelege ressursar.
Andre energiformer har også stort potensial, men ikkje dei same
sterke, allereie eksisterande industrielle kreftene i ryggen. Det
gjeld bølgjekraft. Difor er det tema for min interpellasjon i dag.
European Energy
Forum har anslått at bølgjeenergi, altså det å utnytte energien
i havbølgjer til å produsere elektrisk kraft, kan levere så mykje
som 10 pst. av den samla elektriske kraftproduksjonen i Europa i
framtida.
Det klassiske argumentet
mot bølgjekraft kan lesast i svara frå Olje- og energidepartementet
til Stortinget i vår i samband med energimeldinga:
«Staten har i over fire tiår støttet
forskning og utvikling av bølgekraftteknologier, uten at det har gitt
de helt store resultatene.»
Det er nok ei korrekt
skildring av fortida, men det er ikkje nødvendigvis ei like presis
skildring av framtida. Bølgjekraft står no høgst truleg framfor
nettopp det gjennombrotet som lenge har vore etterlyst, både på grunn
av teknologiske framsteg og fordi bølgjekraft for første gong har
fått ein definert plass i den samla energistrategien til Europa.
For i det siste
har det skjedd noko som aldri har skjedd før, og som kan bety eit
tidsskifte for bølgjekraft. EU-kommisjonen har i sin nye strategi
for fornybar havenergi sett ein konkret ambisjon for bølgjekraft
og tidvasskraft: 1 GW innan 2030 og 40 GW innan 2050. 40 GW innan
2050 – då snakkar vi om eit volum og ein marknad som det er potensial
i, både industrielt og som bidrag til framtidas energiforsyning.
Og dette går raskt: Allereie neste år planlegg ein på EU-nivå å
lyse ut anbod på ein bølgjekraftpark med minimum fire einingar.
Kva så med Noreg?
For det første – og svært viktig: Når EU no blinkar ut bølgjekraft
som satsingsområde i sine forskingsprogram, er framståande norske
teknologimiljø som SINTEF Energi og SINTEF Ocean på ballen. SINTEF-miljøa
er sentrale partnarar i eit europeisk samarbeidsprosjekt som skal
demonstrere ny testmetodikk for bølgjekraftomformarar. Og vi har
norske bølgjekraftinitiativ som er i ferd med å ta dei neste stega.
Neste år set teknologiselskapet Havkraft frå Nordfjord i drift eit bølgjekraftverk
som ikkje lenger er eit reint testanlegg, men som skal levere straum
på ordinær måte – til Svanøy Havbruk utanfor Florø i Vestland. Noreg
– og Vestlandet – får dermed neste år det første oppdrettsanlegget
i verda som er elektrifisert med bølgjekraft.
Også andre norske
industrimiljø arbeider no målretta med bølgjekraft, slik som på
Haugalandet, der industrimiljøet m.a. ser potensialet i bølgjekraft
i samband med planlagd utbygging av offshore vind.
Då energikomiteen
handsama energimeldinga i vår, sa ein samla komité følgjande:
«Komiteen viser til at det ligger
et potensial i fornybar energi fra bølge- og tidevannskraft, og
mener det må investeres mer i og forskes mer på dette.»
Og då er vi ved
årsaka til at eg løftar denne interpellasjonen i dag. Viss vi har
denne felles forståinga – at bølgje- og tidvasskraft har eit potensial
og bør satsast på som ein del av energimiksen i framtida – då hastar
det med å kome vidare. For så raskt og med så konkrete mål som EU
no bevegar seg framover, kan vi ikkje risikere at dette blir endå
eitt av dei områda der Noreg hadde sjansen til å gå i front og leie
an i teknologiutviklinga, men lèt andre kome først.
Dersom vi trur
på at bølgjekraft har eit potensial, må vi faktisk gjere noko. Forske,
ja, men endå viktigare er det at vi no set konkrete mål for kva
rolle bølgje- og tidvasskraft skal ha i det norske kraftsystemet
fram mot 2030, 2040 og 2050, slik Noreg allereie har gjort på offshore
vind, og slik EU no også har gjort for bølgje- og tidvasskraft.
Og ikkje minst: at vi kjem i gang med fleire reelle bølgjekraftprosjekt,
slik at vi får testa ut teknologiløysingane.
Eg er oppteken
av energipotensialet som ligg i bølgjekraft, men også av industripotensialet.
Bølgjekraft passar som hand i hanske inn i den maritime kompetansen
og dei maritime industrimiljøa vi allereie har i Noreg. Så akkurat
no trur eg vi står ved eit vegskilje for satsinga på bølgjekraft
i Noreg. No må vi vere med på det toget som går i EU, og kople på
nye norske teknologiløysingar som snart blir rulla ut i praktisk
bruk.
Så mi utfordring
til statsråden er: Kva vil regjeringa gjere for at Noreg skal bli
ein leiande nasjon i utviklinga av bølgjekraftteknologi?
Statsråd Terje Aasland [10:08:32 ] : Takk til interpellanten
for å bringe opp en diskusjon om utviklingen innenfor fornybarområdet,
som er veldig viktig.
Forskning og teknologiutvikling
er nødvendig for å møte lavutslippssamfunnet og sikre energitilførselen. Det
er mange potensielle gamechangere man kan se for seg framover, enten
det er hydrogen, CO2 -håndtering, bølgekraft
eller andre teknologier. Virkeligheten her og nå er likevel at vannkraften
er ryggraden i vår energiforsyning, og at vindkraft er det billigste
rene alternativet.
Jeg er enig med
interpellanten i at bølgekraftpotensialet i Europa er stort og på
sikt kan bli en del av Europas grønne energimiks. Men foreløpig
er bølgekraft en umoden teknologi, med en installert kapasitet på
kun 2,3 MW. De kommende årene venter IRENA basert på sin prosjektdatabase
at installert kapasitet øker til 100 MW, men mange av konseptene
er fortsatt i test- og demonstrasjonsfasen. Først i 2020 ble det
installert konsepter med en kapasitet på over 1 MW.
Norge har med sin
lange kyst også et stort teoretisk potensial for bølgekraft. Hvis
man bygger ut 20 pst. av det tekniske potensialet, kan det være
snakk om 12–30 TWh kraftproduksjon, men det er en lang vei å gå
før bølgekraft er konkurransedyktig sammenlignet med andre energiteknologier.
Samtidig vet vi
at utnyttelse av bølgekraft ikke er uproblematisk. Vi vet hvilke
enorme krefter bølgene representerer. De teknologiske kravene må
nødvendigvis være store. Det stilles store krav til kompetanse,
teknologiutvikling og gjennomføringsevne når slike prosjekter skal
realiseres. Det er også miljøhensyn som må tas.
Staten har i over
fire tiår, som representanten refererte til, og særlig på 1980-tallet,
støttet forskning på og utvikling av bølgekraftteknologier, uten
at det har gitt de helt store resultatene. Dette skyldes at det
er svært økonomisk og teknologisk krevende å få utnyttet bølgekraft
sammenlignet med andre fornybare energikilder. Det er heller ikke
noen særlig stor interesse fra industri og næringsliv på området.
Rett før sommeren
fikk jeg overrakt den nye Energi21-strategien fra styret for Energi21.
Den gir anbefalinger til departementet og bransjen om hvordan forsknings-
og innovasjonsinnsatsen for rene energiteknologier bør innrettes.
Energi21 har prioritert åtte satsingsområder som det anbefales å
styrke innsatsen innenfor, bl.a. vindkraft, havvind, solenergi og
hydrogen. Bølgekraft er ikke prioritert, men Energi21 viser til et
behov for å videreutvikle også bølgekraft som en del av en bredere
kunnskapsbase om utvalgte energiteknologier.
Det strategien
trekker fram, er behov for utvikling av robuste, kostnadseffektive
anlegg som tåler påkjenningene fra bølgekraft, og støtte til patentering,
oppskalering og kommersialisering av konsepter. Alt dette har vi
allerede virkemidler i Norge som støtter opp under gjennom ulike
programmer. Både i Norges forskningsråd, Enova og Innovasjon Norge
er det mulig å søke støtte til utvikling og innovasjon av norsk
bølgekraftteknologi, inklusiv bølgekraftverk kombinert med havvind, men
det krever at norske forsknings- og teknologimiljøer og næringslivet
kommer opp med relevante bølgekraftprosjekter, og at disse når opp
i konkurransen med andre energiteknologiprosjekter. De senere årene
har det imidlertid ikke vært særlig stor interesse fra energibransjen
for utvikling av bølgekraft.
Jeg er derimot
enig med representanten i at bølgekraft på sikt kan bli en del av
framtidens energimiks, og at vi kan bidra til teknologiutvikling
på området. Det har vi som sagt allerede et virkemiddelapparat som
er rigget for å kunne gjøre. Men for å møte de energi- og klimautfordringene
vi står overfor, mener jeg det er viktigere å konsentrere teknologiinnsatsen
i Norge om områder der vi har et aktiv næringsliv og gode kunnskapsmessige
forutsetninger for å lykkes. Vi bør derfor heller konsentrere oss
om å styrke forsknings- og innovasjonsinnsatsen innenfor fornybar
energi som havvind, vannkraft, energieffektivisering, karbonfangst
og -lagring, hydrogen og elektrifisering enn å satse tungt på bølgekraft.
Alfred Jens Bjørlo (V) [10:13:04 ] : Eg takkar statsråden for
svaret, eit svar som kanskje illustrerer nettopp det dilemmaet som
eg har prøvd å reise med denne interpellasjonen. Statsråden påpeikar
og seier seg einig i at bølgjekraft – det å utnytte kraft frå bølgjene
– vil vere ein del av energimiksen i framtida, det er ei energiform
som kjem, og vil vere ein del av framtida, men at vi per i dag ikkje
har det nødvendige trykket i det til at vi kan få fart på teknologiutviklinga
i Noreg. Då er vi i ein klassisk høna-eller-egget-problematikk.
Då er eigentleg spørsmålet kva vi må gjere no for at vi skal kome
nærare det målet at bølgjekraft blir ein del av energimiksen i framtida.
Det er der eg påpeikar – og det trur eg er ein nøkkel – det EU no
gjer: at ein faktisk begynner å plassere konkrete mål for utbygging
av bølgje- og tidvasskraft inn i den samla strategien for utvikling
av energisystema i Europa og koplar det med å leggje resursar bak
både forsking og det å få opp dei første testanlegga.
Det er heilt rett
at det enno er eit stykke veg å gå, men vi er no ved det tidspunktet
då EU begynner å blinke ut mål som gjer at det er mogleg å få industrien
og tyngre krefter bak til å satse på bølgjekraft. For det som er
ein stor fordel med bølgjekraft som teknologi, er at dei anlegga,
dei modulane ein skal ha opp, er relativt små og relativt rimelege
viss ein samanliknar med eksempelvis offshore vind, der modulane
er store, kostbare og krev store investeringar. Dette er noko som
er mogleg å gjere i mindre skala og få til å funke. Eg trur vi no
står framfor pilotar som vil kome opp i løpet av kort tid, som eg
nemnde i stad, både i Noreg og elles i Europa.
Eg har lyst til
å utfordre statsråden, eigentleg på to område. Dersom vi skal kome
vidare frå forsking på ting som verkar dårleg, over til å konsentrere
oss om det som verkar bra, standardisere, få fart på det som gjev
potensial, kva verkemiddel ser statsråden for seg kan vere aktuelle
for det? Kan vi tenkje oss eksempelvis å prøve ut «feed-in»-tariffar,
der ein faktisk får betaling for det som leverer straum på nettet,
og ikkje berre det som ikkje gjer det? Er det aktuelt å setje norske
ambisjonar og mål for kor vi skal fram mot 2050 på bølgjekraft og
tidvasskraft, slik som EU no gjer? Ser statsråden det som interessant,
som han også var inne på, å kombinere den utbygginga som no skal
gjerast av offshore vind, med å prøve ut bølgjekraft – altså ein
kombinasjon? For då har ein løyst ein del av problema med infrastruktur,
nettpåkopling osv. Ein kan ta fleire energiformer inn i ein felles nettinfrastruktur.
Statsråd Terje Aasland [10:16:25 ] : Jeg synes det er spennende
med ny teknologi og eventuelt også å trekke opp nye utfordringer
og se på nye muligheter innenfor fornybar energiproduksjon, som
bølgekraft er en del av. Det kan være spennende muligheter der,
ikke minst for deler av norsk næringsliv med tanke på hvilken kompetanse
de besitter, osv. Men vi er akkurat nå – og jeg har lyst til å understreke
det – i en situasjon hvor vi må prioritere, og ikke bare rent økonomisk,
hvilke ressurser vi vil bruke på de ulike teknologiene, men også hvilke
prioriteringer vi gjør når det gjelder de menneskelige ressursene
og den muligheten vi har for å rette forskningsinnsats mot områder
som er særs viktige for Norge som nasjon, og da inn mot fornybar
energi som et viktig grunnlag for framtiden.
Regjeringen har
satt et ambisiøst, gigantisk mål for havvind, som ett eksempel.
Det vil ha behov for betydelig oppmerksomhet, både når det gjelder
økonomiske ressurser og menneskelige ressurser i tiden framover.
Jeg mener at havvind har et stort potensial for Norge. En har en
sameksistens med andre land som også vil utvikle havvind, og Norge
har en mulighet for å ta en ledende posisjon, spesielt innenfor
flytende havvind. Og hvis vi sprer innsatsen vår veldig bredt ut,
tror jeg det fort kan bli sånn – og det er derfor også Energi21
veldig tydelig prioriterer noen områder – at de mulighetene vi har som
lar seg løse og gjennomføre, faktisk forvitrer.
Det er samtidig
viktig å understreke at det er liten interesse fra næringsliv og
industri for å gå inn i bølgekraft med litt størrelse som kan bety
en forskjell. Men når representanten og interpellanten tar opp behovet for
å få opp piloter og slikt, er jeg positivt innstilt til det. Jeg
er positivt innstilt til at man skal kunne bidra og sørge for at
næringslivet kan komme med gode ideer, se om det er mulig å løse
noen av de utfordringene som foreligger for bølgekraft. Da har vi
et virkemiddelapparat som allerede er rigget for det. Både Forskningsrådet, Innovasjon
Norge og Enova vil kunne være viktige bidragsytere for å få i gang
den typen pilotering.
Men jeg tror det
er viktig at det foregår en tydelig prioritering, ut fra de politiske
konklusjonene som en trekker opp rundt fornybarsatsingen vår på
de områdene hvor vi har store nasjonale fortrinn, og hvor vi har muligheten
til å utgjøre en stor forskjell i å kunne produsere mer fornybar
energi, relativt sett raskt. Bølgekraft i større stil ligger noe
lenger fram i tid. Da tror jeg det er viktig at vi retter innsatsen
mot å oppgradere vannkraften, bygge ut havvind, satse videre på
landbasert vindkraft der hvor kommunene er enig i det, osv. – men
samtidig ikke hindre gjennom politiske vedtak at ny teknologi kommer
fram. Det mener jeg er klokt å ikke gjøre.
Presidenten
[10:19:31 ]: Flere har ikke tegnet seg til interpellasjonsdebatten,
og den er dermed avsluttet.