Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
President: Nils T. Bjørke
Presidenten []: Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:
frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Kari Henriksen frå og med 5. januar og inntil vidare
frå representanten Sverre Myrli om permisjon i tida frå og med 9. januar til og med 24. mars og i tida frå og med 27. til og med 31. mars, og frå representantane Kari Mette Prestrud, Sveinung Rotevatn og Linda Hofstad Helleland om permisjon i tida frå og med 9. januar til og med 31. mars – alle for å delta på sjefskurs ved Forsvarets høgskole
frå Høgre si stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Sveinung Stensland frå og med 5. januar og inntil vidare
Presidenten vil føreslå at desse søknadene vert handsama straks og innvilga. – Det er vedteke.
Frå fyrste vararepresentant for Vest-Agder, Birte Usland, ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten Kari Henriksen sin permisjon, jf. Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum.
Frå fyrste vararepresentant for Akershus, Tobias Hangaard Linge, ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget i tida frå og med 9. til og med 14. januar under representanten Sverre Myrli sin permisjon, av velferdsgrunnar.
Frå andre vararepresentant for Rogaland, Athar Ali Tajik, ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten Sveinung Stensland sin permisjon, jf. Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum.
Frå tredje vararepresentant for Rogaland, Karoline Sjøen Andersen, ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten Sveinung Stensland sin permisjon, grunna foreldrepermisjon.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknadene vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida slik:
For Vest-Agder: Ahmed Lindov 5. januar og inntil vidare
For Akershus: Anita Patel 11.–12. januar, Tobias Hangaard Linge 17. januar–24. mars og 27.–30. mars og Haakon Skramstad 11. januar–30. mars
For Hordaland: Ane Breivik 11. januar–30. mars
For Rogaland: Modolf Haraldseid 5. januar og inntil vidare
For Sør-Trøndelag: Guro Angell Gimse 11. januar–30. mars
Presidenten []: Ahmed Lindov og Modolf Haraldseid er til stades og vil ta sete.
Representanten Grunde Almeland vil setja fram eit representantforslag.
Grunde Almeland (V) []: På vegne av representantene Abid Raja, Ingvild Wetrhus Thorsvik og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om å styrke barns personvern på digitale flater.
Presidenten []: Forslaget vert handsama etter reglementet.
Før sakene på møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag om naudsynt held fram utover kl. 16.