Kjersti Toppe (Sp) [17:09:38 ] : Dette er ein interpellasjon
som eg ikkje ønskjer å stilla, som burde vore unødvendig, for vi
har eit godt helsevesen i Noreg, og vi har ei velutvikla omsorgsteneste.
Men nokre har det betre enn andre, og denne interpellasjonen handlar
om dei andre. Den handlar om dei aller mest sårbare, og ei slik
sårbar gruppe er menneske som slit med dobbeltdiagnosen rus og psykiatri.
Ei anna sårbar gruppe er psykisk sjuke i fengsel. Mange av desse
får ikkje nødvendig helsehjelp. Mange går til grunne. Finst det
behandlingsresistente pasientar? Er det ein menneskerett å gå til grunne?
Meiner helseministeren at det er ein menneskerett å gå til grunne?
Stavanger Aftenblad
har fortalt om Siw, ei kvinne som vart funnen død i ein kommunal
bustad i Stavanger første arbeidsdag etter påske i 2015. Ho vart
45 år og døydde av ein overdose. Lesarane vert tatt med tilbake til
ungdomstida til Siw og vidare gjennom livet hennar. Historia er
ei skildring av eit liv med rus, psykisk liding og sosial nød som
gradvis utviklar seg til det verre – vald og prostitusjon. Det er
òg ei skildring av eit samla hjelpeapparat som ikkje evnar å hjelpa
ein person i nød. Mange visste og forstod at dette kom til å gå
gale, men få meinte at dei sjølve kunne ha gjort det betre. Det
var til slutt brannvesenet som etter tilsyn sende bekymringsmelding
til kommunen. Det seier litt. Siw trengte eit heilt anna tilbod
enn ho fekk. Siw utgjorde ein stor risiko for seg sjølv. Ho levde
eit hardt liv i Stavanger. Gjekk det som det måtte gå? Siws historie
er ei historie om eit system av hjelpeapparat som ikkje fungerer,
trass i mange gode hjelparar. Ein lesar skreiv dette om saka:
«For meg, som ikke er så flink
til å involvere meg eller gjøre meg kjent med narkomane, sårbare
og skakkjørte, så er det nettopp viktig å få et innblikk, så jeg
ikke mister av syne hva et menneske er, hva et medmenneske er, og
hva et inkluderende og varmt samfunn egentlig er.»
Det er dette
interpellasjonen eigentleg handlar om.
Siws historie
har ført til fleire debattar om hjelpeapparatet, og det er veldig
bra. Helseministeren har sjølv uttalt at Siw har gitt ei av landets
mest utsette grupper eit ansikt. Det er sant, for Siw er – eller
var – ikkje aleine. Ein antar at det i Noreg er rundt 6 000 menneske
som er ekstra hardt ramma av rusproblem og psykiske lidingar, som
skårar aller dårlegast på levekårundersøkingar, som har kortare
levetid, og som hjelpeapparatet ikkje når inn til.
Siw var altså
ei av de mange som går til grunne kvart år, og det verste er at
vi veit kven dei er. Spørsmålet er kva helseministeren meiner at
han og regjeringa vil gjera av nasjonale tiltak for ei av dei mest
utsette gruppene, dei med omfattande rus- og psykiatriproblematikk,
slik at dei får omsorg, forsvarleg helsehjelp og tenester der ein
samarbeider om dei, både kommunar og spesialisthelseteneste. Eg
lurer på kva helseministeren meiner at kommunar og helseføretak
skal læra av historia om Siw, og kva for systemendringar som er
nødvendige. For det er jo ikkje slik at det er den enkelte sosialarbeidaren, miljøarbeidaren,
legen eller sjukepleiaren som er skuld i denne situasjonen, men
at våre helsetenester ikkje snakkar saman, og at ansvaret på mange
måtar vert pulverisert.
Avisa Nordland
har på liknande vis fortalt historia om ei anna kvinne, som vert
kalla Mia, som eit alvorleg eksempel på ei ung kvinne som òg fell
mellom alle stolar i hjelpeapparatet. Mia har vore akuttinnlagt
24 gonger i løpet av eitt år – inn og ut av psykiatrien. Det vert
fortalt i artikkelen om ein gong da eit akutteam rykka ut for å vurdera
Mia for ei ny innlegging – da vart ho innlosjert på hotell. Ho er
ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv. Det ein les i artikkelen,
verkar veldig sterkt og heilt utruleg. I løpet av 200 dagar i fengsel
har ho gjort 41 forsøk på å ta sitt eige liv. Mia treng langvarig
behandling, ho treng ikkje fengsel, ho vert ein av dei mange som
er psykisk sjuke, og som det er urett er i fengsel. Ho vert i artikkelen omtalt
som jenta som ingen kan hjelpa. Men kan det eigentleg stemma? Ho
går i skytteltrafikk mellom fengsel, institusjon og sjukehus – frå
Nordlandssjukehuset til Bodø fengsel, frå Bodø fengsel via Nordlandssjukehuset til
Bredtveit kvinnefengsel, frå Bredtveit kvinnefengsel via Ahus psykiatri
tilbake til Bredtveit, frå Bredtveit kvinnefengsel til institusjonen
RIBO i Saltdal, frå RIBO til Nordlandssjukehuset psykiatrisk, tilbake
til RIBO via sjukehuset i Kristiansand og Nordlandssjukehuset, vidare
til Trondheim fengsel, frå Trondheim fengsel via Østmarka psykiatriske
sjukehus tilbake til Trondheim fengsel, til Nordlandssjukehuset,
no sikkerheitsposten, og deretter til Bredtveit.
Mia er alvorleg
psykisk skada, så kvifor skal ho behandlast i fengsel, der isolasjon
gjer ho enda sjukare? Kvifor vert ho send som pakkepost rundt omkring?
Og korleis går det an å ha 24 akuttinnleggingar i løpet av eitt år
i psykisk helsevern utan at nokon reagerer, set seg ned og ser kva
som må til for at denne kvinna skal få eit verdig liv og eit behandlingsopplegg
som ho ikkje vert sjuk av? Korleis er det mogleg å sitja i fengsel
i 200 dagar og forsøkja å ta livet sitt over 40 gonger utan at nokon
seier stopp og gir ho eit anna tilbod? Ho er ei ung kvinne i starten
av 20-åra. I artikkelen står det at ho ser ut som eit barn. Er det
slik at vi i rike Noreg ikkje har eit tilbod til slike som ho?
For nokre år
sidan var vi forferda over ei på mange måtar liknande historie,
om Ida, glassjenta, om korleis eit barn under barnevernsomsorg vart
flytta rundt, rive opp frå nærmiljøet, opplevde massiv tvangsbruk
og eit offentleg hjelpeapparat som ikkje snakka saman, eit hjelpeapparat
som var mest opptatt av å forsvara systemet, forsvara seg sjølv
og sikra at journal og protokoll var rett ført – ikkje at ein gjorde
det rette. Barneministeren sa den gongen unnskyld til Ida – det
var veldig bra – og ho sa vidare at rapporten om Ida måtte verta pensum
for alle som jobba i barnevernet. Mia, som Avisa Nordland skriv
om, har òg vore under barnevernets omsorg og har òg opplevd massive
omskifte, flyttingar, tvang på institusjon, i fengsel. Kva har vi
eigentleg lært av Ida, og kva skal vi læra av Mia og av Siw?
FNs torturkomité
har i år retta kritikk mot norske myndigheiter for vår praktisering
av langvarig isolasjon i fengsel. Ifølgje komiteen er isolasjon
av innsette med store psykiske utfordringar i strid med menneskerettslege
standardar og burde vore avskaffa. Komiteen uttrykte òg bekymring
for manglande psykisk helseoppfølging i fengsel og viste til at
det er veldig høg førekomst av psykiske lidingar blant innsette
i norske fengsel. Alvorleg mangel på sengeplassar i psykisk helsevern
fører til at innsette vert isolerte i staden for å få helsehjelp.
Som Siw gir eit
ansikt til ei av dei mest utsette gruppene, dei med rusproblematikk
og psykiske lidingar, gir Mia-saka ei konkretisering og gir oss
historia til ei av dei mange psykisk sjuke som er inn og ut av fengsel,
og som aldri burde vore der. Eit år og tre månader etter at ho vart
fengsla første gong, har ho hatt seks brot på straffelova og risikerer
forvaring – mange av brota mens ho sat i varetekt.
Dette har òg
reist spørsmålet om tvangstiltak etter helse- og omsorgstenestelova
§ 10-2, som opnar for at ein kan tvangsinnleggja frå kommunen si
side i inntil tre månader. Eg håpar statsråden kan kommentera akkurat det.
Spørsmålet som eg vil stilla, er: Kva gjer statsråden for å sikra
at dei mest sårbare menneska får hjelp og koordinerte tenester frå
både sjukehus og kommune for å hindra at menneskeliv går til grunne,
og kva gjer ein spesielt for dei mange med psykisk sjukdom som er
i fengsel, og personar med omfattande ruslidingar og psykiatrisk
liding?
Statsråd Bent Høie [17:19:55 ] : Det gjør sterkt inntrykk å
lese historiene til Siw og Mia. Jeg er glad for at Stavanger Aftenblad
og Avisa Nordland forteller disse historiene. Jeg er også glad for
at representanten tar opp dette til debatt i Stortinget.
Det handler om
to unge mennesker med omfattende hjelpebehov som ikke har fått god
nok hjelp. Dette kan, som vi har sett, få tragiske konsekvenser.
Vi vet at mennesker med alvorlige psykiske lidelser og rusavhengighet
har betydelig kortere levealder enn andre. Forskjellen i levealder
kan være opp mot 20 år sammenliknet med befolkningen generelt. Dette
er en forskjell vi ikke kan være bekjent av. De to sakene representanten Toppe
omtaler i sin interpellasjon, viser med all tydelighet at pasienter
innen rus og psykisk helse lett havner mellom to stoler. Mennesker
med sammensatte hjelpebehov skal ha tilgang til gode og sammenhengende
tjenester. Det finnes flere gode hjelpetiltak, men svikten skjer
dessverre ofte i overgangen og i sammenhengen mellom disse.
Mange får god
hjelp, men vi har fortsatt en vei å gå før vi kan være sikre på
at alle mennesker med store og sammensatte behov får et godt nok
hjelpetilbud. Derfor fortsetter regjeringen å prioritere psykisk
helse- og rusfeltet høyt. Vi satser spesielt på helsefremming, forebygging
og bedre behandling. Enkelthistorier om pasienter som faller mellom
ulike stoler, og som ikke får god nok hjelp, gjør dypt inntrykk.
Det er viktig at vi bruker disse hendelsene til å lære hvordan vi
kan lage enda bedre tjenester, slik at vi unngår at flere opplever
det samme som Siw og Mia.
Regjeringen er
opptatt av å sikre god helsehjelp til den enkelte pasient. Det betyr
at tjenestene må organiseres med utgangspunkt i nettopp pasientens
behov. Spesialisthelsetjenesten og kommunehelsetjenesten må samarbeide
bedre. For å legge til rette for dette har vi satt i gang flere
tiltak. Fra årsskiftet ble de første seks pakkeforløpene innen psykisk
helse og rus gjort tilgjengelig. Jeg er glad for at ett av disse
pakkeforløpene er rettet mot nettopp utredning og behandling av
barn og unge. Fra 1. januar i år kunne de første pasientene henvises til
pakkeforløp innen både psykisk helse og rus. I løpet av 2019 vil
ytterligere tre pakkeforløp bli satt i verk. Disse skal bidra til
økt brukermedvirkning, likeverdig behandling, bedre ivaretakelse
av den somatiske helsen, levevaner og ikke minst bedre samhandling.
Med pakkeforløpene får pasienten vite hva som skal skje, når det skal
skje, og hvem som har ansvaret. Hver pasient får sin egen koordinator,
som skal være pasientens og de pårørendes kontaktperson. Alle disse
elementene er helt avgjørende for at vi skal unngå den typen opplevelser
som Siw og Mia har hatt.
Hjelpetilbudet
til pasienter med særlige utfordringer blir mange steder organisert
gjennom såkalte ACT-team og FACT-team. Dette er team som gir behandling på
pasientens hjemmebane, tilpasset pasientens behov. Dette er altså
ikke tilbud om plass på en lukket institusjon eller et langtidsopphold
på en sengepost, men det er tjenester der spesialisthelsetjenesten
og kommunen sammen gir koordinert hjelp. Vi ønsker å stimulere til
at enda flere slike team etableres mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten.
ACT-teamene har en helhetlig tilnærming og hjelper mennesker med
alvorlige psykiske lidelser, sammensatte behov og eventuell samtidig rusproblematikk.
Evalueringer viser at for denne pasientgruppen er tvangsbruken redusert
med opptil 70 pst.
I tillegg har
pasientene fått bedre livskvalitet, og antall liggedøgn i spesialisthelsetjenesten
har blitt halvert. Vi ønsker at det skal etableres flere ACT-/FACT-team.
I 2018 ble det derfor gitt tilskudd til etablering og drift av åtte
ACT-team, 38 FACT-team og 21 forprosjekter over ordningen Tilbud
til mennesker med langvarige og/eller sammensatte tjenestebehov.
Det har vært en betydelig økning i antall team siden utgangen av
2017.
Psykisk helsevern
blir også et av hovedtemaene i den nye Nasjonal helse- og sykehusplan
som legges fram senere i år. Her skal vi tydeliggjøre hvordan vi
ønsker at psykisk helsevern skal utvikles videre. De siste årene
har vi sett en vekst på nærmere 2 000 årsverk i kommunalt psykisk
helse- og rusarbeid. Staten har en ordning der kommuner som yter
særlig ressurskrevende helse- og omsorgstjenester til enkeltmottakere,
kan søke om å få finansiert deler av disse utgiftene. I 2015 la
vi fram Opptrappingsplanen for rusfeltet. Med bevilgningene for 2019
har regjeringen hittil bevilget 1,8 mrd. kr til oppfølging av planen.
God tilgjengelighet
er en viktig forutsetning for å kunne hjelpe mennesker som søker
behandling for rusproblemer – ofte i kombinasjon med psykiske lidelser. For
å få til det må kapasiteten på tjenestene være god. Jeg er derfor
glad for at vi har nærmest halvert ventetiden til rusbehandling
de seneste årene. I tillegg har vi gjeninnført den gylne regel.
Det innebærer at veksten innen psykisk helsevern og tverrfaglig
spesialisert rusbehandling hver for seg skal være større enn for
somatikken. Vi har også satt i gang arbeidet med en rusreform under
overskriften Fra straff til hjelp, og vi har for kort tid siden
lansert enda en ny overdosestrategi.
Jeg vil også
berøre fengsler, som interpellanten også var inne på. Alle innsatte
har rett til de samme helsetjenestene som befolkningen for øvrig,
innen alle tre delene av spesialisthelsetjenesten. Det er vertskommunene
for fengslene som har ansvar for å tilby innsatte helse- og omsorgstjenester
etter helse- og omsorgsloven. Det er helseregionen der fengselet
geografisk er plassert, som har ansvaret for å tilby innsatte spesialisthelsetjenester
– innen både somatikk, psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert
rusbehandling.
Vi har over tid
bygd opp behandlingstilbudene for rusavhengige i fengslene. Det
er i dag 17 fengsler som har egne rusmestringsenheter for innsatte
med rusproblemer. I tillegg er det egne poliklinikker innen psykisk helsevern
ved de største fengslene, og vi ønsker å styrke dette tilbudet.
Vi vet at mange innsatte står på bar bakke ved løslatelse etter
soning. Mange står bokstavelig talt med en plastpose med personlige
eiendeler i hånden – uten noe rusfritt sosialt nettverk, bolig eller
arbeid. Derfor lanserte fem departementer i 2017 en fireårig nasjonal
strategi for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff. Denne
strategien skal bidra til å unngå den «plastposesituasjonen» som
jeg nettopp beskrev. Som en del av den nevnte strategien har regjeringen
nylig inngått en intensjonsavtale med KS om samarbeid ved løslatelse
etter straffegjennomføring.
Regjeringens
inkluderingsdugnad skal få flere med nedsatt arbeidsevne eller hull
i cv-en inn i arbeidslivet. I 2019 har vi bevilget 125 mill. kr
til dette. Svak eller ingen tilknytning til arbeidslivet er en av
årsakene til at mange mennesker med psykiske lidelser og rusproblemer
havner mellom flere stoler. Det er et paradoks når vi vet at tilknytning
til arbeidslivet både kan være en beskyttende faktor for sykdomsutvikling
og en viktig faktor i forbedringsprosessen til den enkelte. Blant
satsingene i inkluderingsdugnaden er 55 mill. kr til individuell
jobbstøtte, en metode som gjennom samtidig bistand fra Nav og helsetjenesten
skal hjelpe personer med alvorlige psykiske lidelser eller rusproblemer
inn i ordinært arbeid.
Avslutningsvis
vil jeg vise til regjeringens nye politiske plattform, Granavolden-erklæringen.
Her fremgår det at regjeringen vil styrke behandlingstilbudet innen psykisk
helsevern i kriminalomsorgen. I tillegg understrekes det at regjeringen
vil redusere bruken av isolasjon. Jeg nevner disse to elementene
fordi representanten Toppe også viser til at begge de to kvinnene
hadde sonet i fengsel, og hun tok opp denne problemstillingen i
sitt innlegg. Vi vet at mange innsatte har til dels omfattende psykiske
lidelser – ofte forbundet med rusproblemer. Det er derfor viktig
at justisministeren og jeg sammen arbeider for at innsatte skal
få den hjelpen de har behov for, og for at isolasjon under soning
begrenses så mye som mulig. Isolasjon kan i seg selv føre til en
forverret psykisk helse.
Kjersti Toppe (Sp) [17:29:44 ] : Takk til statsråden for innlegget
hans. Eg opplever at statsråden er opptatt av denne gruppa, og eg
skal innrømma at dette ikkje er enkelt. Dette er faktisk krevjande,
og det utfordrar helsetenesta vår på det som er aller mest grunnleggjande, nemleg
samarbeid og ansvar. Det handlar ofte om unge menneske som ikkje
får hjelp, som hamnar mellom alle stolar.
Så har eg utfordra
statsråden og regjeringa på kva ein ser for seg av konkrete tiltak,
slik at det faktisk fører til ei endring – at det ikkje alltid vert
slik at desse marginaliserte gruppene har stor risiko for å gå til
grunne, rett og slett. Eg er einig med statsråden i at mykje av
det som vert gjort, òg er til gagn for denne gruppa, slik som at
ein skal styrkja rus- og psykisk helse-feltet. Pakkeforløpet kan
òg bidra for denne gruppa, og ACT-team og FACT-team kan òg vera
eit veldig godt tilbod for nettopp å få til samhandlinga mellom
kommune- og spesialisthelseteneste. Like eins er det med rusreform
og overdosestrategi.
Eg har likevel
ei bekymring for at desse tiltaka vil fungera for veldig mange,
men at dei gruppene med ei historie som den eg skildrar her, er
veldig sårbare, veldig marginaliserte, og dei vil ofte ikkje sjølve
verta behandla. Det utfordrar tenesta, og da er ein nøydd til å
følgja dei opp på ein heilt annan måte enn kanskje veldig mange
andre for å få dette til. Så eg kunne ønskt at statsråden kunne
vera einig i at akkurat denne gruppa vi snakkar om her, må vi sjå
på ekstra – sjå om vi kan ha nokon spesielle tiltak som kan hjelpa
kommunar og sjukehus i eit samarbeid, for å få det til å fungera
mykje betre.
Eg er glad for
det som statsråden tar opp om isolasjon og tvang i fengsel. Det
får eg altfor lita tid til å snakka om, men Mia-saka handlar veldig
mykje om det – at personar som er psykisk sjuke, aldeles ikkje får
god nok helsehjelp i fengsel og faktisk vert sjukare av å vera der.
Statsråd Bent Høie [17:32:59 ] : Det er ikke enkelt; det er
jeg helt enig med representanten i. Det er krevende å koordinere
og å få mange av de ulike hjelpetilbudene vi har, til å henge godt
sammen rundt den enkelte. Samtidig handler det veldig ofte om det
enkle. Det handler om å ha en bolig der en føler seg trygg. Det handler
om en langvarig relasjon til få personer i helsetjenesten som en
etter hvert bygger opp tillit til, sånn at en i det en gjerne kan
beskrive som det gylne øyeblikket – der en er mottakelig for mer
hjelp eller ser en forbedring i livssituasjonen – får grepet fatt
i det og tatt det i bruk. Og det handler om muligheten til å delta
i arbeid og aktivitet, og ikke minst om grunnleggende helsehjelp.
Det er nettopp
der jeg ser at ACT- og FACT-teamene når fram. Det er en ordning
som er laget for kanskje nettopp den ene promillen av innbyggerne
våre som sannsynligvis Mia tilhører og Siw tilhørte.
Fra jeg veldig
tidlig var aktiv i lokalpolitikken, husker jeg veldig godt historiene
jeg fikk fra administrasjonen i kommunen om de håpløse vi hadde
i kommunen, de det ikke var mulig å hjelpe. Dette er nettopp den ene
promillen, og de er ikke håpløse. Det er hjelpetilbudet vi har tilbudt
dem, som har skapt håpløsheten og ikke bidratt til å hjelpe dem
videre. Samtidig som jeg startet som lokalpolitiker, møtte jeg også
en ung engasjert mann som jeg ble delvis kjent med, og som jeg ikke møtte
igjen før for kort tid siden. I mellomtiden hadde han vært én av
denne ene promillen, men ikke vært blant dem som hjelpeapparatet
kanskje tidligere sa det ikke var mulig å hjelpe. Han hadde vært
innlagt store deler av året, ofte på tvang. Nå bor han i egen bolig,
tar høyere utdanning og har fått en helt annen livssituasjon – nettopp
gjennom at han på et tidspunkt fikk oppfølging av et ACT-team i
sin kommune.
Det forteller
meg at det er håp, og jeg er helt enig med representanten i at en
ikke skal gi opp noen, men alltid ha tro på at det er mulig å utgjøre
en forskjell. Vi må bli enda flinkere til å tilpasse tilbudene våre
rundt den enkelte.
Tellef Inge Mørland (A) [17:36:15 ] : Det er en viktig interpellasjon
representanten Kjersti Toppe har tatt opp. Gjennom historiene til
Siw og Mia gir det muligheten for å reise en debatt rundt de aller
mest sårbare innenfor psykisk helse og rus.
Det er gjerne
historier om rus og psykiske lidelser som er fortellingen om hvordan
det går når tidlig innsats svikter, for stort sett er ikke starten
psykiske lidelser og tunge rusproblemer. Ofte er veien dit ganske
lang, men vi ser konsekvensene av at samfunnet ikke har lyktes i
å hjelpe på veien, og dermed at utfordringene har fått lov til å
utvikle seg.
Helseministeren
er inne på bl.a. innføringen av pakkeforløp for psykisk helse og
rus. Jeg tror det kan være mye positivt med innføringen av den typen
pakkeforløp. Samtidig er det også helt avgjørende at ressursene følger
med når man innfører pakkeforløpene. Arbeiderpartiet har for 2019
foreslått å styrke kommunenes økonomi med 3,5 mrd. kr og sykehusenes
økonomi med 1,6 mrd. kr mer enn regjeringen. Det er selvsagt ikke hele
svaret, men forutsetningen for at en skal få til god samhandling
er også at en har de folkene som trengs for å lykkes i en slik type
arbeid.
Så handler det
også om at man samhandler for å finne gode løsninger, og ikke bruker
situasjonen til å skyve ansvaret over på hverandre. Vi hadde tidligere
i dag en sak rundt nedbyggingen av sengeplasser i psykiatrien. Det
er i hvert fall min opplevelse at den nedbyggingen ikke nødvendigvis
alltid skjer på grunn av faglige argumenter og fordi kommunene står
klare til å ta over, men at det er økonomisk begrunnet. Kanskje
særlig i denne typen saker som Kjersti Toppe reiser i interpellasjonen, er
det helt avgjørende at det er de faglige argumentene som får lov
til å vinne, og ikke en trang økonomisk situasjon som tvinger fram
løsninger som er dårlig for enkeltpersonen, men som også gjør at
samfunnet vil oppleve å ha disse personene i hjelpeapparatet kanskje
hele livet deres, fordi en ikke gjør det skikkelig når en først setter
inn innsatsen.
Så skal jeg ta
et litt annet eksempel, og det er dem som kanskje er på vei ut av
de utfordringene de står i. I fjor hadde vi en sak rundt ettervern,
der en samlet opposisjon, inkludert Kristelig Folkeparti, var veldig
opptatt av at vi måtte få til en bedre samhandling for dem som har
hatt rusutfordringer, har vært inne til behandling og skal ut og
tilbake i en kommune – en sak der det ble et flertall for en integrering
av behandlingstilbudet for pasienter med rusrelaterte lidelser og/eller
psykiske lidelser, der flertallspartiene pekte på at helseforetakene måtte
forpliktes på sitt ansvar for oppfølging og tilrettelegging etter
utskrivelse fra døgnbehandling.
Da vi behandlet
budsjettet, var svaret fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre
på nettopp dette punktet at dette utfordret ansvarsfordelingen mellom
spesialisthelsetjenesten og kommunene i oppfølgingen av pasienter
etter utskriving fra døgnbehandling. Ja, det kan så være, men jeg
tror det er helt nødvendig hvis vi skal lykkes, at ikke den ene
instansen slipper taket før den andre har vist at den har tatt over
ansvaret. Her trenger vi fleksibilitet i systemet, ikke rigide grenser
for at dette er spesialisthelsetjenestens ansvar eller kommunehelsetjenestens
ansvar, og at man da får muligheten til å skylde på hverandre, men
tvert imot å stå sammen om ønsket om å samhandle til det beste for
hver enkelt.
Jeg tror absolutt
at vi i denne salen har et tverrpolitisk felles mål om å hjelpe
disse gruppene, men så er forutsetningen at det følges opp med en
vilje til å sette inn både riktige og tilstrekkelige ressurser.
Bård Hoksrud (FrP) [17:41:06 ] : I sykepleierutdanningen lærer
studentene at mennesker er sammensatt på mange vis, og synliggjør
dette gjennom å dele mennesker inn i fire områder: det fysiske,
det psykiske, det åndelige og det sosiale. Alle områder er like
viktige for å oppnå en helhet.
Gjennom flere
tiår har vi i Norge jobbet for å likestille psykisk helse og fysisk
helse. Det skal ikke bety noe hvor du har vondt, om det er i hjertet
eller i sjela, i hodet eller i tankene, i øynene eller i synsoppfattelsen.
Etter hvert har medisinen og psykologien funnet hverandre, og vi
har forstått at ting henger sammen, i alle fall på et overordnet
plan. Vi vet nå at psykiske symptomer, plager og lidelser kan ha
fysiske årsaker, og omvendt.
I Norge skal
du få like rask og god hjelp uansett hva dine plager er. Derfor
skjærer det i hjerterota når en hører historier som dem om Mia og
Siw – to unge, sårbare mennesker som ikke fikk den hjelpen de trengte
da de trengte den, ungdommer som opplevde å ikke bli sett, selv
om flere sto rundt og så. Hvordan kan dette skje, spør vi oss. Hvorfor
så vi ikke? Hvorfor kunne vi ikke hjelpe?
Det finnes dessverre
flere som Mia og Siw rundt om i vårt langstrakte land. Fortsatt
forsker vi på hvorfor. Heldigvis for dem sees og forståes de fleste,
men noen når vi dessverre ikke inn til.
Interpellanten
Toppe spør statsråden hva han kan gjøre for å sikre at de mest sårbare
menneskene får hjelp og koordinerte tjenester, både fra sykehus
og fra kommune, og for å hindre at menneskeliv går til grunne.
Denne regjeringen
har fra dag én satset på oppbygging av psykiske helsetjenester og
tjenester til rusavhengige, bl.a. gjennom den gylne regel. Forebygging
av psykiske lidelser er et stort satsingsområde, og kommunene har
fått økt sine budsjetter for å bygge opp skolehelsetjeneste og helsestasjon,
for opprettelse av psykologstillinger og for å bygge ut gode samarbeidsrutiner
mellom første- og andrelinjetjenesten. Jeg mener at mye av det formelle,
koordinerte samarbeidet allerede er planlagt og ligger til rette
for bruk. Mye er også tatt i bruk, men disse tjenestene skal utvikles
og utføres av fagpersoner – fagpersoner som skal respektere hverandres
faglighet, fagpersoner som sammen finner den rette veien å gå, fagpersoner
som er trygge nok til å legge egne mål til side for å stille det
viktigste spørsmålet i møtet med pasienten og brukeren: Hva er viktigst
for deg?
Jeg har tenkt
og tenkt. Kan noe menneske hindre at et menneskeliv går tapt? Jeg
tror noen ganger, men ikke alltid. Det betyr ikke at vi skal gi
opp. Vi skal fortsette å søke etter svar gjennom samtaler med mennesker
som har det vanskelig, samtaler med pårørende, med organisasjonene.
Spesielt har jeg tro på at tett samarbeid med ungdommene i Forandringsfabrikken
kan være med og gi oss svar vi ikke kjente til fra før.
I går var jeg
i et møte ved noe som heter Frisk Bris-prosjektet i Bamble, som
nettopp tar for seg noe av det jeg opplevde at også representanten
Tellef Inge Mørland tok opp, dette at man må jobbe sammen, både
kommunehelsetjeneste, spesialisthelsetjeneste, Nav osv., og at man
har noen som sørger for at mennesker som sliter, og som har store
utfordringer med både rus og psykiatri, får hjelp til å komme i
gang igjen, sånn at de kan komme tilbake. For det å være utenfor,
det å stå utenfor det sosiale fellesskapet, er tøft, og det handler
om hvordan vi kan sørge for at folk kommer inn igjen.
Derfor er dette
så viktig, og derfor er jeg veldig glad for den debatten representanten
Toppe tar opp. Jeg opplever også at statsråden er veldig klar på
at dette er en viktig debatt, og at det er viktige diskusjoner.
For det handler om å hjelpe mennesker, noen av dem som sitter aller
nederst ved bordet, og om å ha de gode tiltakene, de som gir verdighet,
de som gir respekt, og de som hjelper folk tilbake på en god måte.
Kjersti Toppe (Sp) [17:45:14 ] : Takk til dei som har tatt
ordet.
Helseministeren
sa at ein ikkje skal gi opp nokon, og det er eg glad for at han
seier. Han kommenterte at eg sa at dette var krevjande med å seia
at det òg eigentleg er enkelt. Eg er ikkje ueinig i det heller,
for det som kanskje er krevjande
i helsetenesta vår – så fragmentert den trass alt er – er å sikra
det som er enkelt, det som er heilt basalt.
Statsråden sa
at det handlar om langvarige relasjonar, bustad, «det gylne øyeblikket»,
arbeid og aktivitet og grunnleggjande helsehjelp, og det er heilt
rett, men særleg det siste. Først og fremst handlar det om at dei ikkje
døyr, at dei ikkje tar livet sitt. Når det er kome så langt, er
det faktisk det det handlar om.
Så er det dette
med ACT- og FACT-team og styrking av rus, psykisk helse: Sjølvsagt
er dette den plattforma som vi må ha, dei rammene som vi må ha der
ute, for òg å hjelpa denne gruppa. Men eg trur at vi kan ha masse ressursar
til psykisk helse, masse ressursar til kommunane og til helsetenesta
– og likevel kan denne gruppa på ein måte forsvinna mellom alle
stolar. For det handlar òg om system, både i kommunane og på sjukehusa,
og så handlar det om systemsamarbeid mellom dei to.
Og det er jo
rart, når vi høyrer om Mia, som har hatt 24 akuttinnleggingar på
eitt år i psykisk helsevern: Uavhengig av om ein har eit slikt eller
sånt tilbod, meiner eg at det er urovekkjande at det ikkje vert
tatt grep. Eg må få seia det, for da vert det jo òg mykje vanskelegare
å oppdaga dei som faktisk er i faresona og setja inn tiltak tidlegare,
slik at ein ikkje vert skada. For jo lenger det går, og jo meir
skada ein vert, jo vanskelegare vert det å få eit betre liv igjen,
jo vanskelegare å behandla.
Eg kunne ønskt
at statsråden sa noko om tvangsproblematikken, for det er ei kjensgjerning
at for nokon av desse er det slik at for lite tvang òg kan vera
skadeleg. Dette med tvang frå kommunen si side har kome opp, no
når det er vanskelegare å tvangsinnleggje når ein er samtykkekompetent,
noko som alle er einige i. Eg synest dette òg er noko ein må tora
å diskutera. Eg veit det skal koma eit utval som seier noko om dette,
men likevel ville det vera bra om statsråden sa noko om dette.
Statsråd Bent Høie [17:48:36 ] : Takk for en god debatt. Jeg
oppfatter at det ikke er noen uenighet om hva som er vårt felles
mål. Det er også veldig mye enighet om virkemidlene.
FACT- og ACT-team
vil etter min oppfatning være en veldig god måte å jobbe på for
dem som har så store og sammensatte behov. Representanten Toppe
har helt rett i at vi må håpe at vi i framtiden klarer å ha en helsetjeneste
som er organisert slik at vi klarer å fange opp folk tidligere,
før det går så lang tid, og at man får mer systematisk hjelp. Jeg
har stor tro på at hvis vi lykkes med det arbeidet som nå er i gang
med pakkeforløp – et system for å håndtere og gi oppfølging og behandling
til den enkelte og organisere tjenestene på et tidligere tidspunkt,
som dette vil bidra til – vil vi forhåpentligvis unngå at noen kommer
i den situasjonen at de har behov for så sammensatte tjenester som
det som er utgangspunktet for denne debatten.
Så tar representanten
opp spørsmålet om tvang. Mitt utgangspunkt er at jeg er bekymret
for tvangsbruken i den norske helsetjenesten. Fordi variasjonen
er så stor, er det all grunn til å tro at det er for høy bruk av tvang.
Så er det selvfølgelig
også, som representanten var inne på, noen ganger riktig å bruke
tvang. Det er f.eks. riktig å bruke tvang hvis man er redd for at
en person kan ta sitt eget liv. Man kan bruke tvang hvis man er
redd for at en person utgjør en alvorlig fare for andre.
Så har vi behov
for en grunnleggende diskusjon om regelverk og lovgivning på dette
området. Derfor er jeg glad for at det nå er ganske kort tid til
tvangslovutvalget legger fram sine forslag. Tvangslovutvalget skal
nettopp se på regelverket på dette området, som jo i dag i veldig stor
grad ikke er tilpasset den enkelte bruker, fordi vi har ulikt regelverk
innen psykisk helse, rus, somatikk, og kommunene og spesialisthelsetjenesten
har ulikt regelverk.
Mange har, som
vi har vært inne på i denne debatten, samtidige rusrelaterte, psykiske
og somatiske helseutfordringer. De får samtidig hjelp både fra kommune-
og spesialisthelsetjenesten, og man kan selv tenke seg hvor mange
mulige kombinasjoner det er av tvangsregelverk i møte med en person,
og det blir komplisert. Jeg er veldig spent på det arbeidet tvangslovutvalget
har gjort. Jeg er sikker på at det vil føre til mye debatt videre om
nettopp det temaet.
Presidenten: Debatten
i sak nr. 9 er avslutta.