lov
om endringar i opplæringslova,
friskolelova og folkehøyskoleloven (plikt til å tilby intensiv opplæring
og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)
I
I lov 17. juli
1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det
gjort følgjande endringar:
§ 1-3 skal lyde:
§ 1-3. Tilpassa opplæring
Opplæringa skal tilpassast evnene
og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten
og lærekandidaten.
§ 1-4 skal lyde:
§ 1-4. Tidleg innsats på 1. til 4. trinn
På 1. til 4. årstrinn skal skolen
sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i
lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring
slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt
beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode
givast som eineundervisning.
Noverande § 1-4
og § 1-5 blir § 1-5 og § 1-6.
§ 2-1 tredje ledd skal lyde:
Grunnskoleopplæringa skal til vanleg
ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering
er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til
å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt
år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg
samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten
eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen
etter sakkunnig vurdering la
eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har
fylt 5 år.
§ 2-3 a sjette ledd skal lyde:
Elevar som har fylt 15 år, gir
sjølv skriftleg melding som nemnt i andre ledd.
§ 3-6 første ledd skal lyde:
Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste
for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje
er i opplæring eller i arbeid. Tenesta gjeld til og med det året
dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten
etter § 4-6.
§ 4-1 skal lyde:
§ 4-1. Kven som er lærling, praksisbrevkandidat,
lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb
Lærling er etter denne lova den
som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve
i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3-4.
Praksisbrevkandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt
med sikte på praksisbrevprøve. Lærekandidat er etter denne lova
den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre
omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Kandidat for fagbrev på jobb er
etter denne lova den som har skrive ein kontrakt om opplæring på
grunnlag av allsidig praksis og realkompetanse med sikte på fag-
eller sveineprøve.
Når lærlingar, praksisbrevkandidatar
og lærekandidatar får opplæring i skole, gjeld reglane for elevar.
Departementet
fastset forskrift med krav til praksis for kandidatar for fagbrev
på jobb.
§ 4-2 skal lyde:
§ 4-2. Særlege rettar og plikter for
lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for
fagbrev på jobb
Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på
jobb har rett til opplæring i samsvar med lærekontrakten,
opplæringskontrakten og kontrakten
om fagbrev på jobb.
Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb er
arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og
er plasserte i, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover
og tariffavtalar. Der lærlingar, praksisbrevkandidater og lærekandidater
har teikna både arbeidsavtale og lærekontrakt eller opplæringskontrakt
med same part, kan arbeidsavtalen likevel ikkje hevast utan at kontrakten
kan hevast etter § 4-5 tredje leddet og § 4-6 siste leddet.
Når læretida for lærlingar, praksisbrevkandidatar
og lærekandidatar etter kontrakten er over, eller når
kontrakten blir heva etter § 4-6, fell også arbeidsavtalen bort.
Dersom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten skal
halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.
Lærlingar, praksisbrevkandidatar
og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk
teneste som elevar i vidaregåande skole.
Lærekandidatar som ikkje har eller
ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet,
har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring
gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet siste setning, §§ 5-3, 5-4,
5-5 og 5-6 tilsvarande.
§ 4-3 første ledd skal lyde:
Bedrifter som tek på seg opplæring
av ein eller fleire lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar eller kandidatar for fagbrev på
jobb, må vere godkjende av fylkeskommunen. Som lærebedrift
kan godkjennast private og offentlege verksemder og organ for samarbeid
mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar (opplæringskontor
eller opplæringsring). Lærebedrifta må vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda
før fylkeskommunen kan godkjenne bedrifta. Fylkeskommunen skal leggje
avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda
før endeleg vedtak blir gjort.
§ 4-4 skal lyde:
§ 4-4. Rettane og pliktene til lærebedrifta
m.m.
Lærebedrifta pliktar å leggje til
rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb kan nå
måla i den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav
på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell
opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikle
ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får
ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den
individuelle opplæringsplanen. I fall delar av opplæringa skal givast
av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta leggje til rette for
dette.
Lærebedrifta skal skape eit godt
arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærlingen,
praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb skal
til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre
arbeidstakarar i faget.
Lærebedrifta melder lærlingen og kandidaten for fagbrev på jobb til
den fagprøva eller sveineprøva som blir halde nærmast den tida da
læretida eller kontraktstida er
ute. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten til den praksisbrevprøva
som blir halde nærmast den tida da læretida er ute. Lærebedrifta
melder lærekandidaten til kompetanseprøva. Lærebedrifta stiller
nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til
rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet.
Dersom fagprøva, sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva
blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen
eigedomsretten til produktet av prøva.
Dersom lærebedrifta stansar eller
utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg
å gi lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på
jobb tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til
fylkeskommunen.
Lærebedrifter får tilskot til opplæringa
frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.
§ 4-5 første ledd skal lyde:
Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt
mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal
opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og praksisbrevkandidaten
eller lærekandidaten når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg kontrakt
om fagbrev på jobb mellom lærebedrifta og kandidaten for fagbrev
på jobb når læreforholdet tek til. Det skal gå fram av
kontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa
etter den fastsette læreplanen.
§ 4-5 andre ledd skal lyde:
For å bli gyldig må kontrakten
godkjennast av fylkeskommunen. Lærekontrakten
og opplæringskontrakten får verknad frå den tida arbeidsforholdet
tek til. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane
som lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på
jobb har. Departementet kan gi nærmare forskrifter om
innhaldet i og forma på kontrakten.
§ 4-6 andre ledd skal lyde:
Lærekontrakten, opplæringskontrakten eller kontrakten om fagbrev på
jobb kan hevast av partane dersom dei er samde om det
og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg
om det. Kontrakten om fagbrev
på jobb fell bort dersom arbeidskontrakten fell bort.
§ 4-6 tredje ledd skal lyde:
Etter samtykke frå fylkeskommunen
kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på
jobb dersom
-
a) den
andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine
i arbeidsforholdet
-
b) ein av partane viser
seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller
-
c) lærlingen,
praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på
jobb skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe
for han eller ho å halde fram ut kontrakttida
§ 4-6 femte ledd skal lyde:
Før det blir gjort vedtak om heving
etter krav frå lærebedrifta, skal lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på
jobb kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere
vedtaket.
§ 4-7 skal lyde:
§ 4-7. Internkontroll i den enkelte
lærebedrifta
Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring,
slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på
jobb får opplæring i samsvar med lova her og forskrifta
til denne. Ein eller fleire representantar for arbeidstakarane skal
saman med den eller dei faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedrifta
følgjer pliktene etter opplæringslova med forskrift.
Lærebedrifta skal årleg rapportere
til fylkeskommunen om opplæringa av lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Departementet
kan gi nærmare forskrifter om rapporteringsplikta til lærebedrifta.
§ 4A-9 første ledd skal lyde:
Når ein deltakar vedvarande
har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro
på skolen, eller når ein
deltakar alvorleg forsømmer pliktene sine, kan kommunen eller fylkeskommunen
vise deltakaren bort
frå resten av det kurset deltakaren er
teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten
av kurset kan fylkeskommunen også vedta at deltakaren skal misse
retten til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.
§ 4A-11 skal lyde:
§ 4A-11. Forsøk
§ 1-5 gjeld
tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.
§ 4A-13 andre ledd skal lyde:
Vaksne som ikkje har eller kan
få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet,
har rett til spesialundervisning etter reglane i § 4A-2. Dette inkluderer
nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.
§ 13-4 første ledd skal lyde:
Kommunen er ansvarleg for skyss
av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av
særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen skal oppfylle retten
til reisefølgje og tilsyn for grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen
ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel
7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar
og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.
Ny § 15-8 skal lyde:
§ 15-8. Samarbeid med kommunale tenester
Skolen skal samarbeide med relevante
kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med
helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar.
Når det er nødvendig og forholdsmessig
for å vareta ansvaret etter første ledd, kan dei samarbeidande tenestene
behandle personopplysningar, inkludert særlege kategoriar av personopplysningar
og opplysningar om straffbare forhold.
II
I lov 6. desember
2002 nr. 72 om folkehøyskoler blir følgjande endring gjord:
Ny § 1 a skal lyde:
§ 1 a Lovens anvendelse for Svalbard
Loven gjelder for Svalbard.
III
I lov 4. juli
2003 nr. 84 om frittståande skolar blir desse endringane gjorde:
§ 2-3 andre ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift
om krav til læreplanen, vurdering av elevar, klage på vurdering,
eksamen og dokumentasjon. Departementet gir forskrift om aktivitetar
i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag. Departementet kan også
gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg
språkopplæring, om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande
opplæring eller praksis, og om fritak for den praktiske delen av
kompetansemåla i faget kroppsøving i den vidaregåande skolen.
§ 3-4a skal lyde:
§ 3-4a. Tilpassa opplæring
Opplæringa skal tilpassast evnene
og føresetnadene hjå den enkelte eleven.
Ny § 3-4b skal lyde:
§ 3-4b. Tidleg innsats på 1. til 4. trinn
På 1. til 4. årstrinn skal skolen
sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i
lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring
slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt
beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode
givast som eineundervisning.
Ny § 3-6 b skal lyde:
§ 3-6 b. Samarbeid med kommunale tenester
Skolen skal samarbeide med relevante
kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med
helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar.
Når det er nødvendig og forholdsmessig
for å vareta ansvaret etter første ledd, kan dei samarbeidande tenestene
behandle personopplysningar, inkludert særlege kategoriar av personopplysningar
og opplysningar om straffbare forhold.
IV
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Presidenten: Det
voteres over komiteens innstilling til opplæringslova § 1-4 og friskolelova
§ 3-4 b.
Arbeiderpartiet, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet De Grønne og Rødt har varslet
at de vil stemme imot.
Votering:
Komiteens innstilling ble bifalt
med 51 mot 45 stemmer.
(Voteringsutskrift kl. 19.36.00)
Presidenten: Det
voteres over komiteens innstilling til resten av romertallene og
samtlige gjenstående paragrafer.
Votering:
Komiteens innstilling ble enstemmig
bifalt.
Presidenten: Det
voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin
helhet ble enstemmig bifalt.
Presidenten: Lovvedtaket
vil bli ført opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.