Stortinget - Møte tirsdag den 30. januar 2018

Dato: 30.01.2018
President: Olemic Thommessen

Søk

Innhold

Sak nr. 4 [11:48:30]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helseministeren: «Konsensuspanelet vedrørende legemiddelassistert rehabilitering, LAR, under svangerskapet har avgitt sin rapport 27. november 2017. Panelet viser til at så lenge en ikke kan utelukke en mulig skadelig virkning av legemidler i LAR, så må føre-var-prinsippet gjelde. Det anbefales behandlingsalternativer for gravide med opioidavhengighet som ikke innebærer bruk av opioider eller andre legemidler med fosterskadelig potensial. Det vises til at omkring halvparten av barna som fødes av kvinner som er i LAR vil utvikle neonatalt abstinens-syndrom, NAS. Sikkerheten for bruk av LAR-medikamenter i svangerskapet er ikke dokumentert. Krav til undersøkelse av mulige fosterskader ved introduksjon av et legemiddel er i dag sterkere enn for LAR-medikamentene. Panelet anbefaler nedtrapping eller avslutning av LAR under graviditet, og åpner for pålegg om bruk av prevensjon for kvinner i LAR. Hvordan vil statsråden følge opp rapporten»?

Talere

Kjersti Toppe (Sp) []: Barn og legemiddel er eit viktig helsepolitisk område, der det tradisjonelt har vore lagt sterk vekt på føre-var-prinsippet. Særleg gjeld dette for dei ufødde barna. Kan ein ikkje sjå bort frå ein negativ verknad på fosteret av eit legemiddel, skal ein rå mor ifrå å bruka det. Det har i mange år vore ein fagleg, men òg politisk debatt omkring Helsedirektoratets nasjonale retningslinjer for kvinner i LAR. Ueinigheita har handla om kva som er til det beste for barnet, og kva som er konsekvensane for barnet dersom mor tar LAR-medikament under svangerskapet.

Da Stortinget i april 2016 behandla Opptrappingsplanen for rusfeltet, var ein samla komité tydeleg på at dei nasjonale retningslinjene for LAR og gravide burde endrast. Det vart gjort vedtak om å be regjeringa stilla krav til at helsetenesta skal gi alle kvinner i reproduktiv alder som skal starta opp i LAR, grundig informasjon om LAR-behandling og graviditet. Kvinner i LAR som ønskjer å få barn, må få tilbod om hjelp til nedtrapping av LAR-medikament, men komiteen understrekar òg at det må gjerast individuelle vurderingar av konsekvensar av ei eventuell nedtrapping.

Ein samla komité gjorde òg vedtak om å be regjeringa innføra ei enkel og ubyråkratisk ordning som kan gi kvinnene i LAR gratis langtidsverkande prevensjon ved oppstart i LAR. Spørsmålet er kva regjeringa og helsemyndigheitene har gjort for å innføra Stortinget sitt vedtak. Det er ein realitet at kvart år vert det fødd ca. 30 barn som er rusavhengige. Og for kvart år som går utan ei endring her, må helsepersonell ta imot abstinenssjuke barn ved norske fødeavdelingar. Vi veit i dag at alle former for rusmiddel under svangerskapet utgjer ein trussel mot fosteret og barnet som vert fødd. Barn som vert fødde av mor i LAR, går ofte rett inn i sterke abstinensar. Det er ein forferdeleg start på livet, og det er ein uakseptabel start på livet. Gravide kvinner kan tvangsavrusast av omsyn til fosteret, av omsyn til barnet, men for kvinner som går på LAR, er det annleis. Helsemyndigheitene har meint at det er betre å inkludera gravide rusavhengige i LAR enn ikkje å gjera det. Mors behov for medikament har vege tungt.

Dagens retningslinjer for gravide i LAR kom i 2011. I desse vert det slått fast at kvinner i LAR framleis skal få tilbod om medikament om dei vert gravide. Det vert hevda at det er usikkert kva effekt dette har på barnet. Men helsepersonell som jobbar med desse barna, har heile tida vore ueinige. Dei fortel om barn som lir, har krampar, kastar opp – altså det same som vaksne som har abstinensar.

I retningslinjene for LAR står det at kvinner i LAR bør få tilbod om prevensjon – det er altså ikkje nokon føresetnad, og det er heller ikkje ei oppfordring. Det er òg eit faktum at kvinner som startar opp i LAR, har auka risiko for å verta gravide om dei ikkje brukar prevensjon. Mange behandlarar melder om at denne gruppa ikkje automatisk har fått tilbod om gratis langtidsverkande prevensjon. Det måtte søkjast om det, og det var ikkje alltid like enkelt å få til i praksis.

I juni 2017 arrangerte Helsedirektoratet ein konsensuskonferanse om LAR og gravide. I november 2017 la konsensuspanelet fram rapporten sin. Dei kom med tydelege anbefalingar, som har vorte godt mottatt i fagmiljøa, og som er i tråd med det som Stortinget skreiv i merknader i innstillinga til Opptrappingsplanen for rusfeltet. Konsensusrapporten la til grunn at føre-var-prinsippet skal vektleggjast i større grad enn dagens retningslinjer, og ein kan ikkje sjå bort frå at både metadon og buprenorfin kan gi skade på fosteret. Konsensuspanelet konkluderte med at anbefalinga om å oppretthalda bruk av LAR-middel bør endrast. I staden for at det vert anbefalt at bruk av LAR-medisin bør vidareførast under graviditet, meiner dei at anbefalinga må vera at bruk av LAR-medisin kan vidareførast under graviditet. Dei meiner at dagens anbefaling om at nedtrapping bør avgrensast til ei nedtrapping mellom 14. og 32. svangerskapsveke, ikkje lenger bør vera med i retningslinjene. Dei meiner at buprenorfin er det føretrekte legemiddelet dersom LAR-medikament skal vidareførast under graviditet.

Så anbefaler dei at ein skal gi informasjon om kva slags konsekvensar LAR-legemiddel har på helsa til barna, og at den gravide i LAR må inngå ei kontraktsmessig forplikting om å avstå frå andre rusmiddel enn det ho er avhengig av. Og konsensuspanelet meiner at retningslinjene i større grad må gå inn på dei legemiddelfrie behandlingsmetodane ein kan tilby ei kvinne som ønskjer å verta gravid. Dei anbefaler også at barn fødde av mødrer med opioidavhengigheit bør følgjast opp lenger enn til skulealder, som er realiteten i dag.

Så skriv konsensuspanelet vidare at det er deira erfaring at det i dag vert stilt sterkare krav til undersøking av moglege fosterskadar ved introduksjon av eit legemiddel enn det har vore gjort ved LAR-medisin. Det er ein tankevekkjar.

Konsensuspanelet konkluderte med at fertile kvinner ved oppstart i LAR sterkt bør anbefalast å bruka langtidsverkande prevensjon. Berre dersom kvinna ikkje frivillig brukar prevensjon eller ikkje er i stand til å samtykke, kan eit pålegg verta aktuelt. Eit pålegg som varer så lenge kvinna er i LAR, vil ifølgje konsensuspanelet ikkje vera akseptabelt ut frå menneskerettane, men dei vurderer det som at eit tidsavgrensa pålegg om prevensjon ved oppstart i LAR, til kvinna er stabilisert, er eit langt mindre inngripande tiltak og kan vera akseptabelt etter menneskerettane. Det krevst lovheimel for å gripa inn i retten til å bestemma sjølv, og sjølv om eit vilkår for prevensjon er knytt til at ei kvinne mottar LAR frå det offentlege, er det så inngripande at det neppe kan påleggjast utan at det finst ein lovheimel for å gjera det. Konsensuspanelet meiner at lova i så fall bør nemna dette som ei moglegheit. Eit av spørsmåla mine er om statsråden vil følgja opp dette innspelet frå konsensuspanelet.

Spørsmålet er òg om helse- og omsorgsministeren meiner det han skriv når han i svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Tellef Inge Mørland uttaler: «Inntil en ny retningslinje foreligger, er det gjeldende retningslinje som gjelder.» Ei ny retningslinje vil ikkje vera klar for implementering før i 2019. Da har det gått fleire år etter at Stortinget gjorde sine vedtak, og vi har hatt ein rapport som støttar det vi vedtok. Men det interessante er at Helsedirektoratet på heimesidene sine skriv:

«Inntil det foreligger en revidert retningslinje, ber Helsedirektoratet om at behandlingsansvarlig fremover vektlegger føre-var-prinsippet i tråd med slik konsensuspanelet anbefaler. Det vil være en individuell vurdering basert på kvinnens situasjon og ønske, om det er mulig å trappe ned, og på hvilken måte det skal skje.»

Spørsmåla mine er – overordna: På kva måte vil konsensuspanelet sine anbefalingar verta følgde opp? Er det gjeldande retningslinje som skal gjelda inntil ei ny er komen, eller er det slik som Helsedirektoratet skriv, at ein må ta anbefalingane inn allereie no? Eller er det ein annan måte helseministeren meiner at Stortinget sine vedtak skal følgjast opp på? Eg har òg eit spørsmål som gjeld prevensjon. Er det slik no at kvinner i LAR på ein enkel og ubyråkratisk måte får tilbod om langtidsverkande prevensjon? Vert dei sterkt oppfordra om å bruka prevensjon, slik som anbefalingane er? Og vil ein starta eit forsøk der ein følgjer barn som vert fødde av mødrer i LAR, utover 7-årsalderen?

Statsråd Bent Høie []: Det er et viktig tema som representanten Toppe tar opp i denne interpellasjonen. Det er et tema som jeg selv har vært engasjert i i flere år. Gravide rusavhengige er en sårbar pasientgruppe, og jeg er glad for at konsensuspanelet har gjort et grundig arbeid med anbefaling om behandling av kvinner i legemiddelassistert rehabilitering, LAR. Denne rapporten vil bli fulgt opp.

Nasjonal retningslinje for legemiddelassistert rehabilitering ved opioidavhengighet fra 2011 inneholder råd og anbefalinger for tjenestene til personer som er avhengige av heroin eller andre opioider. I 2012 kom Nasjonal retningslinje for gravide i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og oppfølging av familiene frem til barnet når skolealder. Samlet sett dekker disse to retningslinjene alle sider ved LAR.

Som kjent har det vært faglig uenighet rundt Helsedirektoratets nasjonale retningslinjer for gravide i LAR. Uenigheten har i første rekke handlet om hensynet til barnets beste, ettersom vi mangler kunnskap om mulige konsekvenser for barnet dersom mor inntar LAR-medikamenter under svangerskapet.

Helsedirektoratet gjennomførte en konsensuskonferanse om graviditet og LAR i juni 2017. En konsensuskonferanse er en formell metode der det velges et tema som det er faglig uenighet om. Helsedirektoratet nedsatte et fagpanel og inviterte fagpersoner som presenterte forsknings- og kunnskapsoppsummeringer omkring gravide og LAR.

Panelet leverte en rapport i desember 2017, basert på innspill fra konferansen og nasjonal og internasjonal kunnskap om temaet. Panelet har vurdert ekspertuttalelser, juss, etikk og brukerstemmer som kom fram på konsensuskonferansen.

Helsedirektoratet har opprettet en hurtigarbeidende arbeidsgruppe med representanter fra barnevern, helsestasjon, barneavdeling, spedbarnssenter, psykisk helse- og rustjenester – herunder avdeling for gravide og småbarnsfamilier, kvinneklinikk og brukerorganisasjoner. En rekke helseprofesjoner er også med i arbeidsgruppen. Arbeidsgruppen skal revidere den faglige retningslinjen for gravide i LAR og oppfølging fram til barnet når skolealder. Arbeidet skal være ferdig i juni 2018.

Konsensuspanelet legger til grunn at føre-var-prinsippet skal vektlegges i større grad enn det dagens retningslinje gjør. Helsedirektoratet understreker at de vil rette seg etter dette i arbeidet med de nye retningslinjene.

Helsedirektoratet viser til at de 21. desember 2017 sendte brev til alle landets LAR-tiltak, helseregionene, Statens helsetilsyn og brukerorganisasjoner om hvordan de vil følge opp rapporten fra konsensuspanelet. Direktoratet ber tjenestene om at behandlingsansvarlig framlegger føre-var-prinsippet i tråd med konsensuspanelets anbefalinger inntil en revidert retningslinje foreligger. I brevet presiseres det at det vil være en individuell vurdering basert på kvinnens situasjon og ønske om det er mulig å trappe ned, og på hvilken måte dette eventuelt skal skje.

Helsedirektoratet skriver videre:

«Dagens retningslinje anbefaler at kvinner i fertil alder bruker prevensjon ved oppstart av LAR og slår fast at hormonspiral (langtidsvirkende prevensjon) bør være det anbefalte middelet. Helsedirektoratet ber de som har ansvaret for behandlingen om at langtidsvirkende prevensjon tilbys og drøftes ved oppstart av LAR hos kvinner i fertil alder.»

Jeg er glad for at Helsedirektoratet så tydelig kommuniserer at de vil rette seg etter konsensuspanelets vektlegging av føre-var-prinsippet når de nå reviderer den faglige retningslinjen, og at de vil prioritere dette arbeidet i 2018.

Når det gjelder spørsmålet om oppfølgingen av muligheten for at kvinner i LAR får langtidsvirkende prevensjon og informasjon, fikk alle helseregionene i 2017 følgende oppdrag, at helseregionene skal «sikre at kvinner i LAR får informasjon om LAR-behandling og graviditet og tilbud om nedtrapping av LAR-medikamenter, og tilgang til gratis langtidsvirkende prevensjonsmidler i regi av LAR». Jeg ble allerede sist høst gjennom styringsdialogen med helseregionene orientert om at dette kravet er gjennomført, og jeg oppfatter derfor at Stortingets vedtak punkt II og III 28. april 2016 er gjennomført.

Det første vedtaket som gjelder alle kvinner med alvorlig rusmiddelavhengighet om et tilbud om gratis langtidsvirkende prevensjon, vil bli vurdert når vi nå har erfaring for utdelinger av gratis langtidsvirkende prevensjon til kvinnene som er i LAR.

Kjersti Toppe (Sp) []: Takk til statsråden for svaret. Det er viktig at ein frå helsemyndigheitenes side ser på den problemstillinga. Det har jo som kjent vore ein lang debatt, og eg har gjennom mine år på Stortinget opplevd at det har vore ei ganske tverrpolitisk einigheit om denne problematikken. Eg har – for å seia det litt forsiktig – opplevd at det har vore ein motstand i enkelte delar av fagmiljøet som kanskje har gjort at det har gått så mange år. Vi har opplevd politisk at det har vore ein avstand frå det fagmiljøet som jobbar med barna der ute, og fagmiljøet meir sentralt. Det har vore problematisk politisk for oss, vi har hatt mange liknande vedtak tidlegare som det vi har gjort nå, som heller ikkje har vorte følgde opp. Derfor er eg takknemleg for at det no synest som at våre vedtak, som òg då er i tråd med konsensuspanelet sin rapport, no kan føra til ei endring i rammene rundt LAR-behandling for gravide. Det er ei vanskeleg problemstilling, sjølvsagt, for det er omsynet til mor kontra omsynet til barn, men det er jo eit paradoks, som eg sa i mitt første innlegg, når det er slik at ein har betre vern ved innføring av andre legemiddel når det gjeld fosterskadar, enn når det gjeld LAR-medikament, og det tenkjer eg vi må ta med oss.

Vi er opptatt av at det må føra til at færre barn vert fødde med abstinensar. Då er prevensjon eitt av tiltaka. Eg forstår av statsråden sitt svar at det skal vera i orden no, at ein både får det gratis og at det er meir system på det. Eg merkar meg at Helsedirektoratet seier at ein skal berre tilby og drøfta, men konsensuspanelet anbefalte at det skal vera ei sterk oppmoding, så da er eitt av spørsmåla: Er det ei nedtoning, dette med å tilby, at det ikkje er ei så sterk oppmoding? Det var eit spørsmål om det.

Så til det andre, som ikkje eit samla storting var einige i, om det skulle vera eit absolutt vilkår. Det seier heller ikkje konsensuspanelet, men dei opnar opp for at det i enkelte tilfelle kan vera ein lovheimel for å setja det som vilkår i ein avgrensa periode. Er det noko som statsråden vil gå vidare med?

Statsråd Bent Høie []: Jeg er enig i representantens framstilling av at dette har vært en sak der en nok politisk, i Stortinget, i veldig stor grad har lyttet til fagmiljøet som har spesiell kompetanse på barneområdet. Så vet vi at det har vært uenighet mellom fagmiljøet som har jobbet mest orientert mot de rusavhengige, og som har lagt vekt på kvinnens situasjon, og fagmiljøene som har kompetansen sin i hovedsak knyttet til barn. Derfor tror jeg at det å gå veien om en konsensuskonferanse, der en også fikk inn internasjonale eksperter, egentlig var en veldig klok måte å komme forbi de faglige uenighetene på, som har vært på dette området. Jeg er også glad for at konsensuskonferansen endte på den siden som jeg opplever har politisk støtte i Stortinget, selv om dette i bunn og grunn er et veldig faglig spørsmål.

Jeg oppfatter at jeg i mitt oppdrag til helseregionene er veldig tydelig på at kvinner som kommer inn i LAR, skal få informasjon om graviditet og tilbud om nedtrapping av LAR-medikamenter, og de skal også få tilgang til gratis langtidsvirkende prevensjonsmidler i regi av LAR på en enkel og grei måte. Det er ingen tvil om at mange har et ønske om å få barn etter å ha kommet inn i et behandlingsopplegg, men jeg tror de fleste også har et ønske om å planlegge det godt og gjøre det på riktig tidspunkt, mens det som jo skjer mange kvinner som har vært rusavhengige i mange år, og som kommer inn i LAR, er at de nå lettere kan bli gravide og derfor også kan oppleve å bli gravide uten at de nødvendigvis hadde planlagt det. Derfor er det også viktig at de får denne typen informasjon og tilbud om gratis langtidsvirkende prevensjon, slik at de kan planlegge dette på en god måte. Dette er et individuelt spørsmål, som den enkelte må vurdere selv, men de må få riktig informasjon og riktig veiledning og også tilgang til langtidsvirkende prevensjon på en gratis og enkel måte, noe jeg opplever nå er tilfellet.

Når det gjelder spørsmålet om en her i større grad skal kunne være tydelig i sine anbefalinger, også basert på lovverk, vil jeg vise til at det nå er nedsatt en arbeidsgruppe knyttet til de nye retningslinjene, som skal være ferdig i juni 2018. Hvis de mener at et slikt lovgrunnlag bør være på plass, får vi anbefalinger om det, men jeg vil gjerne avvente deres arbeid. Helsedirektoratet har vært veldig tydelig overfor tjenesten på at denne føre-var-tenkningen skal gjelde fra nå og fram til de nye retningslinjene er på plass.

Tellef Inge Mørland (A) []: Spørsmålet om retningslinjer for gravide som får LAR-behandling, er et viktig spørsmål, som Arbeiderpartiet har engasjert seg i. Årlig blir det født rundt 30 barn som har en mor som har gått på LAR-medisin, som f.eks. Metadon, i svangerskapet – barn som ifølge bl.a. Barneombudet blir født som rusavhengige og umiddelbart må starte på en nedtrapping med morfin. Det er ikke noen god start i livet for et barn å bli født med abstinenser, og vi kan ikke gamble med nyfødtes helse. Det er derfor viktig at statsråden så raskt som mulig får på plass nye retningslinjer for LAR-behandling av gravide, slik at de baserer seg på ny og oppdatert kunnskap samt føre-var-prinsippet.

Allerede i begynnelsen av desember tok derfor Arbeiderpartiet opp denne saken i et skriftlig spørsmål til statsråden og gjennom et oppslag i Aftenposten. I forslaget til statsbudsjett skrev statsråden at Helsedirektoratet hadde startet arbeidet med å revidere gjeldende retningslinjer for LAR, som skulle være ferdig i 2018. I løpet av helse- og omsorgskomiteens behandling av saken kom det imidlertid fram at de nye retningslinjene først ville være ferdig i 2019, noe statsråden selv beskrev som beklagelig i sitt svar på mitt skriftlige spørsmål 15. desember 2017.

Det er beklagelig at statsråden ikke har fått fram nye retningslinjer for LAR før 2019. Det kan tyde på at regjeringen ikke har prioritert dette arbeidet tilstrekkelig. Da blir det desto viktigere at statsråden sikrer at man får til den fast-tracken når det gjelder retningslinjene for gravide i LAR-behandling.

I desember svarte statsråden at man kun hadde kommet dit at man arbeidet med en plan for selve revisjonsprosessen av den reviderte retningslinjen. Ut fra det statsråden nå har svart, håper jeg at man har klart å løfte dette arbeidet og gitt det den tyngden det fortjener. Det er positivt hvis statsråden nå kan garantere at vi får på plass nye retningslinjer for gravide i LAR innen juni 2018. Jeg oppfatter ut fra statsrådens svar at det er nettopp det han nå gjør – at vi kan forvente at retningslinjene er på plass i juni 2018, og at det ikke er noe som skulle tilsi at vi eventuelt får en utsettelse av det. For, som barneombudet sa til Aftenposten i desember, samfunnet har ikke råd til at 60 flere barn blir født med abstinens. Jeg vil legge til: Disse barna fortjener at vi som politikere kan si at vi har gjort alt vi kan for at de skal få en best mulig start i livet.

Torill Eidsheim (H) []: Rusavhengige er sårbare pasientar. Når ein er gravid og rusavhengig, er det to sårbare pasientar, og det er klart ytterlegare komplekst. Konsensuspanelet sitt grundige arbeid med anbefalingar om behandling av kvinner i legemiddelassistert rehabilitering, LAR, gjev eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet.

I dag er rusbehandling sidestilt med behandling i somatisk og psykisk helsevern. Tiltak og behandling er regulert gjennom lovverk, rundskriv og nasjonale rettleiarar som skal sikre at behandlingstilbodet er tufta på kunnskapsbasert praksis og er gjenstand for kontinuerleg dokumentering og evaluering.

I Høgre finn vi det ønskjeleg å sikre ei god utvikling av alle ulike behandlingsformer. Medikamentfri behandling må òg i alle situasjonar kunne vere eit mogleg val. Føresetnaden er sjølvsagt at pasienten er motivert for det, difor er kort tid mellom første møte og behandling heilt vesentleg. Dette har ministeren teke til orde for, og han har ytra ønske om at det skal vere eit krav at det ikkje skal gå meir enn éin dag frå tilvising til behandling.

Det er utruleg viktig at vi sikrar individuelt tilpassa behandling, og at alle dei ulike alternative vala i gjevne situasjonar skal vere reelle val. Vi har i seinare tid fått rapportert god behandlingseffekt av tiltak som er etablerte med ein klar behandlingsideologi òg innanfor medikamentfri behandling. Vi ser rapporterte resultat der medikamentfri behandling fungerer godt for mange med langvarig rusmiddelbruk og store tilleggsbelastningar i form av både psykiske lidingar, traume, relasjonsvanskar og andre tilleggsvanskar – behandling som synest å ha stor nytteverdi òg for seinare rusmeistring, helse, trivsel og kvardagsfunksjon.

LAR er eit viktig behandlingstilbod for rusavhengige som ikkje er klare for eit rusfritt liv, og eg ser det som heilt opplagt at ein er nøydd til å sikre ei kontinuerleg vurdering, der ein opnar for at ein kan tilpasse og utvikle tilbodet etter kvart, og at ein sikrar at ein innfrir forventninga om eit helsevesen for pasienten – òg når det er to pasientar det skal takast omsyn til.

Eg ser fram til at rapporten blir følgd opp, og er glad for at ministeren har understreka at inntil nye retningslinjer er på plass, er det føre-var-prinsippet som skal gjelde.

Bård Hoksrud (FrP) []: Det er en viktig debatt representanten Toppe reiser. LAR-behandling er kjempebra for mange, selvfølgelig også for kvinner. Men det er også utfordringer knyttet til at noen blir gravide og at det får store konsekvenser for barna. Derfor er jeg veldig glad for at konsensuspanelets anbefalinger er klare og tydelige, og jeg opplever at det er stor enighet i Stortinget om hva man vil her.

Jeg synes også det er bra med de oppfølgingene som statsråden har redegjort for knyttet til II og III i Stortingets vedtak i forbindelse med Prop. 15 S for 2015–2016. Det er veldig bra, og det viser at dette blir fulgt opp på en god måte.

Dette er selvfølgelig vanskelig fordi det er kvinner som – som også foregående representant sa – er i en vanskelig situasjon og kanskje ikke ønsker et rusfritt liv, men er gravide, noe som kan få store konsekvenser for barnet når det blir født. Man har jo sett hvilke konsekvenser det kan få. Så dette er en vanskelig sak, men jeg er veldig glad for konsensuspanelets anbefalinger og at statsråden også sier at det nå følges opp videre, og at man gir tilbud om nedtrapping av LAR-medikamenter og sikrer informasjon om forskjellige tilbud.

Jeg synes det har vært veldig bra at interpellanten har løftet denne saken, og jeg tror det er veldig bred enighet i denne salen om hvor man skal, og hvor man vil, og derfor er jeg veldig glad for den debatten som kom i dag.

Kari-Lise Rørvik (V) []: Takk til interpellanten for at hun tar opp en veldig viktig problemstilling. Graviditet under LAR er uheldig, da det påfører barnet sterke smerter, abstinenser og mulige senskader. Det er hjerteskjærende. Abstinensbarna har blitt tatt opp til stadighet, både blant fagfolk, i media og her på Stortinget. Det er høy politisk bevissthet rundt dette – heldigvis. Ingen ønsker at barna skal fødes med abstinenser, men det er heller ikke lurt å lage terskler som kan stenge ute eller skremme kvinner fra å motta nødvendig oppfølging og hjelp. Vi må derfor bevege oss med klokskap i dette feltet.

I februar 2016 utfordret Venstre helseministeren til å innhente et uavhengig kunnskapsgrunnlag og få utarbeidet nye nasjonale retningslinjer for gravide i legemiddelassistert rehabilitering. Det er derfor gledelig at det nå kommer en ny retningslinje i 2018, og at Helsedirektoratet skal vektlegge føre var-prinsippet i arbeidet til konsensuspanelet.

Venstre er enig med helseministeren i at nedtrapping, eventuelt avslutning, av LAR under graviditet må basere seg på en individuell vurdering ut fra kvinnens situasjon og ønske. Vi mener også at gratis langtidsvirkende prevensjon må tilbys på enklest mulig måte, og at det sterkt anbefales gjennom god veiledning ved oppstart av LAR. En viktig nøkkel ligger nettopp i god veiledning og tett oppfølging, og at det er gratis. Det er derfor bra at departementet i oppdragsdokumentet til de regionale helseforetakene for 2017 understreket at langtidsvirkende prevensjon skal være gratis.

Dette får meg over på et annet, men likevel like aktuelt tema vedrørende rusavhengighet og graviditet. I Venstre er vi svært glade for vedtak nr. 627, som understreker Stortingets ønske om at regjeringen skal vurdere å gi alle alvorlig rusavhengige kvinner, også alkoholavhengige, tilgang til gratis prevensjon. Det er viktig for å forhindre at barn fødes med FAS, føtalt alkoholsyndrom. Vi vet at skadevirkningene av alkohol på foster kan være alvorlige og livslange. Vi har derfor en viktig utfordring framover for å nå alkoholavhengige kvinner i fruktbar alder, men også rusavhengige utenfor LAR. For å klare det må tilbudet om gratis langtidsvirkende prevensjon formidles mange steder, ved helsestasjoner, hos fastleger, frivillige organisasjoner osv. I Venstre mener vi det er å sette folk først og å være føre var, og som en bonus på det hele er det i tillegg svært lønnsomt i et samfunnsperspektiv å sikre dette. Vi ser derfor fram til det videre arbeidet med dette.

Olaug V. Bollestad (KrF) []: Kristelig Folkeparti er enig med interpellanten i at panelets anbefalinger må følges opp både raskt og grundig. LAR kan fungere godt for riktige målgrupper, men terskelen for å komme inn i programmet er blitt lav, og terskelen for å komme ut er blitt høy – stikk i strid med det som var intensjonen med LAR. Jeg er enig med representanten fra Høyre i at vi aldri må miste målet om medikamentfri behandling.

LAR og graviditet er ingen god kombinasjon. Vi kan ikke sitte stille og se på at unger lider og skades. Jeg mener at helsetjenestene må hjelpe kvinner i LAR-programmet til å ta vare på barnet de har i magen, og møte situasjonen de er i, med minst mulig eller uten medikamenter. Ja, dette kan faktisk også inkludere tvang. Gravide med rusavhengighet som er en del av LAR-programmet, skal av hensyn til ungen kunne tvangsinnlegges i avrusningsinstitusjon på lik linje med andre rusavhengige. De som jobber med ungene som har abstinenser, som har kramper, som har smerter, har virkelig stått på for å løfte disse ungene opp og fram.

For meg er det et paradoks at akkurat den gruppen som jobber med disse pasientene, har Helse Sør-Øst, som har 60 pst. av alle totalpasienter, faktisk valgt å redusere i sitt nedslagsfelt. De har tatt det valget på Borgestadklinikken, som har tilbudt behandling til og hatt tilbud for den gruppen vi snakker om her – ikke bare tilbud under graviditet og avrusning, men også tilbud etter at barnet er født. Dette er et tilbud som er viktig for både mor og barn, og Kristelig Folkeparti tror ikke vi trenger færre slike tilbud, men flere.

Kristelig Folkeparti mener også at kvinner i et LAR-program må følges opp utrolig tett under svangerskap, og føre-var-prinsippet tilsier at vi faktisk bør stoppe LAR til gravide nå. Det sier egentlig føre-var-prinsippet, og så venter vi altså på retningslinjer. Det er ikke nok med oppfordringer, og det er ikke nok med drøftinger. Det er bra, og det er bra å få retningslinjer. Alt dette er bra, men spørsmålet er om vi ser disse ungene nå. De ungene som blir født nå. De ungene som ligger på nyfødtavdelingen nå. De ungene som nå faktisk betaler prisen for at vi ikke skynder oss med denne avgjørelsen. Det er heller ikke, tror jeg, morens ønske at disse ungene skal lide. Derfor er det vårt ansvar å stille opp og hjelpe. Jeg vil takke interpellanten for at hun har tatt opp et så viktig spørsmål.

Kjersti Toppe (Sp) []: Tusen takk til alle som har deltatt i debatten.

Til statsråden, som seier at dette er eit fagleg spørsmål: Det er jo det, så det er kanskje ikkje så rart at vi er engasjerte i kva slags typar medikament ein behandlar kvinner med i LAR. Men vi er òg engasjerte i barns rettar, og det er det som gjer at dette òg er eit viktig politisk spørsmål.

Eg er usikker på kva tid desse nye retningslinjene vert implementerte. Er det i 2018? Eller er det i 2019? Det har vore sagt litt forskjellig, og eg har lese litt forskjellig. Og det handlar ikkje berre om retningslinjene, det handlar òg om praksis ute. Så eg vil gjerne utfordra statsråden på dei nye føringane som har kome no med føre-var osv. Det viktige er at ein får endra praksis der ute, og at dei som jobbar med gravide i LAR, får andre rutinar, får andre rammer og andre vurderingar som gjer at det alltid skal verta vurdert medikamentfri behandling først. Det skal vera ei vurdering av nedtrapping. Ein skal ha ei sterk oppmoding. Alt dette må gjerast.

Så spørsmålet er: Kva skjer no? Helsedirektoratet har sendt ut brev, men vert det gjort noko meir for å sikra at praksisen faktisk vert endra, og at vi ikkje får ei evaluering om to år som viser at det eigentleg har fortsett slik som før?

Utover det vil eg seia tusen takk for statsrådens svar og for debatten.

Statsråd Bent Høie []: Jeg vil først – forhåpentligvis – oppklare noen misforståelser knyttet til retningslinjene for LAR og det som står i budsjettproposisjonen, og noen av oppslagene som har vært i media knyttet til dette. Det som omtales i budsjettproposisjonen, er de generelle retningslinjene for LAR. Det er altså ikke retningslinjer for gravide i LAR, men de generelle. Der gjøres det nå et arbeid som bl.a. omfatter hvilke medikamenter som skal kunne brukes i den generelle LAR-behandlingen. Det er et arbeid som dessverre ikke er ferdig før i 2019.

Men Helsedirektoratet har, basert på rapporten fra konsensusmøtet, nedsatt en hurtigarbeidende arbeidsgruppe som skal revidere retningslinjene for gravide i LAR. Dette arbeidet er planlagt å være ferdig i juni 2018. I påvente av det arbeidet sendte direktoratet den 21. desember 2017 brev til alle landets LAR-tiltak, helseregionene, helsetilsynene og brukerorganisasjonene, der en også ber om at tjenestens behandlingsansvarlige framlegger et føre-var-prinsipp i tråd med konsensuspanelets anbefalinger inntil en revidert retningslinje foreligger. Det gjelder allerede nå, fra 21. desember og fram til de nye retningslinjene er på plass. Så jeg oppfatter at direktoratet har tatt konsensusrapporten på største alvor og på en rask måte fulgt opp dette arbeidet.

Nils T. Bjørke hadde her teke over presidentplassen.

Presidenten: Då er sak nr. 4 avslutta.