I samsvar med Grunnlova gir Kongen
denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida
etter siste melding.
Oljeprisen fall frå rundt 110 dollar
per fat sommaren 2014 til under 45 dollar per fat sommaren 2016.
Inntektene og lønnsemda i oljenæringa og skatteinntektene til staten har
gått ned. Det gir lågare investeringar og sysselsetjing i petroleumsrelaterte
næringar, noko som igjen trekkjer ned veksten i fastlandsøkonomien.
BNP for Fastlands-Noreg auka med 1,1 pst. i 2015. I 2015 utgjorde
verdiskapinga i petroleumssektoren 17 pst. av Noregs BNP, og statens
netto kontantstraum frå oljeverksemda var 218 mrd. kr.
Fallet i oljeprisen rammar Sør- og
Vestlandet hardt. Regjeringa har støtta opp under sysselsetjinga
i regionen, bl.a. gjennom midlar til vedlikehald og investeringar.
Den økonomiske politikken gir no
kraftige impulsar til norsk økonomi. Noregs Bank har sett ned renta
til eit rekordlågt nivå. I byrjinga av september var den norske
krona nesten 15 pst. svakare enn før oljeprisfallet. Saman med eit
moderat lønnsoppgjer betrar det konkurranseevna. Også finanspolitikken
bidreg til auka etterspørsel. I revidert nasjonalbudsjett 2016 la
regjeringa opp til ein bruk av olje- og fondsinntekter på 205,6 mrd. kr.
Det er ein betydeleg auke frå året før, noko som er med på å halde
oppe veksten i ei krevjande tid. Nivået svarer til 2,8 pst. av Statens
pensjonsfond utland ved inngangen til 2016 og er dermed godt under
retningslinja på 4 pst.
Arbeidsløysa, målt ved Statistisk
sentralbyrås arbeidskraftsundersøking, AKU, utgjorde i juli 5,0 pst.,
mot 4,3 pst. i juli 2015. Den registrerte arbeidsløysa har gått noko
ned i 2016 og var 2,9 pst. i september, justert for sesongvariasjonar.
Eit breitt fleirtal på Stortinget
har slutta seg til hovudtrekka i regjeringa sitt forslag til skattereform.
Skattereforma vil gjere det meir lønnsamt å investere i norske arbeidsplassar
og bidra til føreseielege vilkår for næringslivet.
Grøn skattekommisjon la fram si utgreiing
i desember 2015. I tråd med semja om 2016-budsjettet er det etablert eit
samarbeid med Kristeleg Folkeparti og Venstre i oppfølginga.
Produktivitetskommisjonen la fram
den avsluttande rapporten sin i februar. Rapporten inneheld forslag
som kan gi høgare produktivitetsvekst innanfor forsking og innovasjon,
arbeidsmarknaden og offentleg sektor.
Rikets tilstand vert påverka av utviklinga
utanfor Noregs grenser.
Noreg tek aktivt del i innsatsen
mot terrorisme og i det førebyggjande arbeidet mot valdeleg ekstremisme.
Regjeringa har styrkt Noregs innsats
i koalisjonen mot ISIL. Militært personell skal drive kapasitetsbygging
av irakiske sikkerheitsstyrkar og dessutan trening, rådgiving og
operativ støtte til lokale grupper i Syria.
Noreg har vidareført bidraget til
Resolute Support Mission i Afghanistan i 2016.
Noreg har også auka bidraga til FNs
fredsbevarande operasjonar, m.a. med eit militært transportfly i
Mali.
Anneksjonen av Krim-halvøya og konflikten
i Ukraina pregar framleis forholdet mellom Russland og vestlege land.
På NATO-toppmøtet i Warszawa vedtok stats- og regjeringssjefane
tiltak som vil styrkje alliansen si evne til kollektivt forsvar.
Noreg har auka sine bidrag for å setje alliansen betre i stand til
å løyse oppgåvene sine.
Vi ser ikkje nokon direkte militær
trussel i nord. Regjeringa arbeider for å halde ved like Arktis
som ein fredeleg og stabil region.
Den 17. juni la regjeringa fram ein
ny og ambisiøs langtidsplan for forsvarssektoren som vil bidra til
å styrkje forsvarsevna.
Regjeringa vidarefører ein aktiv
freds- og forsoningspolitikk og har m.a. lagt til rette for at partane
i Colombia nyleg inngjekk ein historisk fredsavtale.
Vinteren 2016 bidrog Noreg til at
Irans overskytande mengder av opprika uran vart erstatta med naturleg
uran, slik at den historiske atomavtalen med landet kunne tre i kraft.
I 2016 auka regjeringa den totale
humanitære innsatsen til nesten 5 mrd. kr. Noreg tok initiativ til
og var medarrangør av givarkonferansen for Syria i London, som resulterte i
eit historisk høgt bidrag.
Den nye avtalen om EØS-finansieringsordningane
for perioden 2014–2021 vart underteikna i mai.
For å sikre sentrale norske interesser
vil regjeringa følgje prosessen mellom EU og Storbritannia etter
den britiske folkerøystinga tett.
Året 2015 var eit vendepunkt for
det globale klimasamarbeidet. Landa i verda samla seg om ein ny
internasjonal traktat. Paris-avtalen gir retning i arbeidet for
å hindre farleg global oppvarming.
Det er innleidd ein dialog med EU
om felles oppfylling av klimamåla for 2030.
I 2015 kom det totalt 31 145 asylsøkjarar
til Noreg, det høgaste talet nokon gong. Av desse var 5 297 einslege mindreårige.
Fleire land innførte grensekontroll,
og regjeringa innførte mellombels grensekontroll i november 2015.
Deretter gjekk talet på asylsøkjarar til Noreg markert ned. Talet på
asylsøkjarar som har kome til Noreg så langt i 2016, er det lågaste
sidan 1997. I 2015 transporterte politiet ut i overkant av 7 800
personar utan lovleg opphald.
Kommunane busette over 11 300 flyktningar
i 2015. Dette er det høgaste busetjingstalet nokosinne. Regjeringa sin
integreringspolitikk, som vart lagd fram for Stortinget i mai 2016,
byggjer på at dei som får opphald, raskt skal kome i arbeid. Kvar
enkelt skal møtast med ei forventning om stor eigeninnsats. Integrering
er eit samspel mellom mange partar – stat, kommunar, arbeidsgivarar
og næringsliv og frivillige organisasjonar.
Landet rundt har det vore arbeidd
for å finne gode løysingar for nye og sterkare kommunar. Den 1. oktober
tok regjeringa imot tilrådingane frå fylkesmennene.
Stortinget har gitt tilslutning til
regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem for kommunane frå
2017. Overordna mål med systemet er eit likeverdig tenestetilbod
i heile landet.
Regjeringa har effektivisert og forenkla
regelverk for plan- og byggjesaksprosessar.
Regjeringa har styrkt satsinga på
næringsretta forsking og innovasjon. Dessutan har regjeringa lagt
fram ein ambisiøs gründerplan, og det er løyvt 400 mill. kr til
gründerordningar.
Noreg er den nest største eksportøren
av sjømat i verda. I 2015 vart det eksportert sjømat frå Noreg til
ein verdi av 74,5 mrd. kr.
Gjennomførte forenklingar, m.a. digitalisering
av offentlege tenester og nytt regelverk for offentlege innkjøp, er
med på å gi innsparingar for næringslivet.
I mars la regjeringa fram melding
om fosterheimsomsorga. Tema for meldinga er betre kartlegging av barna,
fleire fosterheimar i nær familie og nettverk og betre oppfølging
av fosterfamiliane.
I april la regjeringa fram ei familiemelding
som løftar fram familien som den grunnleggjande eininga, byggjesteinen
og verdiformidlaren i samfunnet.
Regjeringa følgjer opp strategien
Barn som lever i fattigdom, som vart presentert i mai 2015.
Aldri har det vore satsa meir på
kvalitet i barnehagen. Løyvingane til kvalitetstiltak er auka med
120 mill. kr.
Regjeringa følgjer opp Lærarløftet
og bruker omtrent 1,2 mrd. kr på vidareutdanning i 2016. Vidare
arbeider regjeringa med å innføre nye, femårige grunnskulelærarutdanningar
på masternivå frå 2017. Saman med ei rekkje andre tiltak vil dette
gi eit løft for læraryrket.
Regjeringa sitt forslag til endringar
i kyrkjelova for å omdanne Den norske kyrkja til eige rettssubjekt
er vedteke og trer i kraft 1. januar 2017.
Etter tilslutning frå Stortinget
vart det 1. januar innført ei insentivordning for film- og tv-produksjonar.
Ordninga skal bidra til auka erfaring og kunnskap, stimulere til
vekst og auka internasjonalt samarbeid i filmbransjen.
Regjeringa vil ruste Noreg med eit
effektivt og moderne transportsystem. Arbeidet med å reformere veg-
og jernbanesektoren har vore ført vidare i 2016. Auka trafikksikkerheit
er prioritert.
Regjeringa vidarefører arbeidet med
eit meir konkurransedyktig norsk landbruk. Gjennom jordbruksoppgjeret er
det lagt til rette for auka matproduksjon.
Regjeringa arbeider vidare med å
styrkje og fornye norsk politi og gjennomføre nærpolitireforma.
Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan
for kriminalomsorga. Vidare har regjeringa bygd nye fengselsplassar
og leigd 242 fengselsplassar i Nederland for å auke kapasiteten.
Den 1. desember 2015 vart det markert
at det nye naudnettet er landsdekkjande og i bruk i heile Noreg.
Dette er eit stort løft for samfunnssikkerheita.
Det er satsa betydeleg på helsetenesta.
I november 2015 fekk Stortinget for første gong presentert ein nasjonal
plan for utvikling av sjukehusa.
Sjukehusa hadde i 2015 eit positivt
resultat på 2,7 mrd. kr, om lag det same som året før.
Om lag 1,9 millionar pasientar fekk
behandling ved somatiske sjukehus i 2015, ein oppgang på 2,5 pst.
frå året før. Regjeringa innførte 28 pakkeforløp for kreft i 2015. Pakkeforløpa
gir føreseielege og trygge forhold for pasientar og pårørande.
Overskotet på driftsbalansen overfor
utlandet var på 270 mrd. kr i 2015, ned 76 mrd. kr frå 2014.
Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2014
til 2015 var på 2,8 pst. Lønnsoppgjeret i år peikar i retning av
lågare lønnsvekst. Lønnsmoderasjon bidreg til å dempe dei negative
verknadene som lågare etterspørsel frå oljenæringa har på sysselsetjing
og arbeidsløyse. Konsumprisane var 3,5 pst. høgare i januar–juli
i år enn i same periode i fjor.
Sjukefråværet har vore forholdsvis
stabilt dei siste åra, og nivået er blant dei lågaste etter at IA-avtalen
vart inngått. Eit av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med
20 pst. frå 2001. Sjukefråværet i 4. kvartal 2014, som er siste
samanliknbare observasjon før ei omlegging i statistikkgrunnlaget,
var 11,5 pst. lågare enn i 2. kvartal 2001, justert for sesongvariasjonar.
Andre talstorleikar for sjukefråværet indikerer at det ikkje har
vore store endringar i fråværet i 2015. I 2016 reknar ein no med
litt lågare fråvær enn året før.
Statens pensjonsfond hadde ein samla
marknadsverdi ved utgangen av første halvår 2016 på 7 376 mrd. kr,
ein reduksjon på 297 mrd. kr frå inngangen til 2016. Svingingane
i finansmarknadene har vore store gjennom denne perioden. Verdien
av fondet kan svinge mykje i åra som kjem.
Ei langsiktig og god forvaltning
legg til rette for at inntektene frå petroleumsressursane kan kome
både dagens og framtidige generasjonar til gode. Behandlinga av
meldinga om Statens pensjonsfond viser at det er brei politisk semje
om forvaltninga av dei felles sparemidlane våre. Det er viktig,
særleg når det er uro i marknadene.
Befolkninga i Noreg heldt fram med
å vekse i 2015, men i eit lågare tempo enn åra før. Nettoinnvandringa gjekk
klart ned i fjor, men er framleis på eit høgt nivå. I 2015 auka
befolkninga med om lag 48 000 personar, og i underkant av to tredelar
kjem av nettoinnvandring. Den sterke auken i tilstrøyminga av asylsøkjarar
i andre halvår er i liten grad reflektert i tala, sidan asylsøkjarar
først vert registrerte som innvandrarar når dei eventuelt får opphaldsløyve.
Det er framleis høg vekst i bustadprisane.
I august var bustadprisane i gjennomsnitt 9,1 pst. høgare enn i
august i fjor. Gjelda til hushalda aukar raskare enn inntektene.
Dette aukar faren for finansielle ubalansar og tilbakeslag i norsk
økonomi. Regjeringa la i fjor fram ein strategi for bustadmarknaden
med tiltak for ei meir berekraftig utvikling. Ifølgje Finanstilsynet
gjekk bustadlån med låningsgrad høgare enn 85 pst. ned frå 10 til
7 pst. frå hausten 2014 til hausten 2015.
Verdien av staten sin direkte eigarskap
på Oslo Børs var 523 mrd. kr ved utgangen av 2015. Samtidig var
verdien av staten sin del av den bokførte verdien av unoterte selskap
der staten har forretningsmessige mål med eigarskapen, 121 mrd. kr.
For rekneskapsåret 2015 tok staten imot om lag 30 mrd. kr i utbytte
frå selskapa staten har direkte eigardel i, nesten 6 mrd. kr mindre
enn for 2014.
Havet er fellesnemnaren for mange
av dei viktigaste næringane i Noreg, målt i verdiskaping. Noreg
er i verdstoppen på mange område innanfor skipsfart og maritim næring,
petroleum og energi, og fiskeri og havbruk. I 2014 stod havnæringane
til saman for over 250 000 arbeidsplassar og bidrog med om lag 850 mrd. kr
i verdiskaping. Det svarer til omkring 40 pst. av den totale verdiskapinga i
næringslivet. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein havstrategi
og ei eiga stortingsmelding om kva rolle havet har i utanriks- og
utviklingspolitikken.
Havet får stadig større merksemd
internasjonalt, både som kjelde til mat og verdiskaping og på grunn
av aukande miljøutfordringar. Under den tredje Our Ocean-konferansen
la USA, Noreg og ei rekkje andre land fram tiltak på område som
berekraftig fiske, nedkjemping av havforsøpling og vern av havområde.
Lønnsoppgjeret i 2016 var eit hovudoppgjer.
Avtalerevisjonane vart i all hovudsak løyste gjennom forhandlingar
og mekling. Talet på konfliktar var lågt.
Dei aller fleste i Noreg arbeider
under gode arbeidsforhold, men i enkelte delar av norsk arbeidsliv
er det utfordringar knytte til sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
Regjeringa fører vidare arbeidet
med å gjere det vanskelegare for useriøse føretak å operere i byggje-
og anleggsnæringa. Frå 1. januar 2016 vart det innført skjerpa krav
til sentralt godkjende føretak. Føretaka kan òg synleggjere seriøsiteten
sin gjennom frivillig å vise forsikringane sine o.l.
Regjeringa arbeider for eit seriøst
og anstendig arbeidsliv og held fram med innsatsen mot arbeidslivskriminalitet gjennom
felles myndigheitsinnsats, samarbeid med partane i arbeidslivet
og vidare oppfølging av strategien mot arbeidslivskriminalitet.
I stortingsmeldinga om arbeids-
og velferdsforvaltninga har regjeringa føreslått å styrkje og vidareutvikle
tenestene til arbeidsgivarar, arbeidssøkjarar og personar med redusert
arbeidsevne for at fleire skal kome i arbeid. Nav-kontora skal få
større handlingsrom og kunne velje sjølve om enkelte tenester skal
kjøpast eller gå føre seg i eigen regi. Det skal leggjast meir vekt
på kvalitet og resultat av arbeidsmarknadstiltak enn på kor mange
tiltaksplassar ein har.
Regjeringa har sendt på høyring
forslag til endringar i trygderegelverket i lys av det høge talet
på asylsøkjarar i 2015.
Vidare har regjeringa sendt på høyring
forslag til ei rekkje endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar. Formålet
er å få fleire i arbeid gjennom eit kortare stønadsløp med tettare
oppfølging og auka kombinasjon med delvis arbeid.
Det er nedsett eit ekspertutval
som skal gå gjennom hjelpemiddelpolitikken. Utvalet skal levere
rapporten sin ved årsskiftet 2016/2017.
Etter forslag frå regjeringa vedtok
Stortinget 11. desember 2015 å auke grunnpensjonen til gifte og sambuande
pensjonistar. Stortinget vedtok samtidig å auke minste pensjonsnivå
til einslege alderspensjonistar.
Regjeringa prioriterer tiltak som
fremjar arbeid, aktivitet og omstilling. Som ein del av tiltakspakken
for auka sysselsetjing vart nivået på arbeidsmarknadstiltak styrkt med
om lag 4 000 plassar. Ungdom er prioritert ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak.
Tiltaksnivået vart styrkt ytterlegare i revidert nasjonalbudsjett
for 2016.
Det vart gjort endringar i permitteringsregelverket
for at bedrifter skal ha større sjanse til å halde på arbeidskrafta dersom
dei står overfor ein mellombels periode med mangel på oppdrag. Vidare
har regjeringa m.a. lagt til rette for at fleire kan ta utdanning
mens dei får dagpengar, og utvida moglegheita for at folk kan få
dagpengar mens dei etablerer eiga verksemd.
Noreg tek aktivt del i innsatsen
for å avverje nye terrorangrep. Regjeringa har auka samarbeidet
på tvers av landegrensene, slik at det blir lettare å dele viktig
informasjon.
FNs tryggingsrådsresolusjon 2249
påla alle medlemslanda å vurdere om dei kan styrkje innsatsen i
kampen mot ISIL i Irak og Syria. ISIL er under press både i Irak
og i Syria, og det er avgjerande at dette presset vert oppretthalde og
forsterka.
Gjennom det siste året har Noreg
arbeidd aktivt for å styrkje FNs rolle i arbeidet mot valdeleg ekstremisme.
NATO tek auka ansvar for stabilitet
og kapasitetsbygging i nærområda til alliansen. Dette er avgjerande
for å styrkje vår eiga sikkerheit og for å vise solidaritet med
allierte som er trua av den ustabile utviklinga i Midtausten og
Nord-Afrika.
Regjeringa legg eit langsiktig perspektiv
til grunn i freds- og forsoningspolitikken sin og støttar lokale,
regionale og internasjonale tiltak for å skape varige politiske løysingar.
Ingen valdelege konfliktar har enkle løysingar. Det er ikkje tilstrekkeleg
å lindre symptoma. Vi må også bidra til å endre dei underliggjande
årsakene.
Regjeringa har arbeidd aktivt for
å gjennomføre forpliktingane i Ikkje-spreiingsavtalen fullt ut og
for målet om ei verd utan kjernevåpen.
Noreg har også bidrege aktivt i
arbeidet mot kjernefysisk terrorisme. I samband med Nuclear Security
Summit i Washington fremja Noreg eit initiativ for å fase ut bruk av
høgopprika uran i sivil sektor. Noregs atomsikkerheitssamarbeid
med både Russland og Ukraina utgjer viktige ikkje-spreiingstiltak.
Regjeringa legg vekt på respekt
for menneskerettane som eit utanrikspolitisk mål og som eit middel
for å oppnå varig utvikling og sikkerheit. Erfaringa viser at utviklinga vert
svekt der demokrati og menneskerettar vert sette til sides.
Noreg har det siste året utfordra
det internasjonale samfunnet når det gjeld å styrkje posisjonen
til menneskerettsforkjemparar og vernet om dei. Her oppnådde Noreg
klare fleirtal for viktige vedtak både i FNs hovudforsamling og i
FNs menneskerettsråd. Desse må no setjast i verk.
Under givarkonferansen for Syria
i London annonserte Noreg eit bidrag på 2,4 mrd. kr i 2016 og på
10 mrd. kr over fire år. Med dette bidraget er Noreg i år det femte største
givarlandet til Syria.
Bistand er viktig, men utgjer samtidig
ein avgrensa del av internasjonale kapitalstraumar. Han må derfor
brukast betre med sikte på å utløyse ei anna og meir betydeleg finansiering
til utviklingsformål. I mange tradisjonelle samarbeidsland støttar
regjeringa ein overgang frå bistand til ein partnarskap basert på
handel, investeringar og samarbeid innanfor teknologi, forsking
og kultur.
Bistanden er gjord meir resultatorientert,
og det er utvikla betre verktøy for analyse og risikovurdering.
Talet på land som tek imot norske bilaterale midlar, er redusert.
Det same gjeld talet på aktive avtalar, som er redusert frå 6 118 1. juni
2015 til 4 483 1. august 2016.
Statsministeren er ein av leiarane
i FNs generalsekretær si pådrivargruppe for berekraftmåla. Noreg
arbeider for å nå måla heime og bidra til dei felles globale måla
om å utrydde ekstrem fattigdom og oppnå berekraftig utvikling.
Den globale kommisjonen for finansiering
av utdanning, som Noreg har teke initiativet til, leverte sine tilrådingar
i september.
Noreg har vore ein pådrivar både
for initiativet for trygge skular og for arbeidet med å styrkje
finansieringa av utdanning i krise og konflikt.
Saman med Tyskland og Ghana har
Noreg teke initiativ til at verda lærer av ebolautbrotet i Vest-Afrika
og set i verk tiltak for å førebyggje og stoppe utbrot tidleg.
Noreg har vore i front når det gjeld
å etablere ein ny global koalisjon som skal utvikle og produsere
nye vaksinar som kan hindre framtidige epidemiar og pandemiar.
Det grøne klimafondet vert ein sentral
kanal for finansiering av utsleppsreduksjonar og klimatilpassing
i utviklingsland dei komande åra. Noreg har gitt tilsegn om 1,6 milliardar
norske kroner for ein fireårsperiode og gjorde første utbetaling
i 2015.
Noreg er ein pådrivar for auka internasjonal
merksemd og samarbeid om nordområdespørsmål. Dette er avgjerande
for å få til ein god balanse mellom berekraftig bruk og vern i Arktis.
Dei åtte arktiske statane oppretta
i 2015 eit kystvaktsamarbeid. Regjeringa ønskjer å føre vidare samarbeidet med
Russland på område av gjensidig bilateral interesse.
Regjeringa sikrar Noregs lange tradisjonar
som polarnasjon. Ho arbeider for at forsking og interesser i nord
i aukande grad vert kopla med tilsvarande interesser i sør, både
for å skape synergi og for å markere Noreg som polarnasjon med interesser
i nord og sør.
Regjeringa arbeider for multilaterale
handelsavtalar gjennom WTO for å skape stabile rammevilkår og like konkurransevilkår
globalt. Gjennom EFTA har vi det siste året inngått frihandelsavtalar
med Georgia og Filippinane. Noreg spela ei aktiv rolle som tilretteleggjar
under WTOs ministermøte i Nairobi i 2015.
Verdshandelsorganisasjonen, WTO,
supplert av EØS og EFTAs frihandelsavtalar, utgjer berebjelken i
ein offensiv politikk for friare handel i tråd med Noregs interesser.
Stortinget samtykte 13. juni til
at Noreg kan slutte seg til EUs finanstilsyn gjennom EØS-avtalen.
Ettersom vedtaket innebar myndigheitsoverføring, var det nødvendig med
tre firedels fleirtal etter Grunnlova § 115.
Dagens sikkerheitspolitiske situasjon
har leidd til eit tettare samarbeid mellom dei nordiske landa i
ramma av nordisk forsvarssamarbeid, NORDEFCO.
Dei nordiske og baltiske landa har
innleidd samarbeid om støtte til reform av forsvarssektoren i NATOs
partnarland, m.a. personell til trening og opplæring i Georgia.
Som del av den faste militære aktiviteten
er det ein omfattande trenings- og øvingsaktivitet i nord. Det er
ei aukande interesse frå allierte for å øve og trene i vår region. Dette
er i samsvar med norske sikkerheitspolitiske prioriteringar og bidreg
til å synleggjere alliert solidaritet i nærområda våre.
Det regjeringsoppnemnde Afghanistan-utvalet
la i juni fram si utgreiing av Noregs samla sivile og militære innsats
i Afghanistan.
Regjeringa har styrkt satsinga på
personell og kompetanse i forsvarssektoren. Den 1. januar 2016 tredde
den nye militærordninga med innføring av spesialistkorps i kraft.
I sommar vart det første årskullet som var omfatta av verneplikt
for både kvinner og menn, innkalla og starta si teneste. Dette er
to historiske og viktige reformer som òg bidreg til å styrkje den
operative evna til Forsvaret.
Utslepp frå tropisk skog er omfatta
av det nye klimaregimet. Vedtaket styrkjer den globale innsatsen
for å redusere utslepp frå skog og stadfestar kva skogen har å seie
for at vi skal nå klimamålet. Den norske innsatsen gjennom klima-
og skoginitiativet har vore ei viktig drivkraft bak vedtaket i Paris.
Under klimatoppmøtet kunngjorde
regjeringa at regnskoginitiativet vert forlengt til 2030. Storbritannia
og Tyskland auka sine bidrag for å redusere utslepp frå tropisk
skog, m.a. som følgje av samarbeid med Noreg.
I desember 2015 la regjeringa fram
ei melding om naturmangfald. Mangfaldet i naturen gir oss tilgang
på alt frå mat og medisinar til byggjemateriale og gode opplevingar. Stortingsmeldinga
skal bidra til at vi tek vare på naturen, til glede for noverande
og framtidige generasjonar.
Regjeringa la i mars 2016 fram ei
stortingsmelding om nytt bestandsmål for ulv og ulvesone. Endringane
Stortinget vedtok, tredde i kraft i juni 2016.
I mars 2016 la regjeringa fram ei
stortingsmelding om friluftsliv. Meldinga vert behandla hausten
2016. Friluftsliv er ei kjelde til betre helse og høgare livskvalitet.
Regjeringa vil derfor prioritere friluftsliv i nærmiljøet.
Regjeringa arbeider for ein meir
effektiv og brukarorientert offentleg sektor. Fjerning av tidstjuvar,
som kan vere utdatert regelverk, unødvendig rapportering eller tungvinne
prosedyrar, er ein del av dette, og mange tiltak er gjennomførte.
Meld. St. 27 for 2015–2016, Digital
agenda for Norge, presenterer IKT-politikken til regjeringa. Meldinga
handlar òg om korleis IKT kan leggje til rette for innovasjon og konkurransekraft
i næringslivet, og ho presenterer nasjonal plan for elektronisk
kommunikasjon, ekomplanen. For første gong har ein no eit felles
dokument som viser retninga for utviklinga av det digitale samfunnet,
og korleis ein kan sikre utbygging av nødvendig infrastruktur for
databaserte arbeidsplassar i Noreg.
Digitaliseringsrådet er etablert
frå 2016 for å hjelpe statlege verksemder i å lykkast med digitaliseringsprosjekt og
å lære av kvarandre.
Frå 2016 er det etablert ei ny medfinansieringsordning for
statlege digitaliseringsprosjekt. Dette er eit stimuleringstiltak
for å auke digitaliseringstempoet.
Offentleg sektor sender årleg ut
40 millionar brev som kan digitaliserast. Dette kan på sikt spare
400 mill. kr i porto, betre miljøet og gi auka sikkerheit. I juni
2016 hadde over 960 000 innbyggjarar digital postkasse, og i første halvår
2016 er det sendt ut ca. 1,3 millionar brev til digitale postkassar.
Meir enn 200 offentlege verksemder sender post digitalt per juni
2016.
I plan- og byggjesaksprosessar fører
digitale plandata, søknads- og saksbehandlingsverktøy og eit regelverk
som støttar opp under digitalisering, til auka verdiskaping og produktivitet,
raskare bustadbygging og betre kvalitet på det som blir bygt.
Husbanken digitaliserer søknads-
og saksbehandlingssystema for bustøtte, lån og tilskot. Brukarane
får betre tenester, og Husbanken sjølv sparer tid.
Gjennom Program for betre styring
og leiing i staten er det sett i gang eit konkret forbetringsarbeid,
særleg retta mot toppleiarar. Kjernen i programmet er å byggje ein sterkare
kultur for samhandling, resultat og gjennomføring.
I 2016 har Direktoratet for forvaltning
og IKT, Difi, etablert eit felles innkjøpssenter for statlege forvaltningsorgan.
Sentrale innkjøpsavtalar skal gi enklare og meir effektive innkjøpsprosessar
og betre og gunstigare innkjøp.
Stortinget har vedteke at det skal
gjennomførast ei regionreform. Regjeringa arbeider med oppfølginga.
Større folkevalde regionar kan ta eit tydelegare ansvar for samfunnsutviklinga
ut frå eigne moglegheiter og fortrinn. Større regionar legg grunnlag
for betre samhandling i forvaltninga.
I distrikts- og regionalpolitikken
legg regjeringa vekt på verdiskaping som eit viktig grunnlag for
busetjing og utvikling. Betre samferdselsløysingar og gode vilkår
for næringsutvikling skal bidra til ei positiv utvikling i alle
regionar. Ein samordna bustad-, areal- og transportpolitikk er viktig
for å nå miljømåla til regjeringa. Det vert arbeidd med bymiljøavtalar
i dei fire største byområda, der staten vil finansiere 50 pst. av
store kollektivinfrastrukturprosjekt av nasjonal interesse. Det
er viktig at det vert bygt nok bustader i dei viktige kollektivknutepunkta.
Regjeringa arbeider derfor med å inngå byutviklingsavtalar for å følgje
opp arealforpliktingane i bymiljøavtalane.
Det er sett i gang eit program for
at heile landet skal få meir nøyaktige terreng- og høgdedata. Det
har stor verdi for klimatilpassingsarbeidet som kunnskapsgrunnlag
for beredskap, ras og flaumsikring, for skog- og naturressursforvaltning
og for sikker bustadbygging.
Torskebestanden i Barentshavet er
framleis på eit høgt nivå. Eit langvarig samarbeid mellom kyststatane
Noreg og Russland og gode klimatiske forhold er bakgrunnen for at
vi har den største torskebestanden i verda. Andre bestandar er òg
godt forvalta, og kvotane er stort sett høge. Regjeringa legg vekt
på å ta vare på norske interesser i forhandlingane om fordelinga
av enkelte pelagiske bestandar. Kampen mot fiskerikriminalitet og
ulovleg, urapportert og uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa.
Regjeringa la hausten 2015 fram
ei stortingsmelding med tiltak for å forenkle, auke fleksibiliteten
og fremje samhandling i verdikjeda for sjømatproduksjon.
Som ein del av oppfølginga av meldinga
sette regjeringa i mai 2016 ned ein pliktkommisjon som skal sjå
på leverings-, tilverkings- og aktivitetsplikta i fiskerinæringa.
Regjeringa har innført utviklingskonsesjonar
for å leggje til rette for utvikling av ny teknologi og realisere
visjonen om betydeleg vekst i oppdrettsnæringa.
Som ein del av regjeringa sin tiltakspakke
for auka sysselsetjing er det løyvt til saman 120 mill. kr til vedlikehald og
oppgradering av forskingsfartøy ved Havforskingsinstituttet. I tillegg
har marin forsking vorte styrkt ytterlegare.
Regjeringa har sett i gang ei rekkje
tiltak for å leggje til rette for innovasjon og omstilling i næringslivet.
Løyvingane til verkemiddelapparatet er styrkte kraftig, bl.a. med 350 mill. kr
gjennom regjeringa sin tiltakspakke for auka sysselsetjing. Rammevilkåra
for SkatteFUNN-ordninga har vorte forbetra, og regjeringa anslo
i budsjettet for 2016 2,6 mrd. kr i skattefrådrag.
Regelrådet, som kom i gang i juni
2016, skal kontrollere at konsekvensane for næringslivet er tilstrekkeleg
greidde ut når forslag til nye lover og forskrifter vert fremja.
Dei globale klima- og miljøutfordringane
krev omlegging til meir berekraftig produksjon i næringslivet. Ordningar
som miljøteknologiordninga er derfor styrkte, og verkemiddelapparatet
legg vekt på miljø og berekraft i vurderingar av søknader.
Statistisk sentralbyrå har analysert
innovasjonseffekten av utvalde innovasjonspolitiske verkemiddel
og konkluderer med at Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og SkatteFUNN
utfyller kvarandre på ein god måte.
Regjeringa utarbeider forsvarlege
planar for framtidig nedbygging av dei norske atomreaktorane på
Kjeller og i Halden, for handtering av brensel og ei ny oppbevaringsløysing
for nukleært avfall.
Nytt regelverk om offentlege anskaffingar
reduserer dei administrative byrdene både for oppdragsgivarane og for
næringslivet. Det vert stilt krav til at viktige samfunnsomsyn skal
følgjast, som nedkjemping av arbeidslivskriminalitet og omsyn til
klima og miljø.
Reiselivsnæringa er viktig for Noreg
og er i vekst. Reisemålsselskapa skal gjere det lettare for norsk
reiseliv å tilby heilskaplege og attraktive reiselivsprodukt. Eit
femårig prosjekt for å restrukturere reisemålsselskapa vert avslutta no.
I 2015 auka oljeproduksjonen svakt
for andre år på rad, og i snitt vart det produsert 1,95 millionar
fat per dag. Gassproduksjonen i 2015 var rekordhøg, han utgjorde
totalt 115 milliardar Sm3, ein auke på 6 milliardar Sm3 sidan 2014.
Auken kjem i hovudsak av auka etterspørsel frå Europa. 83 felt er
i produksjon, og ytterlegare åtte felt er under utbygging.
Aktivitetsnivået internasjonalt
og på norsk sokkel har gått betydeleg ned dei to siste åra. Færre
nye utbyggingsprosjekt og lågare kostnadsnivå og effektiviseringstiltak fører
til lågare investeringsnivå. Investeringsanslaget for 2016 på over
135 mrd. kr er likevel høgt i eit historisk perspektiv.
Tilgang til nytt, attraktivt leiteareal
er ein føresetnad for å gjere nye betydelege funn og halde ved like
verdiskaping, sysselsetjing og statlege inntekter på lang sikt.
I den 23. konsesjonsrunden tildelte regjeringa ti nye utvinningsløyve
til 13 selskap. Tre av løyva er i det nyopna området i Barentshavet
søraust.
I samband med tildeling av utvinningsløyve
i førehandsdefinerte område, TFO, 2015 vart det tildelt 56 utvinningsløyve
til 36 selskap. Konsesjonsrunden i år i dei førehandsdefinerte områda,
TFO 2016, vart lyst ut i mars.
Olje- og energidepartementet godkjende
i 2015 planen for første byggjetrinn på Johan Sverdrup-feltet –
eit av dei største industriprosjekta i Noreg på fleire tiår. Prosjektet sikrar
betydeleg verdiskaping frå petroleumssektoren også i tida framover
og bidreg til sysselsetjing.
Regjeringa har styrkt forsking og
miljøvennleg teknologiutvikling for olje- og gassindustrien betydeleg
gjennom å auke budsjettet til DEMO2000 med 150 mill. kr.
2015 var prega av stort kraftoverskot
og låge prisar. Kraftproduksjonen var på 145 TWh, om lag 10 TWh
høgare enn gjennomsnittet dei siste ti åra. Trass i eit rekordhøgt
forbruk var det ein nettoeksport på 14,6 TWh. Den årlege systemprisen
på kraft var 18,8 øre/kWh, den lågaste sidan byrjinga av 2000-talet.
I 2015 vart det gitt løyve til utbygging av 3,7 TWh ny fornybar
energiproduksjon, fordelt på 2 TWh vindkraft og 1,7 TWh vasskraft.
Stortinget behandla våren 2016 stortingsmeldinga
om energipolitikken mot 2030. Hovudbodskapen i meldinga er at forsyningssikkerheit,
klima og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre ei effektiv
og klimavennleg energiforsyning.
I meldinga la regjeringa grunnlaget
for framleis innsats gjennom Enova. Satsinga på klimaområdet vert
styrkt. Overordna styring og langsiktig finansiering skal framleis vere
viktige element.
Våren 2016 slutta Stortinget seg
til regjeringa sitt forslag til endringar i lov om erverv av vannfall
mv. Endringane styrkjer industrien sine moglegheiter til å oppnå
langsiktig krafttilgang gjennom kraftuttak tilsvarande eigen eigardel,
etter avtale med dei offentlege majoritetseigarane i vasskraftselskap.
Endringane tredde i kraft 1. juli 2016.
Basert på lovforslag frå regjeringa
seinhaustes 2015 gav Stortinget tilslutning til fleire endringar
av energilova når det gjeld nettverksemd for elektrisitet.
I desember 2015 førte ekstremvêret
Synne til skadar mange stader på Sør-Vestlandet. I revidert nasjonalbudsjett
for 2016 vart det løyvt midlar for å avverje og redusere ytterlegare
skadar. Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, arbeider framleis
med sikringstiltak etter flaumen på Vestlandet hausten 2014.
Regjeringa har styrkt arbeidet med
førebyggjande tiltak mot flaum- og skredskadar. For 2016 er det
løyvt i overkant av 400 mill. kr til formålet. Det mest effektive
tiltaket for å unngå naturskadar er god arealplanlegging i kommunane.
Regjeringa har vidareført arbeidet
med CO2-handtering. Det er utarbeidd ein intensjonsavtale om å forlengje satsinga
på Teknologisenteret på Mongstad.
Barn som vert utsette for omsorgssvikt,
har krav på vern. Regjeringa sette i november 2015 ned eit lovutval som
har arbeidd med å modernisere og forenkle barnevernslova. Utvalet
la fram sitt forslag til ny lov den 29. september.
I april 2016 sette regjeringa i
gang forsøk i tre kommunar for å prøve ut auka kommunalt ansvar
for barnevern, m.a. større ansvar for fosterheimstilbodet. Regjeringa
har òg sendt på høyring forslag til endringar i ansvarsdelinga mellom
stat og kommune på barnevernsområdet. Målet er auka tverrfagleg
samarbeid, førebygging og tidleg innsats overfor utsette barn og
familiar.
I november 2015 la regjeringa fram
ei politisk erklæring mot hatefulle ytringar. Erklæringa forpliktar
til innsats for å nedkjempe ytringar som spreier hat.
Hausten 2014 sette regjeringa ned
eit utval som skal vurdere tiltak for å sikre at menneske med utviklingshemming
får oppfylt grunnleggjande rettar. Utvalet la fram si innstilling
30. september i år.
Regjeringa vil sikre lesbiske, homofile,
bifile og transpersonar sine rettar, bidra til openheit og aktivt
motarbeide diskriminering. Det vart difor lagt fram ein handlingsplan mot
diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet
og kjønnsuttrykk i juni.
For å sikre barna samvær med begge
foreldra og dempe foreldrekonfliktar som rammar barna, fremja regjeringa
i september ein proposisjon med forslag til endringar i barnelova.
Forslaga har som formål å sikre det beste for barnet ved at fleire
foreldre får foreldreansvar, ved å styrkje barn sitt samvær med
begge foreldra og å hindre at det vert vanskeleg å ha samvær.
Regjeringa sette hausten 2015 ned
eit utval som skal gå gjennom måten det offentlege tenesteapparatet
handterer saker på der barn og ungdom har vorte utsette for grov vald,
seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt.
I desse dagar leverer Noreg sin
femte og sjette rapport om gjennomføringa av Noregs forpliktingar
etter FNs konvensjon om barn sine rettar. Det er utarbeidd ein eigen
barnerapport med barn og unge sine synspunkt på korleis det er å
vekse opp i Noreg.
Regjeringa har gjeve fleire moglegheita
til å gå i barnehage. Etter behandling i Stortinget er ordninga
med gratis kjernetid for familiar med låg inntekt utvida frå 1. august 2016,
slik at også treåringar er omfatta. Frå same tidspunkt har barn
fødde i perioden 1. september til 31. oktober fått rett til plass
frå fylte eitt år.
Regjeringa har fremja ei stortingsmelding
som føreslår at faga i skulen vert fornya gjennom ei tydelegare
prioritering, meir djupnelæring og betre fagleg progresjon for elevane.
Det skal utarbeidast ein ny generell del til læreplanane, slik at
det breie danningsoppdraget skulen har, får ein tydelegare plass
i skulekvardagen.
Regjeringa har lagt fram forslag
for å styrkje arbeidet mot mobbing. Det skal nytte for barn og unge
å seie ifrå. Forslag om aktivitetsplikt for at skular skal handle
raskt og effektivt i mobbesaker, og moglegheit for tvangsmulkt dersom
plikta ikkje vert oppfylt, er sende på høyring.
Til saman 5 600 lærarar har fått
tilbod om vidareutdanning frå hausten 2016. Matematikk, engelsk,
norsk, samisk og teiknspråk er prioriterte, men det er tilbod også
i ei rekkje andre fag. Regjeringa vidarefører arbeidet for betre
karrierevegar for lærarar, m.a. gjennom utprøving av funksjonen
lærarspesialist.
Regjeringa vidarefører også betydelege
løyvingar til ulike former for kompetanseutvikling for tilsette
i skulen. Som ein del av realfagsstrategien til regjeringa fekk
elleve nye kommunar status som realfagskommunar våren 2016. Regjeringa
har utforma ein språk-, lese- og skrivestrategi for barnehage og
skule, Språkløyper, som er ein nasjonal strategi som skal styrkje
norske barn og elevar sine ferdigheiter i språk, lesing og skriving.
Regjeringa er oppteken av å sikre
god rekruttering til lærarutdanninga. Samtidig må kvaliteten hevast.
Innføringa av eit forsterka karakterkrav ved opptak til lærarutdanninga
må sjåast i lys av dette.
Stortinget har no vedteke regjeringa
sitt forslag om å gi elevar på vidaregåande nivå eit friare skuleval.
Eit overordna mål for regjeringa
er at kvar enkelt skal få kompetanse som dannar grunnlag for ei
stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. I februar fremja regjeringa Meld. St. 16,
Fra utenforskap til ny sjanse – Samordnet innsats for voksnes læring.
Målet er å skape betre tilgang til opplæring for vaksne og eit betre
grunnlag for samarbeid mellom utdannings-, integrerings- og arbeidsmarknadsmyndigheitene.
Saman med partane i arbeidslivet
utarbeider regjeringa ein nasjonal kompetansepolitisk strategi,
NKPS.
Regjeringa la i juni fram Prop. 139 L
for 2015–2016, Lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner, yrkeskvalifikasjonslova,
som regulerer godkjenning av yrkesutøvarar frå EØS-stat eller Sveits
som ønskjer å utøve eit regulert yrke i Noreg. Endringane kan gjere
det enklare for personar frå dei aktuelle landa å få godkjent yrkeskvalifikasjonane
sine. Det same vil gjelde for norske borgarar som ønskjer å arbeide
i ein annan EØS-stat.
I statsbudsjettet for 2016 vart
langtidsplanen for forsking og høgare utdanning følgd opp med om
lag 885 mill. kr. Planen er det viktigaste prioriteringsverktøyet
til regjeringa.
Totalt er det løyvt 32,7 mrd. kr
til FoU over statsbudsjettet i 2016 – ein realvekst på 4,3 pst.
frå 2015 og ein del av BNP på 1,04 pst.
Frå 1. januar 2016 fusjonerte tolv
statlege universitet og høgskular til fire nye institusjonar. Det
har samtidig vore gjennomført samanslåingar av studentsamskipnadene
som er knytte til desse institusjonane. Fire private institusjonar har
også valt å slå seg saman.
Regjeringa har stilt strengare krav
til institusjonar som vil verte universitet, og har også skjerpa
krava for å etablere nye master- og doktorgradsprogram.
Lov om konsortium for europeisk
forskingsinfrastuktur, ERIC-lova, tredde i kraft frå 1. januar 2016.
Lova gi eit rettsleg rammeverk for norsk deltaking i europeisk samarbeid
om forskingsinfrastruktur. Samarbeidet om storskala forskingsinfrastrukturar
er ein viktig del av det europeiske forskingssamarbeidet som Noreg
deltek i gjennom EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020,
og det europeiske forskingsområdet, ERA.
På bakgrunn av at Stortinget behandla
nytt finansieringssystem for universitet og høgskular, har regjeringa
arbeidd vidare med detaljering og implementering av systemet.
I 2015 er første del av rehabiliteringsprosjektet
for Universitetsmuseet i Bergen sluttført. Det vart gitt startløyving
til fase 2 av prosjektet i statsbudsjettet for 2016. Den nyrestaurerte
Urbygningen ved NMBU vart offisielt opna våren 2016, og arbeidet
med nybygg for veterinærmiljøa ved NMBU er i gang. Det vert òg arbeidd
med å prosjektere nybygg for livsvitskap og for eit nytt vikingtidsmuseum
ved Universitetet i Oslo.
Regjeringa har i 2016 vidareført
løyvinga til bygging av studentbustader på same høge nivå som i
2015.
Aktiviteten innanfor vegbygging
og vedlikehald er høg. For andre år på rad vert vedlikehaldsetterslepet
redusert. Bygginga av ei rekkje prosjekt er starta opp. Fleire anlegg er
opna for trafikk, m.a. E136 Tresfjordbrua, som korta inn E136 med
om lag 13 km, E39 Harangen–Høgkjølen, som gir kortare og meir trafikksikker
veg mellom Orkanger og Vinjeøra, og rv. 22 Lillestrøm–Fetsund, som
aukar vegkapasiteten og gjer strekninga meir framkomeleg.
Det nye utbyggingsselskapet for
veg, Nye Veier AS, har vore operativt sidan 1. januar 2016. Målet
med selskapet er å oppnå meir heilskapleg, samanhengande og kostnadseffektiv
utbygging av hovudvegnettet i Noreg. Det er inngått avtalar mellom
staten og Nye Veier AS om utbygging av tre strekningar.
Bompengereforma skal bidra til at
mest mogleg av det som vert kravt inn av bompengar, går til formålet,
og at det er lett for bilistane å gjere opp for seg. Dette gjer
ein m.a. ved å redusere talet på selskap som står for innkrevjing
av bompengar, frå over 50 i dag til fem regionale bompengeselskap.
I 2015 omkom 117 personar i vegtrafikken.
Dette er svært låge tal i europeisk og global målestokk. Dei førebelse
ulykkestala for dei sju første månadene av 2016 er høgare enn i
2015, men likevel lågare enn gjennomsnittet for dei ti siste åra.
Løyvingane til jernbaneføremål har auka dei siste åra. Ei rekkje
tiltak for å auke transportkapasiteten i jernbanenettet og forbetre
kvaliteten i togtilbodet er i gang.
Auka vedlikehaldsinnsats og eit
styrkt rutetilbod har medverka til meir punktlege tog og auka persontrafikk. Våren
2016 oppnådde NSB AS det beste resultatet for kundetilfredsheit
sidan målingane begynte. Også Flytoget AS kan vise til svært gode
resultat på kundetilfredsheitsmålingane sine.
I 2015 var det 73,8 millionar passasjerar
på jernbanen i Noreg. Dei siste fem åra har passasjerveksten vore
på om lag 26 pst., og transportmengda for gods har auka med 16 pst.,
hovudsakleg som følgje av auka malmtransport på Ofotbanen.
Det er sett i gang ei rekkje aktivitetar
for å implementere jernbanereforma, slik at konkurransegrunnlaget
for dei første trafikkpakkane kan leggjast ut første halvår 2017.
I februar 2016 vart Jernbanedirektoratet og Jernbaneinfrastrukturføretaket
SF etablert.
I juni la regjeringa fram Meld. St. 35
for 2015–2016, der det vert gitt ei oppdatert vurdering av arbeidet
med førebyggjande sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining.
Luftkvaliteten i norske byar og
tettstader har generelt betra seg dei siste åra når det gjeld svevestøv.
For nitrogendioksid, NO2, er status og framskrivingar varierande.
I norske byar vert både grenseverdiar og nasjonale mål framleis
overskridne. For å gi kommunane fleire verkemiddel mot lokal luftforureining
vil det verte fastsett ei sentral forskrift for kommunale lågutsleppssoner
for bil. Kommunane er òg orienterte om dei eksisterande verkemidla
dei sjølve rår over mot lokal luftforureining. Grenseverdiane for
svevestøv er skjerpa frå 2016.
Ei ny og moderne postlov tredde
i kraft 1. januar 2016. Lova legg til rette for gode posttenester
over heile landet. Det er gjennomført ein konkurranse om å distribuere
aviser i abonnement på laurdagar der det i dag ikkje er eit avisbodnett.
Antibiotikaresistens er ein raskt
aukande trussel mot global helse. I dag døyr 700 000 menneske i
verda årleg av resistente bakteriar. Innan 2050 kan dette talet
auke til 10 millionar dersom vi ikkje greier å stoppe utviklinga.
Utfordringa kan berre løysast gjennom eit styrkt internasjonalt arbeid.
Eit av dei overordna måla i strategien mot antibiotikaresistens
som regjeringa vedtok i 2015, er at Noreg skal vere ein pådrivar
i internasjonalt arbeid for å styrkje ansvarleg bruk og utvikling
av nye antibiotika. Dette er følgt opp av landbruks- og matministeren
og helse- og omsorgsministeren, som har dette temaet øvst på sin
agenda i ulike internasjonale forum.
Regjeringa har fremja ei stortingsmelding
om vekst, verdiskaping og gründerskap som viser moglegheitene for å
utvikle produkt og tenester med basis i landbruksressursar. Reindriftsavtalen
legg til rette for auka økologisk berekraft ved å stimulere til
auka produksjon og slakting av rein.
Som følgje av den store tilstrøyminga
av flyktningar og migrantar hausten 2015 har regjeringa fremja to
lovproposisjonar med forslag til innstrammingar i utlendingslova. Innstrammingane
skulle setje Noreg betre i stand til å møte ein situasjon med høgt
migrasjonspress, og som eit resultat vil det m.a. verte stilt strengare
krav for å få permanent opphald.
Stortinget har vedteke å innføre
eit forbod mot bruk av barn som tolk. Forbodet gjeld all offentleg
forvaltning som er omfatta av forvaltningslova.
Gjennom lovforslaget om skjulte
tvangsmiddel har regjeringa sørgt for at politiet får betre metodar
i kampen mot alvorleg kriminalitet. Nye reglar om tilrettelagde
avhøyr av barn og andre særleg sårbare fornærma og vitne i straffesaker
tredde i kraft i oktober 2015. Endringane styrkjer rettssikkerheita
til barn og særleg sårbare vaksne.
I mai la regjeringa fram ei ny melding
om Svalbard til Stortinget. Meldinga bekreftar at dei overordna
måla for svalbardpolitikken ligg fast. Regjeringa vil vidareutvikle Svalbard
ved å satse på forsking, reiseliv og anna næringsverksemd.
Kulturdepartementet har teke imot
ein rapport om alternative modellar for finansiering av NRK. Rapporten
vil danne grunnlaget for regjeringa sitt forslag til framtidig finansieringsmodell
for NRK, som skal leggjast fram for Stortinget innan utgangen av
2016.
ESA har godkjent regjeringa sitt
forslag om nullmoms for elektroniske nyheitstenester. Fritaket tredde
i kraft 1. mars 2016. Noreg er det første landet i Europa som innfører
momsfritak for elektroniske nyheitsmedium, og eit betydeleg hinder
for innovasjon er fjerna.
Ungdoms-OL 2016 vart halde i tidsrommet
12.–21. februar. Kulturdepartementet har bidrege med om lag 250 mill. kr
til gjennomføring av arrangementet.
Rikskonsertane vert lagde om i 2016
for å vareta det nasjonale ansvaret Den kulturelle skulesekken har
for alle kunstuttrykk, og har skifta namn til Kulturtanken – Den kulturelle
skulesekken Noreg.
Det vart investert for over 8,3
mrd. kr i bygg, utstyr og IKT i helsetenesta. Nytt sjukehus på Kalnes
i Østfold vart ferdig og teke i bruk. Sjukehuset har kosta 6,1 mrd. kr
og vart levert innanfor budsjett og tidsramme.
Den 3. juni 2016 la regjeringa fram
Meld. St. 34 for 2015–2016, Verdier i pasientens helsetjeneste –
Melding om prioritering. Her føreslo regjeringa prinsipp for prioritering
som vil bidra til rettferdig tilgang til helsetenester og gi legitimitet
til vanskelege avgjerder helsepersonell må ta kvar dag.
Nye lovreglar om plikt til å nemne
opp kontaktlege i spesialisthelsetenesta tredde i kraft i haust.
Ordninga gjeld for alvorleg sjuke pasientar, som vil få ein lovbestemt
rett til å få nemnt opp kontaktlege.
Regjeringa har fremja forslag om
å utvide retten til fritt behandlingsval til å omfatte private rehabiliteringsinstitusjonar
som har avtale. Dette vil auke valfridommen for pasientane og mangfaldet
i tilbodet
I mai 2016 har regjeringa starta
opp forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene i seks kommunar.
I forsøket skal det prøvast om statleg finansiering gir riktigare behovsdekning
og auka likebehandling på tvers av kommunegrensene.
Regjeringa har lagt fram Demensplan 2020
med mål om å skape eit meir demensvennleg samfunn som tek vare på
og integrerer personar med demens i fellesskapet, og å forbetre
tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.
Regjeringa har lagt fram ein lovproposisjon
om rett til heildøgns pleie og omsorg og sendt på høyring eit forslag om
lovfesting av kompetansekrav i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Regjeringa har fremja forslag om
etablering av eit nytt kommunalt pasient- og brukarregister som
skal gi betre kunnskap om dei kommunale helse- og omsorgstenestene for
å betre tilbodet til brukarane, styring, planlegging o.a.
Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan
for rusfeltet som proposisjon til Stortinget. Proposisjonen gir oversikt
over hovudutfordringane på rusfeltet og legg opp både kortsiktige
og langsiktige strategiar for å møte dei.
Regjeringa har lagt fram eit forslag
om endringar i lov om psykisk helsevern. Endringane gir auka sjølvbestemming
og rettssikkerheit for pasientane.
Regjeringa har lagt fram eit forslag til
lov om endring av juridisk kjønn. Lova gir kvar enkelt rett til
å velje juridisk kjønn, utan krav om medisinske inngrep.
Regjeringa har lagt fram ein strategi
for eit meir aldersvennleg samfunn for aktive eldre.
Regjeringa har lagt fram forslag
som på visse vilkår opnar for sal av drikk med over 4,7 volumprosent
alkohol direkte frå produsent. Småprodusentar av alkohol kan dermed
drive sal av desse produkta som ei binæring.
Regjeringa har lagt fram lovforslag
om innføring av standardiserte tobakkspakningar og gjennomføring
av EUs nye tobakksdirektiv. Dei føreslåtte tiltaka vil bidra til å
gjere tobakksvarer mindre attraktive og ta oss eit skritt nærmare
målet om ein tobakksfri ungdomsgenerasjon.
Forskings- og innovasjonsstrategien
HelseOmsorg21 vart ferdig i juni 2014. Målet med strategien er å
fremje ein målretta og heilskapleg innsats i verdikjeda frå forsking
til innovasjon og kommersialisering. I november 2015 la regjeringa
fram ein handlingsplan med 40 tiltak for å følgje opp strategien.