Stortinget - Møte tysdag den 2. mars 1999 kl. 10

Dato: 02.03.1999

Formalia

Presidenten: Representantane Rolf Reikvam, Haakon Blankenborg, Kristin Krohn Devold, Per Sandberg og Morten Lund, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Følgjande innkalla vararepresentantar har teke sete:

For Hordaland fylke: Lars Arne Ryssdal.

For Rogaland fylke: Bent Høie og Kjell Netland.

For Østfold fylke: Ole Kristian Kjølholdt

Det ligg føre fire permisjonssøknader:

  • frå representantane Liv Marit Moland og Sverre Myrli om permisjon i tida frå og med 2. mars til og med 4. mars – begge for å delta i ei delegasjonsreise til Kuwait.

  • frå representanten Harald Hove om permisjon frå og med formiddagsmøtets slutt 2. mars til og med 4. mars for å delta i ein internasjonal kongress i Brussel.

  • frå Venstres stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Terje Johansen frå og med tirsdag 2. mars og inntil vidare.

Presidenten foreslår at desse søknadane blir behandla straks og innvilga – og ser det som vedteke.

Frå første vararepresentant for Akershus fylke, Borghild Tenden, ligg det føre søknad om å bli friteken for å møte under representanten Terje Johansens sjukepermisjon frå og med 2. mars og inntil vidare, av velferdsgrunnar.

Presidenten foreslår at denne søknaden blir behandla straks og innvilga.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  • 1. Følgjande vararepresentantar blir innkalla for å møte i permisjonstida: For Aust-Agder fylke: May Britt Lunde.

    • ForAkershus fylke: Rikke Lind og Jan M. Vevatne.

    • For Hordaland fylke: Thorbjørn Merkesdal.

  • 2. May Britt Lunde og Jan M. Vevatne blir innvalde i Lagtinget for den tida dei møter for representantane Liv Marit Moland og Terje Johansen.

Presidenten: May Britt Lunde, Rikke Lind og Jan M. Vevatne er til stades og vil ta sete.

Val av settepresident

Presidenten: Presidenten vil foreslå at det blir valt ein settepresident for Stortingets møte i inneverande veke – og ser det som vedteke.

Presidenten ber om framlegg til settepresident.

Carl I. Hagen (Frp): Jeg tillater meg å foreslå Ursula Evje.

Presidenten: Det er gjort framlegg om Ursula Evje som settepresident. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Ursula Evje er samrøystes vald som settepresident for møta i inneverande veke.

Representanten Ursula Evje vil sette fram eit privat forslag.

Ursula Evje (Frp): På vegne av meg selv ønsker jeg å sette fram et forslag om å endre reglene for godkjenning av høyere utdanning fra land utenfor EØS-området.

Presidenten: Forslaget vil bli behandla i samsvar med reglementet.