Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 28

Hallgeir H Langeland (SV): Eg vil gjerne stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

I samband med granskinga av Norne-ulukka, er det avdekt fleire sterkt kritikkverdige tilhøve ved tryggleiken. Stortinget bør difor drøfta aktiviteten i denne verksemda på nytt. Straks bør det gjerast noko med helikoptertransporten.

Vil statsråden stoppa dagpendlinga og legga offshoreflygingane inn under regelverket for allmenn luftfart?

Statsråd Odd Einar Dørum: Eg vil først få seie at eg har mottatt spørsmålet på nynorsk. Det blei ikkje heilt framført i den forma, men eg skal likevel prøve meg på ei anna målform enn den eg vanlegvis bruker.

Havarikommisjonen for sivil luftfart granskar no den tragiske Norne-ulukka. Så snart arbeidet er avslutta, vil kommisjonen leggje fram ein rapport.

Kommisjonen er eit fagleg sett uavhengig organ.

Da det ikkje ligg føre ein slik rapport, kan eg førebels ikkje seie noko meir i høve til kommisjonen si gransking av saka.

Dei norske helikopterselskapa som i dag driv transport på sokkelen, er lagde under luftfartslova, m.a. med krav om lisens. Luftfartsverket er tilsynsmyndigheit. Når det derimot gjeld spørsmålet om bruk av helikopter til dagpendling i Nordsjøen, er dette eit høve som vert regulert av arbeidsmiljøføresegner, der Kommunal- og arbeidsdepartementet er fagdepartement.

Eg er frå Kommunal- og arbeidsdepartementet gjort kjend med at dagpendling til land ikkje er tillate etter arbeidsmiljøføresegnene, vidare at Oljedirektoratet som tilsynsmyndigheit for petroleumsverksemda har tatt opp til handsaming sentrale spørsmål som er knytte til helikoptertrafikk i offshoreverksemd, noko som også omfattar dagpendling.

Hallgeir H Langeland (SV): Lat meg berre kommentera i forhold til det første at som målmann liker eg å bruka dialekt. Det er vel gjerne ikkje tillatt, men det var det eg gjorde då eg leste opp mitt spørsmål litt meir på stavangersk enn det som stod i teksten.

Det som bekymrar SV, er f.eks det som skjedde ved Norne-ulukka, der ein leita to timar i feil område. Det verker på oss i SV som det er ein uvilje til å legga dette inn under reglane for allmenn luftfart. Noko av grunnen trur me me finn i at Flygerforbundet faktisk nyleg sende inn ein klage på Forsvaret fordi Forsvaret øvde i luftrommet, og det skjedde ei nestenulukke. Dette klaga ein inn til Luftfartsverket. Det eg lurer på, er om samferdselsministeren òg vil trekka forsvarsministeren inn i problemstillinga, sånn at ein får heile breidda.

Statsråd Odd Einar Dørum: Da går jeg tilbake til min normale dialekt, og takker også for spørrerens sjenerøsitet på det området.

Jeg har i mitt første tilsvar gjort det klart at dagpendling ikke er tillatt. Når det gjelder andre sider ved saken, avventer jeg Havarikommisjonens rapport, men jeg kan forsikre representanten om at jeg vil gå inn i saken med det største alvor. Jeg vil foreta de vurderinger som jeg syns trengs, når jeg kjenner kommisjonens endelige innstilling.

Hallgeir H Langeland (SV): Norsk Flygerforbund har altså 2. september klaga inn eit NATO-fly som flaug 30 m nær eit sivilt helikopter, og det har skjedd før.

Grunnen til at eg stressar dette, er bl.a at den internasjonale flygarorganisasjonen i næraste framtid kjem til å seia at området rundt Ørlandet/Bodø er « black star », altså eit område der det er farleg for dei å flyga. Det er derfor heilt nødvendig for samferdselsministeren å sørga for at òg Forsvaret blir trukke inn i dette, for det kan verka som om noko av grunnen til at det ikkje kjem inn under allmenn luftfart, er at Forsvaret ønsker å øva fritt utan å bli overvaka av det sivile.

Statsråd Odd Einar Dørum: Jeg forutsetter at det i fredstid er slik at luftfart foregår under forutsigbare forhold. Jeg vil ikke nå forskuttere hvilken instans som skal trekkes inn, men vil, som jeg har sagt tidligere, avvente Havarikommisjonens rapport. Men de synspunkter representanten har lagt fram, vil jeg ta med meg i dette arbeidet.