Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Inger Lise Husøy (A): Jeg har følgende spørsmål til statsråden:

Stortinget behandlet for kort tid siden en ny alkohollov. Det ble blant annet vedtatt å opprette inntil 50 nye vinmonopolutsalg. Uttalelser fra blant annet sosialministeren i pressen har sådd tvil om Regjeringen vil følge opp Stortingets vedtak.

Vil Regjeringen opprette inntil 50 nye utsalg slik Stortinget har vedtatt?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Den førre Regjeringa la i vår fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om ei rekkje endringar i alkohollova. Lova blei vedteken med nokre justeringar. I samband med denne presenterte arbeidarpartiregjeringa også sine synspunkt på salsnettet til Vinmonopolet. Den dåverande regjeringa la til grunn at det var ynskjeleg at taket for talet på utsal skulle hevast med ca 50 %. Noka realitetsbehandling av dette spørsmålet blei ikkje gjort i Stortinget. Slik lova er, også etter endringane, er det departementet som fastset eit tak for talet på salsløyve og fordelinga av desse. Eg har likevel merka meg at framlegget om å heva taket fekk støtte i Stortinget.

Det har ikkje på noko tidspunkt vore føresetnaden at det skulle koma 50 nye utsal med det same. Korkje den tidlegare regjeringa eller Stortinget har vore inne på ei slik løysing. I proposisjonen er det sagt at ein realistisk etableringstakt for Vinmonopolet er at ein reknar med at det vil koma gradvis fleire nye utsal kvart år over fleire år. Etableringstakten har både ei kostnadsmessig og ei alkoholpolitisk side.

Regjeringa ynskjer å føra ein restriktiv alkoholpolitikk. Behandlinga i Stortinget i vår viste også at det er brei semje om at det er nødvendig å setja inn ulike verkemiddel som har som felles føremål å avgrensa dei alvorlege skadeverknadene av alkoholforbruket som vi no ser i samfunnet. Det å avgrensa tilgjenget til alkohol er eitt av fleire verkemiddel. Som nemnt i tiltredingserklæringa tek Regjeringa sikte på å utarbeida ein handlingsplan for å få alkoholbruken ned i tråd med målet om 25 % reduksjon innan årtusenskiftet. Dette er ei prioritert oppgåve. For meg er det naturleg å sjå ein landsplan for Vinmonopolet i samanheng med ein slik plan, slik at vi kan få ei samla vurdering av dei verkemidla vi har til rådvelde. Eg vil til slutt understreka at eg har merka meg dei synspunkta som kom fram ved Stortinget si behandling av spørsmålet i vår.

Inger Lise Husøy (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Det er jo ikke så veldig rart at statsråden har merket seg hva Stortinget sa, for statsrådens eget parti var jo med på den flertallsmerknaden som spørsmålet tar utgangspunkt i. Det er ikke noen tvil om hva flertallet ønsket seg; de ønsket seg inntil 50 nye polutsalg. Og det er for så vidt ikke en debatt om takten statsrådens uttalelser i aviser har ført til, men mer om det skal gjennomføres eller ikke. Flertallsmerknaden kom faktisk innenfor rammen av et ønske om en restriktiv alkoholpolitikk, og alle var for en reduksjon i alkoholbruken på 25 %. Det er jo ikke der skoen trykker. Jeg betraktet det videre slik at alkohol er en legitim og lovlig omsatt vare, og det var faktisk et ønske om at mer av alkoholomsetningen skal komme inn i lovlige former, og at det skal være lik tilgang over hele landet.

Mitt spørsmål er om statsråden har til hensikt å opprette så nær 50 polutsalg som mulig, eller om en skal legge seg på et atskillig mindre antall.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er utarbeidd ein landsplan frå Vinmonopolet si side. Den har vore ute til høyring og skal no til vurdering i departementet.

Eg vil halda meg til det som er sagt frå Stortinget si side om « inntil » 50 nye vinmonopolutsal. Eg legg til grunn den argumentasjonen som er der, både at det er ynskjeleg å få meir av omsetninga inn på Vinmonopolet, at det er geografiske og distriktsmessige omsyn, og at det òg er spørsmål om å rydda opp i forhold til nokre køar. Men vi ynskjer å sjå dette i samanheng med den handlingsplanen som skal utarbeidast, og som har som mål redusert forbruk. Det er òg noko som Stortinget i si tid har sagt.

Inger Lise Husøy (A): Jeg takker for svaret, men har et oppfølgingsspørsmål. Som jeg sa i mitt forrige spørsmål, var jo ønsket opprettelse av 50 nye polutsalg innenfor rammen av en restriktiv alkoholpolitikk. Og det jeg frykter, er at det faktisk dreier seg om en reell uenighet, og at Regjeringen er uenig i det som flertallsmerknaden går ut på. Det jeg da lurer på når statsråden snakker om en landsplan, og at en skal se ting i sammenheng, er: Vil det også innebære at en går tilbake til tidligere åpningstider, ja kanskje faktisk også innskrenker åpningstidene? For det må jo henge sammen med den restriktive tenkningen som bl.a Senterpartiet nå i regjering står for.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Fyrst til spørsmålet om opningstider: Det var òg ei side som blei grundig debattert då Stortinget gjorde endringar i alkohollova i april i år. Eg ser ikkje nokon grunn til å ta opp den debatten igjen. Men det som departementet frå Stortinget si side har eit pålegg om å fylgja opp, er tiltak som kan redusera det samla alkoholforbruket i dette landet. I tillegg er det altså varsla i proposisjonen frå arbeidarpartiregjeringa gradvis fleire nye utsal kvart år over fleire år, og det er sagt at etableringstakten har både ei kostnadsmessig og ei alkoholpolitisk side. Frå stortingsfleirtalet si side er « inntil » 50 nye utsal det som er sagt. Og då skjønar eg ikkje at ikkje Stortinget òg skal be om at Regjeringa ser desse to forholda i samanheng.