Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Odelstinget - Møte onsdag den 10. juni 2009 kl. 11.06

Sak nr. 2 [11:11:09]

Innstilling frå justiskomiteen om lov om endringar i tomtefestelova

Talere

Votering i sak nr. 2

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Solveig Horne sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet. Forslaget lyder:

«Tomtefesteloven § 37 første ledd første punktum skal lyde:

Ved innløysing av tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, skal innløysingssummen vere 30 gonger årleg festeavgift etter regulering på innløysingstida, om ikkje ein mindre innløysingssum er avtalt.»

Komiteen hadde rådd Odelstinget til å gjere slikt vedtak til

lov 

om endringar i tomtefestelova

I

I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste skal § 37 første ledd lyde:

Ved innløysing av tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, skal innløysingssummen vere 25 gonger årleg festeavgift etter regulering på innløysingstida, om ikkje ein mindre innløysingssum er avtalt. Om ikkje anna er avtalt, kan bortfestaren likevel krevje at innløysingssummen for andre tomter enn dei som er festa bort på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren, skal vere 40 prosent av tomteverdet på innløysingstida med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det eller dei husa som er på tomta.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan gi overgangsreglar.

Presidenten: Det blir først votert alternativt mellom forslaget frå Framstegpartiet og tilrådinga frå komiteen til I § 37 første ledd første punktum.

Voteringstavlene viste 58 røyster for tilrådinga frå komiteen til I § 37 første ledd første punktum og 17 røyster for forslaget frå Framstegspartiet.

(Voteringsutskrift kl. 18.41.09)

Akhtar Chaudhry (SV) (fra salen): Jeg stemte feil. Jeg skulle stemt for innstillingen.

Presidenten: Da blir det 59 røyster for tilrådinga og 16 røyster for forslaget.

Det blir votert over resten av komiteens tilråding til I.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen til resten av I blei samrøystes vedteken.

Presidenten: Det blir votert over komiteens tilråding til II.

Framstegspartiet har varsla at dei vil stemme imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen til II blei vedteken med 59 mot 16 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.41.59)

Presidenten: Det blir votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Votering:Overskrifta til lova og lova i det heile blei samrøystes vedtekne.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.