Odelstinget - Møte mandag den 15. desember 2008 kl. 10
Sak nr. 6 [13:09:59]
Innstilling frå justiskomiteen om lov om endring i lov om erstatning frå staten for personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova)
Talere
- Hovedinnlegg
Votering i sak nr. 6
Presidenten: Under debatten har Solveig Horne sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet. Forslaget lyder:
«Stortinget ber Regjeringen vurdere å komme tilbake i Revidert nasjonalbudsjett for 2009 med et forslag om at voldsoffererstatningens begrensning gjelder pr. offer/pårørende.»
Dette forslaget blir i samsvar med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.
Komiteen hadde rådd Odelstinget til å gjere slikt vedtak tillov
om endring i lov om erstatning frå staten for personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsofferstatningslova)
I
I lov 20. april 2001 om erstatning frå staten for personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova) skal § 11 første ledd lyde:
For hvert enkelt skadetilfelle ytes det ikke høyere voldsoffererstatning enn 40 ganger grunnbeløpet i folketrygden, jf. folketrygdloven § 1-4.
II
Lova trer i kraft frå den tida Kongen bestemmer.
III
Endringa gjeld for dei tilfelle der det blir søkt om valdsoffererstatning på grunn av straffbare handlingar e.l. som har funnet stad etter at lova trådde i kraft.
Votering:Tilrådinga frå komiteen blei samrøystes vedteken.
Presidenten: Det blir votert over overskrifta til lova og lova i det heile.
Votering:Overskrifta til lova og lova i det heile blei samrøystes vedtekne.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.