Odelstinget - Møte tirsdag den 12. juni 2007 kl. 10
Sak nr. 6
Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)
Votering i sak nr. 6
Presidenten: Under debatten har Trine Skei Grande satt fram et forslag på vegne av Venstre. Forslaget lyder:
«Stortinget ber Regjeringen om å komme tilbake til Stortinget på egnet måte med supplerende lovformuleringer til en kulturlov som på en bedre måte ser kulturtiltak i sammenheng gjennom en forenkling og samling av dagens oppstykkede regelverk på feltet, og samtidig konkretiserer de statlige kulturforpliktelsene.»
Dette forslaget blir i tråd med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.
Komiteen hadde innstilt til Odelstinget å gjøre slikt vedtak tillov
om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)
§ 1 Føremål
Lova har til føremål å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.
§ 2 Definisjonar
Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å
a. skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
b. verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
c. delta i kulturaktivitet,
d. utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.
§ 3 Statens oppgåver
Staten skal fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd over heile landet gjennom rettslege, økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak.
Staten skal utforma verkemiddel og gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter.
§ 4 Fylkeskommunens og kommunens oppgåver
Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt.
§ 5 Felles oppgåver
Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for
a. at kulturlivet har føreseielege utviklingskår,
b. å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,
c. at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.
§ 6 Ikraftsetjing
Kongen fastset når lova skal ta til å gjelda.
Presidenten: Fremskrittspartiet og Høyre har varslet at de vil stemme imot.
Votering:Komiteens innstilling ble bifalt med 53 mot 28 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 15.12.00)Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.