Odelstinget - Møte måndag den 29. mai 2006 kl. 21.15
Voteringer
Etter at det var ringt til votering, sa
Votering i sak nr. 1
Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fire forslag. Det er
forslag nr. 1, frå representanten Olemic Thommessen på vegner av Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre
forslag nr. 2, frå representanten Olemic Thommessen på vegner av Framstegspartiet, Høgre og Venstre
forslag nr. 3, frå representanten Olemic Thommessen på vegner av Framstegspartiet og Høgre
forslag nr. 4, frå representanten Trine Skei Grande på vegner av Venstre
Forslag nr. 1, frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, lyder:
«Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om lovfesting av Redaktørplakaten.»
Forslag nr. 3, frå Framstegspartiet og Høgre, lyder:
«Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om avvikling av egne regler og eget tilsyn for eierskap i media. Disse oppgaver og funksjoner legges inn under Konkurransetilsynet og konkurranseloven.»
Forslag nr. 4, frå Venstre, lyder:
«Stortinget ber Regjeringen gjennomgå regelverket for medieeierskap, med særlig sikte på en revurdering av reglene om krysseierskap og regionale eierskapsbegrensninger, og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»
Desse forslaga blir i samsvar med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.
Komiteen hadde rådd Odelstinget til å gjere slikt vedtak tillov
om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om eierskap i medier (medieeierskapsloven)
I
I lov 13. juni 1997 nr. 53 om eierskap i medier (medieeierskapsloven) skal § 10 bokstav a, b og c lyde:
Betydelig eierstilling i mediemarkedet nasjonalt anses normalt å foreligge
a) ved kontroll av en andel på 1/3 eller mer av det samlede dagsopplaget for dagspressen,
b) ved kontroll av en andel på 1/3 eller mer av de samlede seertall for fjernsyn,
c) ved kontroll av en andel på 1/3 eller mer av de samlede lyttertallene for radio.
II
1. Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
2. For erverv av eigardelar som fører til monaleg eigarstilling etter medieeierskapsloven § 10 bokstav a, b eller c, og som det vert inngått endeleg avtale om før lova her vert sett i verk, startar fristen for inngrep etter medieeierskapsloven § 9 når lova her vert sett i verk.
Presidenten: Presidenten vil her la votere alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslag nr. 2, frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre. Forslaget lyder:
«Regjeringens forslag til endringer i lov av 13. juni 1997 nr. 53 om eierskap i medier, avvises.»
Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil støtte tilrådinga.
Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre blei tilrådinga vedteken med 46 mot 30 røyster.(Voteringsutskrift kl. 22.04.35)Presidenten: Det blir votert over overskrifta til lova og lova i det heile.
Framstegspartiet, Høgre og Venstre har varsla at dei vil røyste imot.
Votering:Overskrifta til lova og lova i det heile blei vedtekne med 46 mot 30 røyster.(Voteringsutskrift kl. 22.05.13)Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.
Voteringen i en sak finnes i slutten av referatet for hver enkelt sak.