Odelstinget - Møte tirsdag den 20. februar 2001 kl. 15.10
Sak nr. 1
Innstilling fra utenrikskomiteen om lov om iverksetjing av visse internasjonale ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler
Votering i sak nr. 1
lov
om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler
§ 1
Kongen kan treffe dei føresegnene som er naudsynte for at Noreg kan slutte seg til internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler.
§ 2
Føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, gjeld med dei innskrenkingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.
§ 3
Den som forsettleg bryt eller medverkar til brot på føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre år, eller begge delar. Den som aktlaust bryt eller medverkar til brot på føresegner som nemnt i første ledd, kan straffast med bøter eller fengsel inntil seks månader, eller begge delar.
§ 12 a i straffelova gjeld ikkje.
§ 4
Denne lova tek til å gjelde straks.
Presidenten: Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har varslet at de vil gå imot.
Votering:Komiteens innstilling bifaltes med 62 mot 9 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 15.51.10)Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Presidenten antar at Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti også her vil stemme imot. – Det bekreftes.
Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes med 54 mot 8 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 15.51.34)Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.