Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Innstilling fra næringskomiteen om lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)
om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)
Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte ting.
Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.
Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.
Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.
Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte ting, medrekna brukte kunstgjenstandar og antikvitetar, krev løyve frå politiet. Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.
Løyve som nemnt i første ledd kan bli nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk. Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.
Føresegnene i § 2 gjeld ikkje for auksjonsverksemd som vert driven av lensmann etter oppdrag frå offentlege styresmakter eller av advokatar.
Departementet kan gi forskrifter om verksemd som nemnt i § 2, og verksemd som nemnt i § 3.
Departementet kan òg gi forskrifter om meldeplikt til politiet og om føring av protokoll osv., for foretak som skaffar seg brukte og kasserte ting til bruk i eiga bedrift.
Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, eller medverkar til slike brot, vert straffa med bøter eller under skjerpande forhold med fengsel i inntil tre månader.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt vert lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet oppheva.
Løyve frå politiet gitt med heimel i lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet gjeld òg etter ikraftsetjinga av lova her.
Frå den tid lova trer i kraft vert det gjort følgjande endringar i andre lover:
1. I lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. gjøres følgende endring:
Salg av annet øl enn nevnt i første ledd kan bare foretas på grunnlag av kommunal bevilling.
2. I lov av 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v. gjøres følgende endring:
Bevilling kan bare gis til den som anses skikket til å drive handel med skytevåpen og ammunisjon.
Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.