Odelstinget - Møte tysdag den 9. mai 2000 kl. 19.45
Sak nr. 1
Innstilling fra næringskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Hedstrøm, Ansgar Gabrielsen og Terje Knudsen om lov om endring i lov av 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror (omsetningsloven) slik at medlemmenes sammensetning i Omsetningsrådet og rådets arbeidsutvalg endres
Votering i sak nr. 1
Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er:
forslag nr. 1, frå Terje Knudsen på vegner av Framstegspartiet og Høgre
forslag nr. 2, frå Karin Andersen på vegner av Sosialistisk Venstreparti
Presidenten vil foreslå at det fyrst vert votert over forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og deretter alternativt mellom innstillinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Høgre. – Slik vert det gått fram.
Forslag nr. 1, frå Framstegspartiet og Høgre, lyder:
«Vedtak til lov
om endringer i lov av 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror (omsetningsloven)
I
I lov av 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror (omsetningsloven) gjøres følgende endringer:
§ 2 første og annet ledd skal lyde:
For å fremja fyremålet etter § 1 skal det vera eit omsetningsråd med 17 medlemer. Landbruksdepartementet oppnemner medlemer med personlege varamedlemer for kvar av desse:
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Forbrukerrådet
Handelens og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Norges Kooperative Landsforening
Norske Melkeprodusenters Landsforbund
Norsk Kjøttsamvirke
Norske Eggsentraler
Norske Pelsdyravlslag
Gartnerhallen A/L
Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Barne- og familiedepartementet
Planleggings- og samordningsdepartementet
Norske Potetindustrier
Landbruksdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon/Næringsmiddelbedriftenes Landsforening
§ 3 tredje ledd blir nytt annet ledd og skal lyde:
Rådet skal ha eit arbeidsutval på 5 medlemer. Arbeidsutvalet skal vera samansett av medlemene frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Landbruksdepartementet og Næringslivets Hovedorganisasjon/Næringsmiddelbedriftenes Landsforening.
§ 3 annet ledd blir nytt tredje ledd og skal lyde:
Alle vedtak i rådet og arbeidsutvalet vert gjort med vanleg fleirtal. Står røystene likt, er røysta til leiaren avgjerande.
II
Lova trer i kraft straks.»
Forslag nr. 2, frå Sosialistisk Venstreparti, lyder:
«Vedtak til lov
om endringer i lov av 10 juli 1936 nr.6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror. ( omsetningsloven).
I
I lov av 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror (omsetningsloven) gjøres følgende endringer.
§2 første ledd skal lyde:
For å fremja fyremålet etter §1 skal det vera eit omsetningsråd med 17 medlemer. Landbruksdepartementet oppnemner medlemer med personlege varamedlemer for kvar av desse.
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Forbrukerrådet
Handelens og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Norges Kooperative Landsforening
Norsk Kjøttsamvirke
Norske Eggsentraler
Norsk Pelsdyravlslag
Gartnerhallen A/L
Norsk Nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund
Barne- og familiedepartementet
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Norske potetindusterier
Landbruksdepartementet
En representant fra den landbruksbaserte industrien utenfor samvirket
En representant fra økologisk landbruk.
II
Lova trer i kraft straks.»
Komiteen hadde tilrådd:
Dokument nr. 8:13 (1999-2000) – forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Hedstrøm, Ansgar Gabrielsen og Terje Knudsen om endringer i lov av 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror (omsetningsloven) slik at medlemmenes sammensetning i Omsetningsrådet og rådets arbeidsutvalg endres – avvises.
Votering:1. Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart mot 4 røyster ikkje vedteke.
2. Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Høgre vart tilrådinga vedteken med 50 mot 23 røyster.