Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Odelstinget - Møte tysdag den 25. mai 1999 kl. 19.30

Dato:

Dokumenter: 

Sak nr. 1

Innstilling frå utanrikskomiteen om lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde rådd Odelstinget til å gjere slikt vedtak til

lov

om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar.

§ 1

Det er forbode å gjennomføre prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging i strid med Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar av 10. september 1996.

Kongen får fullmakt til å gje nærare føresegner og einskildvedtak for å oppfylle Noregs plikter etter traktaten.

§ 2

Dei personane som etter traktaten skal ha immunitet og privilegier, får utan hinder av norsk lov immunitet og privilegier i samsvar med føresegnene i denne traktaten.

Kongens kan gje nærare reglar for korleis føresegnene om immunitet og privilegier skal gjennomførast.

§ 3

Det kan setjast i verk inspeksjonar ovanfor private, i samsvar med føresegnene i traktaten, her under gjennomførast boring i grunnen.

Kongen kan leggje på grunneigaren eller andre rettshavarar slike plikter som trengst for at ein inspeksjon skal kunne gjennomførast.

§ 4

Denne lova gjeld også for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.

§ 5

Den som forsettlege bryt denne lova eller føresegner eller påbod som er gjeve med heimel i lova, vert straffa med bøter eller fengsel i opptil fem år. Aktlause handlingar vert straffa med bøter eller fengsel i opptil to år. Medverknad blir straffa på same måten.

§ 6

Lova trer i kraft på det tidspunkt som traktaten trer i kraft.

§ 7

Frå den tid denne lova tek til å gjelde, vert det gjort følgjande endring i Almindelig borgerlig Straffelov av 22. mai 1902 nr. 10:

§ 12 fyrste ledd nr. 3 bokstav f, g og h skal lyde:

  • f) skal være straffbar i henhold til FNs Havrettskonvensjon 10. desember 1982 artikkel 113 (skade på undersjøiske kabler og rørledninger),

  • g) er straffbar etter lov 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring av Konvensjonen om forbud mot bruk, lagring og produksjon og overføring av antipersonellminer og om ødeleggelse av slike miner § 5, eller

  • h) er straffbar etter lov nr. XX 1999 om gjennomføring av Traktat om totalforbud mot kjernefysiske prøvesprengninger 5;

Votering:Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Det vert votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Votering:Overskrifta til lova og lova i det heile vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Lovvedtaket vil verte sendt til Lagtinget.