Europautvalget - Møte i Europautvalget tirsdag den 6. mai 2025 kl. 10.15

Dato: 06.05.2025
Møteleder: Ine Eriksen Søreide

Søk

Innhold

Sak nr. 1

Barne- og familieministeren ønsker å redegjøre for aktuelle saker knyttet til forbrukervern i den grønne og den digitale omstillingen, herunder om barns forbrukervern og trygghet på nett. Videre om aktsomhetsdirektivet og forslag til endring av dette framlagt i det såkalte Omnibus-bærekraftsforslaget. I innlegget vil statsråden også berøre hvordan hennes departement arbeider faglig og politisk for å påvirke politikkutviklingen i EU.

Talere

Møtelederen: Da gir jeg ordet til barne- og familieministeren og ønsker henne formelt velkommen til Europautvalget for første gang i denne kapasitet.

Statsråd Lene Vågslid: Tusen takk for det! Som barne- og familieminister har eg no ansvar for forbrukarpolitikken. Forbrukarpolitikken er, som de godt kjenner til, knytt tett opp til den indre marknaden i EU og er ein viktig føresetnad for at denne marknaden fungerer. Gjennom EØS-avtalen har me i Noreg fått mykje godt forbrukarvern, og i dag vil eg difor innleie om nokre utvalde saker på forbrukarområdet.

EU-kommisjonen peikar i sitt arbeidsprogram på at forbrukarane spelar ei nøkkelrolle i EUs sosiale marknadsøkonomi. EU-kommisjonen seier at dei bidreg til ein berekraftig vekst og ein meir konkurransedyktig indre marknad. Samtidig peikar dei på at me må halde fram arbeidet med å beskytte sårbare forbrukarar og sikre effektiv handheving av det regelverket me har. Eit godt forbrukarvern skapar tillit og er viktig for at den indre marknaden skal fungere.

I haust legg EU-kommisjonen fram ein forbrukaragenda for 2025–2030 med ein eigen handlingsplan. Det er krevjande balansegangar ein står overfor i EU framover, i Europa, og me kjenner på det sjølve. Me skal tryggje forbrukarane – og særleg barn og unge. Samtidig skal me òg unngå unødvendige byrder for næringslivet og sikre norsk og europeisk konkurransekraft.

EØS-avtalen har gjeve oss eit godt felleseuropeisk forbrukarvern. Regelverk for alt frå strengare krav til marknadsføring og grunnleggjande rettar ved forbrukarkjøp har me til felles med EU. I store trekk er det viktig å streke under at me har samanfallande interesser og synspunkt med EU innanfor forbrukarpolitikken og i synet på at barn og unge særleg må vernast.

Gjennomgåande for forbrukarpolitikken dei siste åra er at forbrukarane si rolle i den grøne og digitale omstillinga har stått høgt på agendaen. Mange forbrukarar ynskjer å ta meir berekraftige val. Det trur eg me kan kjenne på alle saman – òg at det ikkje alltid er så lett. Det er vanskeleg å orientere seg, og det finst mykje såkalla grønvasking, bruk av villeiande eller uriktige miljøpåstandar i marknadsføringa.

Før sommaren sender me på høyring eit forslag til gjennomføring av direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet – me tek sikte på det. Nye reglar om marknadsføring skal hindre villeiande og upålitelege miljøpåstandar. Det kjem òg konkrete informasjonskrav for næringsdrivande, og berre dei ordningane som oppfyller strenge kriterium, kan bruke berekraftsmerke. I tillegg blir òg den såkalla svartelista utvida i dei praksisar som er uttrykkjeleg forbode, og det blir strengt sanksjonert.

Når det gjeld miljø, vil eg òg nemne EUs reperasjonsdirektiv som justis- og beredskapsministeren har ansvaret for. Ei gjennomføring av direktivet i norsk rett vil gje forbrukarane betre mogelegheit til reperasjon av varer. I tillegg til styrkte rettar i lovgjevinga føreset direktivet at det skal etablerast ein reperasjonsportal som skal gjere det enklare for forbrukarane å finne reparatørar.

Berekraft er òg stikkordet for aktsemdsdirektivet, som eg reknar med at Europautvalet kjenner til. Dette direktivet stiller krav om at dei største verksemdene i EU utfører aktsemdsvurderingar for menneskerettar og miljø. I Noreg har me allereie krav om at større verksemder skal gjennomføre aktsemdsvurderingar gjennom openheitslova som tredde i kraft 1. juli 2022. Me jobbar no med å evaluere lova i samarbeid med fleire andre departement, og i denne prosessen vil me òg sjå på aktsemdsdirektivet frå EU.

I februar 2025 la EU-kommisjonen fram forslag om forenklingar for næringslivet. Det inkluderer ei rekkje forslag til endringar i aktsemdsdirektivet. Føremålet er å redusere administrative byrder og styrkje konkurransekrafta til verksemder i den indre marknaden. Forslaget er no til behandling i Europaparlamentet og Rådet, og det vil ha stor betyding for det vidare arbeidet med endringar i openheitslova.

Digitalisering skapar mange mogelegheiter, som me både veit og kjenner til, men det byr òg på ein del utfordringar for forbrukarvernet vårt. Difor må me samarbeide godt over landegrensene om regelverk, tilsyn og handheving. Eg er spesielt bekymra for barn og unges både trivsel og tryggleik på nett. Det handlar om forbrukarvern, men det handlar òg om eit trygt digitalt miljø som egnar seg for barn.

Eg trur me her er einige om at barn og unge skal vere trygge på nett, og at dei må beskyttast mot skadeleg innhald, kommersiell utnytting, overvaking og misbruk av personopplysningar. Det er sjølvsagt òg mange positive sider ved digitalisering og internett – barn kan utforske meir, finne informasjon, leike, vere sosiale og ikkje minst lære språk. I den samanheng vil eg gjerne nemne at eg i løpet av våren kjem til å leggje fram ei stortingsmelding om trygg digital oppvekst, og meldinga skal bidra til ein heilskapleg politikk for den digitale oppveksten til barn. Me kjem òg til å utarbeide nasjonale råd, informasjon og vegleiing til barn og foreldre og vaksne som jobbar med barn, og samtidig styrkje tilsynet for at det kan førast strengare tilsyn med kommersielle aktørar.

Me må samarbeide internasjonalt om desse utfordringane. Det er ikkje berre i Noreg me diskuterer aldersgrenser i sosiale media. Me har òg sagt at me ynskjer å auke aldersgrensa for når barn kan samtykkje til personopplysningane deira som blir brukte i sosiale media, frå 13 år til 15 år, og me greier ut om det er mogeleg å lovfeste ei aldersgrense på sosiale media på 15 år, og korleis denne kan handhevast.

Det er mange som deler den uroa me har knytt til barn og unge i digitale media og på nett. I slutten av mars var eg i Brussel og hadde eit godt møte med kommissæren for intergenerasjonell rettferd, ungdom, kultur og idrett, Glenn Micallef. Me snakka då saman om kva me kan gjere ilag for å gje barn ein deltakande og aktiv oppvekst, både fysisk og digitalt.

Eg møtte òg den danske EU-parlamentarikaren Christel Schaldemose, som var saksordførar for forordninga om digitale tenester, DSA. Me diskuterte bl.a. behovet for ytterlegare innstrammingar i regelverket.

Noreg blir oppfatta som ein relevant partnar. Norske forbrukarar har vore tidleg ute med å ta i bruk dei mogelegheitene internett gjev, og det har gjeve oss nyttige erfaringar å dele når utfordringane med digitaliseringa skal handterast. Me har verkemiddel, me har arenaer for å medverke i utviklinga av forbrukarvernet i EU og Europa, og eg vil særleg trekkje fram Forbruksforskningsinstituttet SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukartilsynet. Saman er dei eit kraftfullt apparat for å avdekkje, kommunisere og handtere forbrukarproblem i samarbeid med europeiske kollegaer.

Eit heilt ferskt eksempel er virtuell valuta i spel. Langsiktig arbeid frå Noreg har resultert i at dei europeiske forbrukarmyndigheitene og EU-kommisjonen no er einige om å stille strenge krav til spelbransen internasjonalt. Spelarane skal ikkje tvingast til å kjøpe meir spelpengar enn dei eigentleg treng, og ein skal få klar informasjon om reelle kostnader.

Eg er, som mange av mine europeiske kollegaer, oppteken av å sikre effektiv handheving av regelverket me allereie har. Sterke tilsynsmyndigheiter i Noreg er ein føresetnad for at me skal kunne bidra i det felleseuropeiske arbeidet overfor internasjonale selskap. Mykje marknadsføring og sal skjer naturleg nok over grensene, og i ein del tilfelle hjelper det lite med strenge reglar i Noreg om ikkje dei same krava kan stillast til aktørar i andre land. Difor skal me vere i forkant og vere progressive for å sikre forbrukarvernet. På dette området vil det nokre gonger innebere å påverke regelverket i EØS framfor å lage reglar som berre kan handhevast overfor norske aktørar.

I ei evaluering som EU-kommisjonen gjennomførte i fjor, gav Noreg innspel om særleg å prioritere forbrukarvernet til barn. Det er viktig for meg å følgje opp når EU-kommisjonen no utarbeider forslag til ein Digital Fairness Act. Manipulerande og vaneskapande mekanismar, lootboksar og marknadsføring frå influensarar er eksempel på tema der me meiner det er behov for å vurdere strengare reglar på europeisk nivå.

Digital Fairness Act kan òg vere eit høve til å vurdere om det er behov for meir spesifikk beskyttelse, særleg mot manipulerande design som lurer oss til å ta mindre berekraftige forbrukarval, ved at me rett og slett kjøper meir.

Til siste vil eg nemne ei forbrukarsak som har vore mykje omtalt i det siste, og som berører mange område. Det har vore ein formidabel auke i forbrukarkjøp av produkt frå netthandelsplattformer utanfor EØS – som Temu, Wish og Shein. Den 5. februar la EU-kommisjonen fram ei melding som viser verktøykassa me har til rådvelde for å samarbeide om å løyse utfordringane denne handelen fører med seg.

Noreg er gjennom EØS-avtalen med på mange av initiativa som blir nemnde, og me deltek aktivt. Me må særleg ha merksemda retta mot å gjennomføre regelverk om ansvaret nettplattformane har. Eg veit at digitaliserings- og forvaltningsministeren har stort trykk på å gjennomføre DSA, Digital Service Act. Då eg var i Brussel i slutten av mars – eg var ikkje berre i Brussel i mars, men eg var der i alle fall ein dag og gjorde ein del – sette me òg auka handel frå land utanfor EØS på dagsordenen. Klima- og miljøministeren og eg inviterte til eit seminar på Norges Hus om dei skjule kostnadene ved netthandel. Privat masseimport av produkt som ikkje er trygge og ofte har veldig dårleg kvalitet, skapar problem for forbrukarane, næringslivet og miljøet. Og veldig mykje av dette – tonnevis av det – endar om kort tid opp som søppel.

Eg nemnde tidlegare den krevjande balansegangen for EU, og for den skuld for alle som skal lage regelverk for dette forbrukarområdet. Me skal ha tryggje forbrukarar, særleg barn og unge. Eg meiner at samarbeid i Europa er nøkkelen for å løyse det, samtidig som me skal ta andre viktige omsyn, som konkurransekraft for næringslivet. Det er ein «hot topic» i både Europaparlamentet og EU generelt om dagen.

Framover skal me i alle fall halde fram den gode dialogen med viktige aktørar i Brussel og bruke dei møteplassane me har, og eg håpar at Stortingets europautval er einig med meg i at me må bruke alle dei kanalane me har for å fremje norske synspunkt og medverke til utforming av nytt regelverk og framtidsretta politikk for Noreg og for Europa.

Møtelederen: Da åpnes det for spørsmål og kommentarer.

Tage Pettersen (H): Takk til statsråden for en grundig gjennomgang. Jeg heier for hver dag statsråden er i Brussel, så hun må gjerne være der mange dager – ikke fordi vi ikke vil ha henne i Norge, men fordi det er viktige ting som skjer der nede også. Vi får heller klone statsråden.

Jeg har lyst til å utfordre litt på DSA. Det er vel det direktivet vår komité i flest sammenhenger møter. Det er en veldig stor utålmodighet. Om vi snakker mediepolitikk eller forbrukerpolitikk, så er aktørene veldig opptatt av det. Flere – både utenriksministeren, digitaliseringsministeren og kulturministeren – har vel alle i ulik sammenheng sagt at før sommeren 2025 skal det skje noe. Nå er sommeren 2025 straks her, og det har fortsatt ikke kommet noe ut på høring. Er det mulig å utfordre statsråden på hvor i løypa det høringsnotatet ligger?

Nikolai Astrup (H): Jeg har et spørsmål om aktsomhetsdirektivet. Det ble redegjort for at EU-kommisjonen har lagt frem forslag om endringer i det, men jeg fikk ikke helt med meg om statsråden sa noe om hva regjeringen mener om de endringene. Er det slik at regjeringen støtter disse endringene, eller er det slik at man har avvikende meninger? Hva gjør man i så fall da for å få gjennomslag for dem?

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Jeg har to spørsmål. Det ene går på det arbeidet som gjøres med tanke på at forbrukerne skal ta kloke valg og forbruke mindre. I Norge er det bevegelser mot at vi må få bedre garantiordninger, eller at forbruksvarer skal vare lenger. Det nevnte statsråden ingenting om. Er det noen bevegelse i det i Europa, hvor man produserer mye av dette og kanskje ikke er så opptatt av at disse garantiene skal utvides? Det er det ene.

Det andre gjelder DSA, og det er også jeg veldig opptatt av – og særlig kampen mot desinformasjon. Men all den tid Norge skårer mye bedre på pressefrihetsindeksen, har vi mer ytringsfrihet enn i EU. Da blir det veldig viktig at man forstår at Grunnloven vår, hvor ytringsfriheten er forankret, står over EØS-retten. Så statsråden må ta med seg til regjeringen at når man skal utarbeid hvordan det skal implementeres, må vi sørge for at Høyesterett får en form for unntak, for ellers havner vi i en veldig skvis. Det kommer til å komme en masse saker etter at det implementeres, for folk vil påberope seg at de ikke får bruke ytringsfriheten sin. Vår ytringsfrihet er – igjen – festet i Grunnloven vår, som står over EØS-retten, og da må vi passe på at ikke Høyesterett rett og slett havner i en ganske umulig posisjon.

Møtelederen: Da har jeg ikke registrert flere i denne runden, så jeg gir ordet tilbake til barne- og familieministeren – og så er det mulig å tegne seg underveis i hennes svar hvis det skulle være noen flere spørsmål.

Statsråd Lene Vågslid: Eg skal prøve å svare så godt eg kan.

Først til Tage Pettersen: DSA er viktig for regjeringa å få gjennomført og implementert, og så ligg det hos digitaliserings- og forvaltingsministeren. Eg vil ikkje trø i hennar bed, men ein arbeider med det og målet er å få det til så raskt som mogleg.

Når det gjeld spørsmålet frå Astrup om aktsemdsdirektivet, er det litt krevjande å svare på. Endringane er ikkje vedtekne enno, og me evaluerer openheitslova no her i Noreg parallelt med det, så eg må heller kome tilbake med eit betre svar på spørsmålet seinare.

Til spørsmålet frå Sem-Jacobsen: Det er det same når det gjeld DSA – det ligg under digitaliserings- og forvaltingsministeren. Det er ingen tvil om at både EU og Europa er knytte til menneskerettane som gjeld for alle. Og så er det fint å vere tydeleg på Noregs posisjon i arbeidet med det. Det har vore viktig for Arbeidarpartiet og regjeringa å få opp farten med tanke på DSA, me meiner det er ei viktig sak for Noreg.

Møtelederen: Da har Nikolai Astrup tegnet seg. Hvis det er andre som vil ha ordet, må de tegne seg nå.

Nikolai Astrup (H): Når det gjelder aktsomhetsdirektivet, er det helt riktig at det ikke er vedtatt ennå, men dersom Norge har avvikende synspunkter som vi ønsker å få gjennomslag for, er det nå vi må ta stilling til det. Det er derfor jeg utfordrer statsråden på hva Norge mener om disse endringene. Så respekterer jeg at statsråden ikke kan svare i dag, men da vil jeg be om – hvis mulig – at statsråden kommer tilbake i et skriftlig svar til Europautvalget, der man redegjør for regjeringens syn, om det er sammenfallende med EU, og hvis det ikke er det, hva man eventuelt vil gjøre for å følge det opp med EU-kommisjonen.

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Jeg vil bare minne om at jeg også hadde et spørsmål om garantier – å øke dem – og om det er en del av arbeidet og om det er fokus på det i EU.

Møtelederen: Da gir jeg ordet til statsråden igjen.

Statsråd Lene Vågslid: Ja, eg kjem tilbake til Astrup med eit skriftleg svar på det spørsmålet, slik at det blir riktig. Det same gjeld spørsmålet frå Sem-Jacobsen.

Møtelederen: Da har jeg ikke registrert flere, og vi kan gå videre på dagsordenen.