Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ronny Aukrust, Sverre Myrli, Kari Baadstrand Sandnes og Lise Selnes, frå Framstegspartiet, leiaren Per-Willy Amundsen, Pål Morten Borgli, Lars Rem og Aina Stenersen, frå Høgre, Ove Trellevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, frå Senterpartiet, Geir Pollestad, frå Raudt, Hege Bae Nyholt, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Julie E. Stuestøl, og frå Kristeleg Folkeparti, Jonas Andersen Sayed, viser til at dette grunnlovsforslaget gjeld endring i §§ 115 og 26 med føremål å avklare ein rettstilstand der terskelen for å avstå suverenitet til overnasjonale organ har utvikla seg til å bli lite etterprøvbar. I tillegg har forslagsstillarane det synet at terskelen for overføring av mynde er blitt vesentleg minska i møte med stadig fleire overnasjonale vedtaksorgan i Den europeiske union (EU), noko som etter forslagsstillarane sitt syn har tilsidesett mindretallsvernet og terskelen for grunnlovsendring som ligg nedfelt i Grunnlova § 115.
Komiteen viser til at overføring av mynde etter Grunnlova § 115 krev tre fjerdedels fleirtal i Stortinget, og minst to tredjedelar av medlemene må vera til stades, medan overføring av mynde etter § 26 andre ledd berre krev simpelt fleirtal i Stortinget.
Komiteen er samd med forslagsstillarane i at det er viktig med klåre køyrereglar for korleis Grunnlova §§ 115 og 26 skal forståast.
Komiteen viser til at det er ulike syn når det gjeld om Stortinget sin praksis med omsyn til bruk av Grunnlova § 26 andre ledd ved overføring av avgrensa mynde er i samsvar med Grunnlova.
Komiteen merkar seg at Høgsterett i Noreg i sine tolkingar om Stortinget sitt samtykke til EU si fjerde jarnbanepakke og EU si tredje energimarknadspakke bygde på eit premiss om at den konkrete avståinga av mynde kunne handsamast med simpelt fleirtal dersom avståinga var «lite inngripende». Høgsterett la avgjerande vekt på at Stortinget har utvikla ein praksis for å bruke § 26 andre ledd på denne måten i staden for den høgare terskelen i § 115.
Komiteen viser til at slik praksis i Stortinget har oppstått etter vurderingar gjorde av Justisdepartementet si lovavdeling under ulike regjeringar.
Komiteen viser til at Stortinget er suverent i å vedta endringar i Kongeriket Noregs grunnlov. Komiteen viser òg til at Stortinget skal følgja Grunnlova.
Komiteen viser elles til medlemene sine merknader nedanfor.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Høyre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti, viser til Høyesteretts tolkninger og Stortingets praksis og mener at det ikke er behov for å endre terskelen for hva som skal anses som suverenitetsavståelse med den konsekvens at det kreves vedtak etter Grunnloven § 115, slik forslagene synes å innebære. Flertallet anbefaler på denne bakgrunn at Dokument 12:9 (2023–2024) – samtlige alternativer – ikke bifalles.
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Raudt støttar forslagsstillarane sitt ønske om å klårgjera Grunnlova når det gjeld overføring av mynde. Desse medlemene viser til at det ved Stortinget si handsaming av fleire slike saker har vore tydelege skiljeliner mellom dei politiske partigruppene med omsyn til kva heimel i Grunnlova som skal brukast. Desse medlemene viser til at det har vore det til kvar tid gjeldande fleirtalet som har fastsett dette, og at Grunnlova § 26 andre ledd er brukt, etter vurdering frå lovavdelinga i Justisdepartementet. Med Høgsterett si godkjenning av denne praksisen vil over tid eit simpelt fleirtal på Stortinget kunna votera for etter kvart inngripande avståing av mynde.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Raudt meiner dette er eit klårt brot på Grunnlova § 1 fyrste ledd:
«Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike.»
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Raudt konstaterer at jusprofessorane Eirik Holmøyvik og Christoffer Conrad Eriksen skarpt har kritisert Høgsterett si vurdering av Stortinget sitt samtykke etter Grunnlova § 26 andre ledd til EU si fjerde jarnbanepakke og EU si tredje energimarknadspakke:
«Konsekvensen av Høyesteretts grunnlovstolkning i Acer-dommen er en uheldig rettstilstand.
Dommen bekrefter en grunnlovstolkning som skaper uklarhet om reglene for myndighetsoverføring.
Systemet i Grunnloven var ment å være enkelt: Dersom det var snakk om myndighetsoverføring, skulle dette vedtas med kvalifisert flertall uavhengig av om myndighetsoverføringen var liten eller stor.»
Desse medlemene sluttar seg til vurderinga til Holmøyvik og Eriksen.
Desse medlemene vil vidare visa til at Stortinget nyleg, den 2. juni 2026, ved handsaming av Innst. 340 S (2025–2026) og Innst. 341 L (2025–2026) frå næringskomiteen om Endringer i støtteprosessloven (gjennomføring av revidert prosedyreforordning), jf. Prop. 87 LS (2025–2026), debatterte om samtykke til overføring av mynde til EØS-avtalen sitt overvakingsorgan ESA kunne gjerast med bruk av Grunnlova § 26 andre ledd, eller om regjeringa Støre sitt lovforslag om slik avståing av bøteleggingskompetanse måtte handsamast som ei suverenitetsavståing etter Grunnlova § 115. Av 101 representantar røysta 48 for forslag om å be Høgsterett vurdera om Stortinget med heimel i Grunnlova § 26 andre ledd kan samtykkje til deltaking i EØS-komiteen si avgjerd om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 734/2013 og forordning (EU) 2015/1589 om revisjon av prosedyreforordninga (statsstøtte) og dessutan inngåing av avtale om endring av protokoll 3 til Avtale mellom EFTA-statene om opprettelse av et overvåkningsorgan og en domstol (ODA).
Desse medlemene konstaterer at fleirtalet ikkje ønskjer at Høgsterett gjev si vurdering til Stortinget i denne konkrete avståinga av mynde til eit EU-organ.
Desse medlemene fremjar med dette følgjande forslag om at alternativ A vert vedteke, slik at Grunnlova § 115 første ledd på nynorsk og bokmål skal lyda:
«For å sikre den internasjonale fred og sikkerhet eller fremme internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget samtykke i at en internasjonal sammenslutning som Norge er tilsluttet eller slutter seg til, på et saklig begrenset område skal ha rett til å utøve beføyelser som etter denne grunnlov ellers tilligger statens myndigheter, dog ikke beføyelse til å forandre denne grunnlov. For enhver overføring av rett til å utøve slik beføyelse må Stortinget samtykke med tre fjerdedels flertall. Når Stortinget skal gi sitt samtykke, må, som ved behandling av grunnlovsforslag, minst to tredjedeler av dets medlemmer være til stede.
–
For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. For all overføring av slik råderett må Stortinget gje samtykke med tre fjerdedels fleirtal. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, må minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.»