Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Staten og KS forhandlar med Den norske legeforeningen, Norsk Psykologforening og dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund om endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi som sikrar desse gruppene inntektsauke. Det blir i denne proposisjonen fremma nødvendige løyvingsendringar som følge av desse forhandlingane. Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar blir fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Forhandlingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 11. mai. Det blei inngått avtale med psykologforeininga 29. mai.
Forhandlingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar tok til 12. mai 2026. Det blei inngått avtale mellom staten og legeforeininga 3. juni 2026. I tillegg har forhandlingane mellom KS og legeforeininga også sikra vidareføring med oppjusterte takstar. Dei budsjettmessige konsekvensane vil ikkje fremjast i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere nødvendige endringar i budsjettet som følgje av forhandlingane, samt endre forskrifter, sidan einigheita blei inngått kort tid før proposisjonen blei fremma for Stortinget. Løyvingssakene vil bli lagde fram for Stortinget seinare.
Forhandlingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 18. mai. Budsjettmessige konsekvensar vil ikkje fremjast i vårsesjonen. Regjeringa gjer framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere nødvendige endringar i budsjettet som følgje av forhandlingane, samt endre forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagde fram for Stortinget seinare.