Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Trond Giske, Ruth Mariann Hop, Tobias Hangaard Linge, leiaren Rune Støstad og Solveig Vitanza, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Stig Even Lillestøl, Marius Arion Nilsen og Bengt Rune Strifeldt, frå Høgre, Erlend Larsen og Bård Ludvig Thorheim, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, frå Senterpartiet, Geir Pollestad, frå Raudt, Synne Høyforsslett Bjørbæk, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, og frå Kristeleg Folkeparti, Harry Valderhaug, viser til Prop. 46 S (2025–2026) Samtykke til ratifikasjon av frihandelsavtale mellom EFTA-statane og MERCOSUR av 16. september 2025.

Komiteen viser til at MERCOSUR er eit frihandelssamarbeid mellom Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay.

Komiteen registrerer at målet med denne avtalen er å stimulera til auka samhandel og økonomisk samarbeid mellom EFTA-statane og MERCOSUR, samtidig som det også er eit mål å utvikla handelsforholdet mellom partane på ein måte som bidrar til berekraftig utvikling.

Komiteen viser til at forhandlingane starta i 2017, og at partane i 2019 vart einige om eit forhandlingsresultat, men at det ikkje var mogleg å underteikna avtalen då på grunn av politiske forhold i MERCOSUR-statane. Det var også behov for fleire avklaringar på fleire område på EFTA-sida. Forhandlingane vart tatt opp igjen våren 2024, etter presidentskifte i Brasil og regjeringsskifte i Argentina, og det vart då gjort endringar på fleire område. Forhandlingane vart avslutta i juli 2025.

Komiteen viser vidare til at handelen med varer mellom Noreg og MERCOSUR-landa i 2024 var på nær 48 mrd. kroner, og at den vesentlege delen av dette er med Brasil. Frå Brasil importerer Noreg hovudsakleg aluminiumoksid, fiskefôr og soyabønner, medan Noreg eksporterer varer innan offshore og maritim sektor, gjødsel, sjømat og IKT. Olje, gass og skipsfart er viktige næringar for norske investeringar. Investeringar i fornybar energi har auka dei siste åra.

Komiteen registrerer at frihandelsavtalen mellom EU og MERCOSUR, som har vore forhandla fram parallelt med EFTA-MERCOSUR-avtalen, framleis er omstridd, og at denne er signert, men ikkje ratifisert.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, konstaterer at de internasjonale rammene rundt handel er blitt mer uforutsigbare, med nye tollbarrierer og handelskonflikter. Samtidig ble det heller ikke stor fremgang i de globale avtalene gjennom WTOs toppmøte i Kamerun i mars. Norges bilaterale handelsavtaler gir derfor et vesentlig bidrag til tryggere rammer og forutsigbarhet for norske bedrifter som satser på internasjonal handel.

Flertallet mener stabile og langsiktige frihandelsavtaler er et viktig grunnlag for å sikre norske eksportbedrifter markedsadgang og konkurransedyktige vilkår i utlandet. Handel og kontakt med land rundt om i verden kan bidra til større stabilitet og bidra til utvikling på andre områder som menneskerettigheter, demokrati og levekår.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne understrekar at handelsavtalar må vurderast i lys av Noreg sine internasjonale forpliktingar til klima, naturmangfald og menneskerettar, medrekna Parisavtalen, Naturavtalen og relevante FN-konvensjonar. Etter desse medlemene sitt syn er det avgjerande at Noreg fører ein handelspolitikk som bidrar til ei berekraftig utvikling og utsleppskutt og ivaretar natur og grunnleggande rettar.

Desse medlemene meiner det er positivt at avtalen inneheld eit eige kapittel om handel og berekraftig utvikling, og vil samtidig uttrykka bekymring for at kapittelet er prega av svakt juridisk språk og manglar bindande forpliktingar. Desse medlemene ser det som ei stor svakheit at berekraftskapittelet ikkje er underlagt tvisteløysingsmekanismen i avtalen og at det ikkje finst effektive sanksjonsmoglegheiter ved brot, noko som i praksis inneber at kapittelet ikkje er juridisk bindande på lik linje med andre delar av avtalen.

Desse medlemene vil vidare peika på at berekraftskapittelet i utilstrekkeleg grad tar opp sentrale problemstillingar knytte til rettane til urfolk, landrettar og avskoging. Etter desse medlemmene sitt syn er det særleg kritikkverdig at avtalen ikkje inneheld tydelege og forpliktande mekanismar for å sikra urfolk si reelle deltaking og vern av rettane deira, medrekna retten til land og ressursar. Manglande regulering av avskoging, særleg knytt til produksjon av soya, storfekjøt og andre sentrale eksportvarer, svekker truverdet til kapittelet.

Desse medlemene er bekymra for at avtalen slik han ligg føre, kan bidra til auka klimagassutslepp, auka avskoging og auka press på urfolk og småbønder i MERCOSUR-landa. Auka handel med utsleppsintensive varer og auka etterspørsel etter landbruksprodukt kan føra til ytterlegare press på sårbare økosystem, medrekna regnskogsområde. Desse medlemene viser til at dette står i motstrid til Noreg sine forpliktingar til å redusera utslepp og stansa tap av natur.

Desse medlemene vil også kritisera at avtalen ikkje er konsekvensutgreidd. Fråværet av ei heilskapleg vurdering av avtalen sine klima-, natur- og samfunnsmessige konsekvensar svekker det demokratiske avgjerdsgrunnlaget og gjer det vanskeleg å vurdera om avtalen er i tråd med norske interesser og forpliktingar. Desse medlemene meiner at ei slik konsekvensutgreiing, med tilhøyrande høyringsprosess, burde vore gjennomført før avtalen vart lagd fram for Stortinget.

Desse medlemene vil framheva at Noreg har både eit ansvar og eit handlingsrom til å stilla strengare krav i handelsavtalar for å sikra omsyn til klima, natur og demokrati. Etter desse medlemene sitt syn bør Noreg gå føre i arbeidet med å utvikla handelsavtalar som ikkje berre fremmar auka handel, men som også sikrar berekraftig utvikling, respekt for menneskerettar og vern av naturgrunnlaget. På denne bakgrunnen meiner desse medlemene at avtalen i si noverande form ikkje i tilstrekkeleg grad tar vare på omsynet til klima, miljø og menneskerettar, og at det er behov for vesentlege forbetringar før ein eventuell ratifikasjon.

På denne bakgrunnen fremmar desse medlemene desse forslaga:

«Stortinget ber regjeringa gjennomføra ei uavhengig konsekvensutgreiing av handelsavtalen med MERCOSUR-landa, for å sikra eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om avtalen sine konsekvensar for miljø, klima og menneskerettar.»

«Stortinget ber regjeringa oppretta eit sivilsamfunnsforum for systematisk oppfølging av Noreg sine forpliktingar i handelsavtalen mellom EFTA og MERCOSUR og tilhøyrande dialog mellom norske styresmakter og representantar frå sivilsamfunnet.»

«Stortinget ber regjeringa sikra at handelsavtalar Noreg deltar i, inneheld juridisk bindande reglar om berekraft, på lik linje med andre reglar i avtalane.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti viser til at handelsavtalen med MERCOSUR-landene er et eksempel på hvordan Norge kan føre en uavhengig handelspolitikk tilpasset egne interesser. Disse medlemmer merker seg at avtalen gir norsk næringsliv styrket adgang til markeder i Sør-Amerika og dermed bidrar til økt verdiskaping og eksportmuligheter for norske bedrifter.

Disse medlemmer vil understreke at denne typen avtaler forutsetter nasjonal råderett over handelspolitikken. Etter disse medlemmers syn viser avtalen styrken som ligger i EFTA-samarbeidet, hvordan Norge kan forhandle frem løsninger som er tilpasset norske behov, og således styrken av å stå utenfor rammene av EUs handelspolitikk.

Komiteens medlem fra Rødt viser til advarslene mot å ratifisere frihandelsavtalen slik den foreligger, som fremkommer i høringsinnspill fra Handelskampanjen, Greenpeace Norge, Nei til EU, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Regnskogfondet, Utviklingsfondet og Latin-Amerikagruppene i Norge. EFTA-MERCOSUR-avtalen er ikke konsekvensutredet, og organisasjonene i sivilsamfunnet hjemme i Norge og i MERCOSUR-landene har i liten grad fått mulighet til å delta i prosessen. Handelsavtalen fremmer eksport av landbruksprodukter som driver avskoging og fordrivelse av urfolk og småbønder i MERCOSUR-landene.