1. Innledning

Meldinga omhandlar regulering av pensjonar i 2025 og inntektstilhøve for pensjonistar.

Den pårekna effekten av neste års regulering av pensjonar, basert på anslaget for lønnsvekst i statsbudsjettet, vert budsjettert på dei relevante postane på budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet direkte og som ein del av den ordinære budsjettprosessen, jf. Prop. 1 S frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Viss det trengst, vil dei relevante budsjettpostane verte korrigerte i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett.

Det er gjennomført drøftingar med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane om talgrunnlaget for reguleringa.

I kapittel 2.1 i meldinga er det detaljert gjort greie for reglar for regulering. AFP i privat sektor vert regulert i tråd med dei reglane som gjaldt før 2022.

1.1 Regulering frå 1. mai 2025

Lønnsveksten i 2025 vart i revidert nasjonalbudsjett anslått til 4,4 pst. Ved reguleringa i 2024 vart det lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2024 på 5,2 pst. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen vart årslønnsveksten 5,6 pst. i 2024. Det ligg dermed føre eit positivt avvik eit år tilbake i tid på 0,4 prosentpoeng, som det skal takast omsyn til i årets regulering. Lønnsvekst for 2023 er fastsett til 5,2 pst., og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2025 (vekst i gjennomsnittleg grunnbeløp) på 4,82 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 4,94 pst.

På bakgrunn av desse anslaga vert det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 122 225 kroner i 2024 til 128 116 kroner i 2025. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2025 er 130 160 kroner.

Veksten i konsumprisane i 2025 er anslått til 2,8 pst. i revidert nasjonalbudsjett. Faktisk prisvekst i 2024 er fastsett til 3,1 pst. av Statistisk sentralbyrå. Det er eit negativt avvik i prisveksten for 2024 på 0,8 prosentpoeng som skal takast omsyn til i årets regulering.

Samla prosentvis prisvekst i 2025 er 1,98 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 3,40 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 3,71 pst. frå 1. mai.

1.2 Drøftingar med organisasjonane om talgrunnlaget

Talgrunnlaget for utrekning av lønnsveksten som vert brukt ved regulering av grunnbeløpet og pensjonar er gått gjennom og drøfta med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før den samla lønnsveksten vert fastsett, jf. forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden § 4.

Drøftingsordninga er ytterlegare formalisert i avtale av 20. juni 2022 mellom regjeringen og pensjonistenes, de funksjonshemmedes og arbeidstakernes organisasjoner om regulering av folketrygdens grunnbeløp og pensjoner.

Formålet med drøftingane er å sikre, så langt det er mogleg, ei felles forståing mellom partane om føresetnadene som skal leggjast til grunn for reguleringa. Partane skal også vurdere om det ligg føre særlege tilhøve som har påverka lønnsutviklinga for einskildgrupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsveksten.

Etter at talgrunnlaget er drøfta med organisasjonane, fastset Kongen, med heimel i folketrygdloven §§ 1-4, 4-4, 19-14 og 20-18, reguleringsfaktorar og satsar for minste pensjonsnivå.

I drøftingsmøta, som vert leia av arbeids- og inkluderingsministeren, deltar:

  • Pensjonistforbundet (SAKO-samarbeid)

  • Seniorsaken

  • Forsvarets seniorforbund

  • Landsforbundet for offentlige pensjonister

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon,

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS)

  • Akademikerne.

Finansdepartementet er også representert.

I forkant av drøftingsmøta 19. og 22. mai 2025 vart det 4. april 2025 halde eit møte mellom organisasjonane og Arbeids- og inkluderingsdepartementet der rapporten «Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2025» frå det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera vart gjennomgått.

Det var semje om talgrunnlaget.

Det låg heller ikkje føre «særlege tilhøve» som skulle takast omsyn til ved berekninga av lønnsveksten.

Pensjonistforbundet (SAKO) og SAFO meiner at trygdeoppgjeret manglar ein sosial profil og at Stortinget må ta ansvar. Organisasjonane meiner den ordinære pensjonsreguleringa dei siste 10 åra (2015–2024) ikkje har vore tilstrekkeleg til å halda oppe kjøpekrafta til pensjonistane. Organisasjonane krev at pensjonistane får eit kronetillegg som kjem i tillegg til den ordinære oppreguleringa, og foreslår at tillegget blir øyremerkte eit løft av dei lågaste pensjonane, slik låglønnstillegg fungerer i lønnsoppgjera. Alle som har ein pensjon under fattigdomsgrensa (EU60) må givast eit løft. Organisasjonane er skuffa over at gjenlevendetillegget frå og med fjorårets trygdeoppgjer ikkje lenger skal auka på lik linje med resten av pensjonen, og krev at gjenlevendetillegget skal auka på lik linje med resten av pensjonen. Organisasjonane krev også at det blir innført ei etterlatenpensjonsordning for alderspensjonistar fødd i årskulla omfatta av pensjonsopptening etter nytt regelverk. Organisasjonane krev også etterbetaling av skjermingstillegget til uføre.

Unio, FFO, LO, Akademikerne, YS, Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og LOP legg til grunn at resultatet er i samsvar med reguleringsreglane, og krev at det i trygdedrøftingane for 2025 skal takast omsyn til eit avvik i lønnsveksten i 2024 på 0,4 pst. og eit avvik i prisveksten på -0,8 pst.

1.3 Andre kapittel i meldinga

1.3.1 Faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistar

Gjennom reguleringa av pensjonane vert den nominelle inntektsutviklinga til pensjonistane bestemt. For å finne realveksten må ein ta omsyn til prisutviklinga. Både den nominelle og den reelle inntektsutviklinga vert også påverka av endringar i pensjonsreglane. Når ein også tek omsyn til skatt, kjem utviklinga i kjøpekrafta til pensjonistane til syne.

Ein viser til kapittel 3 i meldinga som gjer greie for:

  • Realvekst i alderspensjon

  • Endring av skatt i 2025

  • Vekst i utbetalt pensjon for ulike hushaldstypar.

1.3.2 Inntektsutvikling blant den eldre delen av befolkninga

Kapittel 4 i meldinga presenterer statistikk som klargjer utviklinga i samla inntekt for den eldre delen av befolkninga i perioden 2013–2023, jf. rapporten «Arbeid, pensjon og inntekt i den eldre befolkningen. Rapport fra Pensjonspolitisk arbeidsgruppe 2025».

1.4 Minste pensjonsnivå og låginntekt blant alderspensjonistane

I kapittel 5 i meldinga er det detaljert gjor greie for utviklinga i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå og om utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane.

Ved utgangen av 2024 var det 121 170 minstepensjonistar blant alderspensjonistane. Trenden er at talet for personar som får minstepensjon er fallande.

Frå 2011 til 2024 har prosentdelen av minstepensjonistar blant alle alderspensjonistar falle frå 24,8 til 11,4.

Det er store kjønnsskilnader blant mottakarane av minste pensjonsnivå.

Kvinner utgjer fleirtalet av dei som får minste pensjonsnivå. I 2011 hadde 39,8 pst. av kvinnelege alderspensjonistar minste pensjonsnivå, medan prosentdelen hadde gått ned til 18,6 pst. i 2024.

Andelen av mannlege alderspensjonistar med minste pensjonsnivå har også falle sidan 2011. I 2024 hadde 3,9 pst. av mannlege alderspensjonistar minste pensjonsnivå. Det er ein nedgang på 2,9 pst. sidan 2011.

Reduksjonen i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå kjem primært av at yngre kvinnelege alderspensjonistar har meir opptening til pensjon samanlikna med dei eldre årskulla.

Dersom utrekna alderspensjon er lågare enn satsen for minste pensjonsnivå, vert det gjeve ulike tillegg i alderspensjonen. Ein mottakar kan få fleire tillegg.

Prosentdelen med låginntekt blant alderspensjonistar over 67 år har vore svakt fallande sidan pensjonsreforma. I 2023 var om lag 10 pst. av alderspensjonistane over 67 år definerte som å ha låginntekt, mens 40 pst. av minstepensjonistane er definerte som å ha låginntekt. Prosentdelen med låginntekt er klart høgare blant åleinebuande. Dette gjeld pensjonistar generelt, men særleg minstepensjonistane.

Prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar auka i perioden 2011–2015, men frå 2015 til 2022 har prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar vore relativt stabil.