Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I proposisjonen legg Samferdselsdepartementet fram forslag om å vidareføre bompengeinnkrevjinga på rv. 7 Sokna–Ørgenvika i Buskerud fram til juni 2029. Dagens takstnivå og rammene for fastsett gjennomsnittstakst i bomstasjonen er føresett vidareført med nokre justeringar av takstsystemet. Inntektene skal gå til å påskunde naudsynte utbetringar av rv. 7 på strekninga mellom Kittilsvik og Gol og førebuande arbeid for utbyggingsprosjektet rv. 7 Ørgenvika–Kittilsvik. Forslaget er ein pilot knytt til bompengeinnkrevjing slik det er opna for i Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036.
Forslaget om å vidareføre innkrevjinga av bompengar vil utfordre prinsippa for strekningsvise bompengeprosjekt slik dei blir praktiserte i dag. Det inneber at innkrevjinga vil gå parallelt med gjennomføringa av utbetringstiltaka, og ikkje etter at prosjektet er ferdig bygd. Hovudregelen i dag er etterskotsinnkrevjing, som betyr at bompengeinnkrevjinga først startar opp etter at vegane er ferdig bygde og tiltaka er gjennomførte. Ei vidareføring vil òg utfordre den gjeldande praksisen på strekningsvise bompengeprosjekt, der bompengeinnkrevjinga blir avvikla når bompengelånet er nedbetalt. På den andre sida vil ei vidareført bompengeinnkrevjing i dette tilfellet bidra til å løyse trafikale utfordringar ved å få fortgang i naudsynte utbetringar på rv. 7 og dermed gi moglegheit for at vegen får betre trafikktryggleik og framkome på eit tidlegare tidspunkt.