Komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Even Eriksen, Nils-Ole Foshaug, Steinar
Krogstad og Trine Lise Sundnes, frå Høgre, Hårek Elvenes, Ingjerd
Schie Schou, Erna Solberg og leiaren Ine Eriksen Søreide, frå Senterpartiet,
Bengt Fasteraune, Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum, frå
Framstegspartiet, Sylvi Listhaug og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti,
Ingrid Fiskaa, frå Raudt, Bjørnar Moxnes, frå Venstre, Guri Melby, frå
Kristeleg Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig representant
Christian Tybring-Gjedde, deler forslagsstillarane sin uro over
den svært alvorlege situasjonen i dei austlege delane av Den demokratiske
republikken Kongo. Valden som opprørsgruppa M23 står bak, er opphav
til meir liding for ei allereie hardt råka sivilbefolkning i området. Komiteen merkar seg at Tryggingsrådet
i FN har slått fast at Rwandas militære kontrollerer og styrer M23
sine militære operasjonar, og at Rwanda med det har eit ansvar for
M23 sine overgrep og ulovlege handlingar.
Vidare merkar komiteen seg
at Noreg gav 21,3 mill. kroner i øyremerkt hjelp til Rwanda i 2024,
og at det er planlagt å gi 24,6 mill. kroner i 2025.
Fleirtalet
i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet,
syner til regjeringa si vurdering av forslaget og at omfanget av
Noreg si hjelp ikkje er av ein slik art eller eit slikt omfang at
ein kan forvente at ein eventuell suspensjon vil ha vesentleg innverknad på
politikkutforminga i Kigali, men at ein suspensjon fyrst og fremst
vil råke prosjekt for utsette grupper.
Komiteen merkar
seg at Storbritannia, Tyskland og Canada til no har vedteke å fryse
deler av sin bistand til Rwanda, og at regjeringa fortløpande vurderer
om suspensjon er betre eigna til å bidra til oppnåing av norske
målsetjingar enn ei vidareføring av bistandssamarbeidet.
Fleirtalet
i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet,
deler denne vurderinga.
Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet støtter forslagsstillernes første forslag
på bakgrunn av Fremskrittspartiets prinsipielle ønske om å kutte
i bistandsbudsjettet.
Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt er svært bekymra
for krigen og dei store sivile lidingane aust i Kongo og deler forslagsstillarane
sitt ynskje om å setje konflikten på dagsordenen. Noreg bør gjere
alt me kan for å stoppe krigen og auke den humanitære støtta. Desse medlemene støttar derfor forslaget
om at Noreg skal arbeide aktivt i internasjonale fora og med fredsarbeid
for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske
republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer
menneskerettane.
Det er ingen tvil om at Rwanda støttar
opp om M23, og medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti har
derfor fremja forslag i Stortinget om at Noreg bør ta initiativ
til ein internasjonal våpenembargo mot Rwanda. Denne
medlemen meiner samtidig at bistandskutt ikkje vil svekkje
rwandiske styresmakter og deira involvering i den kongolesiske krigen.
Som statsråden peikar på i svarbrevet sitt, vil eit bistandskutt
fyrst og fremst ramme allereie marginaliserte grupper. Denne medlemen viser også til at norsk
bistand går til rwandisk sivilsamfunn via norske organisasjonar.
Sivilsamfunnet er avgjerande for å halde rwandiske styresmakter
ansvarlege når det gjeld menneskerettar og folkerett. Noreg bør
derfor heller styrkje enn svekkje støtta til det rwandiske sivilsamfunnet.
Medlemen
i komiteen frå Venstre er svært uroa over situasjonen i Aust-Kongo.
Opprørsgruppa M23, som i praksis fungerer som ein stadfortredar
for Rwanda, har gjennomført valdelege overgrep og teke territoriell
kontroll over store delar av Aust-Kongo. Dette har hatt enorme humanitære
konsekvensar og ført til at tusenvis har mista livet og hundretusenvis
har vorte drivne frå heimane sine.
Etter denne medlemen sitt
syn er det slåande likskapsteikn mellom, på den eine sida, overgrepa
og dei ulovlege handlingane som Rwanda står bak i Aust-Kongo gjennom
sin stadfortredar M23, og på den andre sida Russlands overgrep og
ulovlege handlingar i Aust-Ukraina frå og med 2014. Det er viktig
å forsvare folkeretten, uavhengig av kven som bryt han, og kvar
det skjer.
Denne medlemen viser
til at sidan det aktuelle representantforslaget vart fremja, har
det kome fleire initiativ til ei fredeleg løysing. Den 18. mars
2025 oppmoda den kongolesiske presidenten Félix Tshisekedi og Rwandas
president Paul Kagame til ei umiddelbar våpenkvile. Den 23. april
2025 vart Den demokratiske republikken Kongo og M23 einige om ein
mellombels stopp i krigshandlingane. Den 25. april 2025 signerte DR
Kongo og Rwanda ein avtale om å respektere kvarandre sin suverenitet
og å bli einige om eit utkast til fredsavtale. Trass i denne utviklinga
har krigshandlingane halde fram i provinsen Sør-Kivu. DR Kongo og
Rwanda skal, etter det denne medlemen kjenner
til, òg ha kome med forslag til fredsavtale. I alle tilfelle er
det klart at vi har å gjere med ein konflikt som er i utvikling.
Dette understrekar, etter denne medlemen sitt
syn, behovet for å leggje press på aggressoren i konflikten for
å stanse dei ulovlege handlingane. Samstundes understrekar naturlegvis
dynamikken i konflikten behovet for at regjeringa viser skjøn når
det kjem til tidspunktet og form for eit slik press.
Medlemene i
komiteen frå Framstegspartiet og Venstre fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget ber regjeringa vurdere
å suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar
si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut
av Den demokratiske republikken Kongo.»
Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Venstre fremjar
følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa arbeide
aktivt i internasjonale fora og med fredsarbeid for å fremje ei
fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo
(DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.»
Medlemen i
komiteen frå Venstre viser vidare til dokumentet «Rådets gjennomføringsavgjerd (FUSP)
2025/510 av 17. mars 2025 om gjennomføring av avgjerd 2010/788/FUSP
om restriktive tiltak på bakgrunn av situasjonen i Den demokratiske
republikken Kongo», som skildrar EUs listeføring av ni individ knytte
til M23 og éi organisasjon knytt til den væpna konflikten i Aust-Kongo. Denne medlemen meiner det er rett av
Noreg å støtte det europeiske presset mot Rwanda og M23 for å stanse
deira ulovlege handlingar, og fremjar på denne bakgrunnen følgjande
forslag:
«Stortinget ber regjeringa slutte
seg til EUs sanksjonar knytte til situasjonen i Den demokratiske
republikken Kongo, vedtekne 17. mars 2025.»