1. Samandrag

Helse- og omsorgsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i bioteknologiloven. Departementet foreslår eit forbod mot genetisk testing av barn under 16 år utanfor helsetenesta. Videre foreslår departementet å endre reglane for preimplantasjonsdiagnostikk (PGD).

Departementet foreslår ikkje å endre hovudvilkåret for å kunne tilby preimplantasjonsdiagnostikk, det vil seie kravet om at det må vere fare for å overføre ein alvorleg arveleg sjukdom. Men departementet foreslår å ta inn i lovteksten nokre av momenta det skal leggjast vekt på i vurderinga av kor alvorleg den aktuelle sjukdommen eller tilstanden er. Dette er blant anna om sjukdommen eller tilstanden gir redusert livslengd, kva smerter eller belastningar sjukdommen eller behandlinga fører med seg, og kva behandlingsmoglegheiter som finst. Det skal òg leggjast vekt på korleis det er å leve med sjukdommen.

Departementet foreslår også å opne for å tilby preimplantasjonsdiagnostikk i nokre særlege tilfelle sjølv om berartilstand hos ein av dei kommande foreldra ikkje er påvist.

Departementet skriv at endringane i reglane for preimplantasjonsdiagnostikk inneber auka kostnader på angslagsvis 7 mill. kroner per år.

Resten av dei foreslåtte endringane vil ikkje føre til økonomiske eller administrative konsekvensar av betydning.