1.3 Sentrale hendingar i 2024
Det blei utført inntektskontroll på alle som
tok imot pensjon etter 75-årsregelen, for å sikre at ingen har hatt inntekt
som overstig inntektsgrensa. Kontrollen gjaldt for inntektsåret
2023. Alle som blei kontrollerte, var innanfor inntektsgrensa.
I løpet av sommaren/hausten 2024
blei det, ut frå skatteoppgjeret for 2023, gjennomført etteroppgjer
for alle uførepensjonistar i ordninga. Det blir gjort for å sikre
at uførepensjonen er berekna ut frå den eventuelle inntekta ein
har hatt samtidig med uførepensjon.
I 2024 blei alderspensjonar under utbetaling,
og etterlatnepensjon til etterlatne som er 67 år eller eldre, regulert
med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Reguleringa utgjorde
2,76 pst. Uførepensjon og etterlatnepensjon for dei under 67 år
blir regulert som veksten i grunnbeløpet, som utgjorde 4,56 pst.
i 2024.