Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mani Hussaini, leiaren Ingvild Kjerkol, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal og Sigurd Kvammen Rafaelsen, frå Høgre, Jan Tore Sanner, Michael Tetzschner, Bård Ludvig Thorheim og Ove Trellevik, frå Senterpartiet, Marit Arnstad, Lisa Marie Ness Klungland og Gro-Anita Mykjåland, frå Framstegspartiet, Terje Halleland og Marius Arion Nilsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, frå Raudt, Sofie Marhaug, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, og frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, syner til Dokument 8:87 S (2024–2025) om å lyse ut 26. konsesjonsrunde, der forslagsstillarane ynskjer at regjeringa i fyrste halvår 2025 skal lyse ut ein ny nummerert konsesjonsrunde for olje- og gassleiting på norsk sokkel.

Komiteen syner til at oljeselskapa, gjennom konsesjonsrundar, vert tildelte nye løyve til å leite etter olje og gass i dei områda som er opna og tilgjengelege for petroleumsverksemd. Det finst to typar konsesjonsrundar på norsk sokkel: nummererte rundar og tildelingar i førehandsdefinerte område (TFO). Nummererte rundar er jamstilte med TFO i det norske systemet, og vert nytta for mindre kjende delar av kontinentalsokkelen.

Ein nummerert konsesjonsrunde tek til med at oljeselskapa vert inviterte til å nominere blokker dei ynskjer skal lysast ut. Med grunnlag i desse nominasjonane og vurderingane til styresmaktene vert det sendt ut eit framlegg til utlysing på offentleg høyring. Utlysinga av runden vert til sist kunngjord av regjeringa. Korkje TFO-rundar eller nummererte konsesjonsrundar kan nyttast til å tildele areal i område som ikkje er formelt opna for petroleumsverksemd.

Komiteen syner til at nummererte konsesjonsrundar har vorte gjennomførte sidan 1965, og dei seinare åra jamt over annakvart år. Den førre nummererte konsesjonsrunden var då Olje- og energidepartementet lyste ut 25. konsesjonsrunde 19. november 2020. Etter runden vart det den 23. juni 2021 gjeve tilbod om partar i til saman fire utvinningsløyve på norsk sokkel.

Komiteen syner til svarbrev frå statsråd Terje Aasland til energi- og miljøkomiteen, datert 27. februar 2025, som ligg vedlagt denne innstillinga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, peikar på at petroleumsnæringa er Noregs største og viktigaste næring, og at om lag to hundre tusen arbeidsplassar er knytte til denne. Vidare leiting etter petroleumsressursar har tyding for produksjonsnivået på norsk sokkel og tilsetjing i næringa. Sokkeldirektoratet estimerer i sitt oppdaterte ressursrekneskap at 22 pst. av dei venta ressursane på norsk sokkel som kan vinnast ut, enno ikkje er påviste gjennom leiting.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet, syner til at Noreg og Europa no står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Noreg vil i mange år framover vera Europas desidert største og viktigaste energipartnar. Å forsyna forbundsfellane våre med petroleum og sikra Europas energisjølvstende, er avgjerande for vår eigen fridom og tryggleik. I fleire europeiske land blir det diskutert om planane for energilausriving frå Russland bør skrotast på grunn av kraftunderskot. Då må Noreg ta ansvar der me har moglegheit, og sørgja for høg produksjon i lang tid framover.

Dette fleirtalet vil utnytta dei moglegheitene norsk sokkel har til å auka utvinninga av gass. Skal Noreg halda fram rolla som ein stabil gassleverandør og føreseieleg samarbeidspartnar innan energi til EU, hastar det med å leita meir for å halda oppe produksjonen. Tilgjengelege leiteareal er ein vesentleg del av det.

Eit tredje fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet, syner til at etterspurnad etter gass internasjonalt nådde eit rekordnivå i 2024, ifølgje IEAs Gas Market Report for 2025. Det internasjonale energibyrået (IEA) forventar at etterspurnaden vil auka ytterlegare i 2025. I rapporten kjem det fram at trass i den aukande etterspurnaden er det framleis ein skjør gassbalanse, med ei stram tilbodsside og geopolitiske spenningar. I 2024 steig global gassetterspurnad med 2,8 pst., som svarer til 115 milliardar kubikkmeter, som igjen er tilsvarande norsk gasseksport til Europa. Klimaendringane fører til meir ekstremvêr, noko som gjer at gassbasert produksjon blir ei stadig viktigare reserverolle for å sikra straumforsyningstryggleik.

Dette fleirtalet syner til at Europa søkjer å erstatta bortfall av russisk gass innan 2027. Rystad Energi forventar at norsk gassproduksjon blir redusert med 35 pst. innan 2030, 60 pst. innan 2040, og heile 90 pst. innan 2050, dersom me ikkje leitar og finn nye gassreservar. Tyskland har inngått energiavtale med Quatar. LNG gass frå både USA og Quatar er dyrare enn gass i røyr frå Noreg, så EU ønskjer mest mogleg røyrgass ifølgje leiaren i ACER. I EUs Green Deal er hydrogen løfta fram som eit viktig element for å integrera ulike energisystem og bidra til CO2-reduksjonar, spesielt innan prosessindustri og transport. Noreg kan få ei nøkkelrolle ved å bruka naturgass frå sokkelen til framstilling av hydrogen, der CO2 deretter blir lagra på sokkelen.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Framstegspartiet fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa lysa ut 26. konsesjonsrunde for olje- og gassleiting på norsk sokkel i første halvår 2025.»

Desse medlemene syner til at dei ved votering i saka subsidiært vil røysta for Senterpartiets forslag.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne vil peke på at 95 pst. av norsk olje og gass selges til Europa, og at det vil være svært uklokt å legge opp til en omfattende utbygging av norsk petroleumsvirksomhet gjennom 2030-tallet, samtidig som vårt viktigste marked planlegger en rask nedtrapping av sin etterspørsel etter petroleumsprodukter.

Disse medlemmer vil videre peke på at det fortsatt investeres mange ganger mer i olje og gass i Norge enn i all annen industri til sammen. De siste investeringsanslagene fra SBB (februar 2025) anslår investeringer i petroleumsvirksomhet på 253 mrd. kroner i 2025, mens tilsvarende tall for fastlandsindustrien er på 42 mrd. kroner. Norsk olje- og næringspolitikk bidrar i dag til å binde kapital, kompetanse og energiressurser til petroleumssektoren og gjøre norsk økonomi sårbar og oljeavhengig. Et vedtak om å øke omfanget av oljeleting ved å sette i gang 26. konsesjonsrunde vil forverre denne situasjonen.

Disse medlemmer peker på at petroleumsforekomster under en eventuell 26. konsesjonsrunde sannsynlig vil ha produksjonsstart om 10 år med en produksjonshorisont frem mot 2060–2070. Dette er lenge etter at verden må ha omstilt seg for at vi skal klare å unngå katastrofal oppvarming ved slutten av dette århundret. Dette er verken ansvarlig overfor fremtidige generasjoner eller norsk økonomi.

Disse medlemmer viser til at siste produksjonstillatelse i Barentshavet ble gitt til Johan Castberg-feltet i 2018. Dette var syv år etter at funnene ble gjort, og produksjonen startet først nå, syv år senere. Med samme hastighet på leting og utvikling som Castberg vil nye funn i Barentshavet starte produksjonen først i 2039. Med en slik horisont vil det ikke være mulig å sikre kvoter under EU ETS. Det betyr at alle nye oljefelt må klare å produsere utslippsfritt, enten gjennom karbonfangst og -lagring eller gjennom elektrifisering.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne mener at ny oljeproduksjon i Barentshavet dermed vil få store negative konsekvenser for Finnmark. Utbyggingen og elektrifiseringen som følger, vil støvsuge Nord-Norge for kraft og øke presset på naturen og reinbeiteområdene med kraftlinjer og vindkraft.

Disse medlemmer mener at en gjenåpning av 26. konsesjonsrunde vil være svært negativt av hensyn til både klima, sårbar havnatur, Norges troverdighet som ansvarlig havnasjon og vår omstillingsevne.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen om å ikke lyse ut nye konsesjonsrunder for petroleumsleting på norsk sokkel.»

«Stortinget ber regjeringen om at det ikke iverksettes petroleumsvirksomhet, inkludert leting og seismikkskyting, i områder definert som særlig verdifulle og sårbare (SVO).»

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sende alle utvidelser av oljeletingsareal, inkludert tildeling i forhåndsdefinerte områder (TFO), til stortingsbehandling.»

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne viser til at Det internasjonale energibyrået (IEA) har konkludert med at for å begrense en global oppvarming til 1,5 grad er det ikke rom for å utvikle stadig nye olje- og gassfelt. FNs klimapanel og IEA viser til at mesteparten av verdens funn av olje og gass må bli liggende dersom man skal ha en sjanse til å nå klimamålene i Parisavtalen. Klimamålene er satt for å unngå katastrofale klimaendringer, og derfor vil det være uansvarlig å utlyse 26. konsesjonsrunde, som vil legge opp til at man fortsetter med økt aktivitet på norsk sokkel.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet ynskjer å utvikle norsk olje- og gassnæring både gjennom tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) og gjennom nummererte konsesjonsrundar. Desse medlemene vil understreka at TFO-tildelingane dei siste ti åra har vore dei viktigaste for petroleumsselskapa si moglegheit til leiting og utvikling av funn.

Desse medlemene er positive til gjennomføringa av ein 26. konsesjonsrunde. Ein slik runde bør følgje same mal som tidlegare konsesjonsrundar, både den 23. og den 24. konsesjonsrunden.

Desse medlemene syner til at det er naturleg å starte med førebuande arbeid til ein ny konsesjonsrunde før det vert fatta vedtak om utlysing av sjølve konsesjonsrunden. Desse medlemene peikar på at denne prosessen tok om lag halvtanna år i samband med 23. konsesjonsrunde og om lag eitt år i samband med 24. konsesjonsrunde. Etter nominasjon og høyring meiner desse medlemene det på denne bakgrunnen er realistisk å kunne lyse ut ein ny konsesjonsrunde tidleg i 2026.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa setje i verk førebuande arbeid for 26. konsesjonsrunde med sikte på ei mogleg utlysing av runden tidleg i 2026.»

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Venstre viser til at Europa, Norges viktigste handelspartner, er i ferd med å gjennomføre en enorm grønn omstilling, og har lovfestet klimanøytralitet innen 2050. EU arbeider målbevisst for å øke andelen fornybar energi, og å sette en sluttdato for langsiktige kontrakter for fossil gass utover 2049. Dette vil etter hvert medføre redusert etterspørsel etter norsk gass.

Disse medlemmer viser til at felt fra nye konsesjonsrunder ikke vil være i produksjon før om minst 10–15 år, når etterspørselen etter norsk olje og gass må være på vei ned. Disse medlemmer mener derfor at en utlysning av en 26. konsesjonsrunde er et klimamessig feilgrep, samtidig som det øker risikoen for at det igangsettes utvikling av ulønnsomme olje- og gassfelt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til tidligere forslag om å utlyse 26. konsesjonsrunde. Norge er en stor olje- og gassprodusent og i dag den største eksportøren av gass til EU, hvor vi forsyner EU med om lag 30 pst. av gassen som benyttes i unionen. Norsk petroleumsindustri er blant verdens reneste, og nesten all olje og gass produsert i Norge eksporteres.

Leting etter olje og gass i umodne deler av norsk sokkel har siden 1965 blitt organisert gjennom utlysninger av nummererte konsesjonsrunder. Selskapene på norsk sokkel har dermed fått nødvendige tillatelser til å lete i områder der geologien er mindre kjent, men der funnene ofte har vært betydelige. Regjeringen Støres støtteparti Sosialistisk Venstreparti har fått vetorett på utlysning av nye konsesjonsrunder, samt også fått blokkert aktivitet på noen leteblokker innen ordinære leterunder (TFO). I praksis har Støre-regjeringen gitt Sosialistisk Venstreparti vetorett på utviklingen på norsk sokkel, med de negative konsekvensene det medfører. Disse medlemmer understreker viktigheten av forutsigbare vilkår, jevn leting og utvikling av nye felt for å opprettholde dagens produksjon.

Resultatet av konsesjonsrundene og nye funn har vært nye arbeidsplasser, teknologiutvikling, høy verdiskaping og milliardinntekter til det norske velferdssamfunnet. Siste planlagte konsesjonsrunde har blitt utsatt siden Støre-regjeringen tiltrådte, noe disse medlemmer mener er meget uheldig, særlig i dagens anstrengte europeiske energisituasjon.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at Sosialistisk Venstreparti i inneværende periode har sørget for at 26. konsesjonsrunde ikke har blitt lyst ut. Dette medlem viser til at å begrense olje- og gassleting er essensielt for å nå 1,5-gradersmålet.

Komiteens medlem fra Miljøpartiet De Grønne vil minne om at EU har besluttet å kutte sine utslipp med 90–95 pst. innen 2040, og at nesten all norsk olje og gass selges til Europa. Dette medlem vil peke på at Miljøpartiet De Grønne har lagt frem en plan for en trygg utfasing av petroleumsvirksomheten der vi viser hvordan Norge ved hjelp av eksisterende felt kan forsyne Europa med mellom 25 og 50 pst. av gassen de trenger frem til 2040, et nivå som er vesentlig høyere enn dagens 25–30 pst.