Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar.
Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og
inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2024 eksporterte
Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 44,9 mrd. kroner, som vart
ny rekord.
Noreg deler rundt 90 pst. av fiskeressursane
vi haustar av, med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet.
Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege
fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er
berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd
om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner
om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.
I kapittel 2 inneheld meldinga ei kort innføring
i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Dei
ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i,
er presenterte i kapittel 3. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang
av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane. Kapittel
5 gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde
med andre land i 2023 og 2024.