Søk

Innleiing

Bakgrunn

Ved behandlinga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjøret 2024, som eit laust forslag til Innst. 448 S (2023–2024), gjorde Stortinget vedtak nr. 847, 21. juni 2024, med følgjande ordlyd:

«Stortinget ber regjeringen innen februar 2025 på nytt komme tilbake med egen sak med forslag til prinsipper for beregning av inntekt i jordbruket og sammenligning med andre grupper, for å sikre demokratisk forankring av tallgrunnalet til bruk i jordbruks-oppgjørene og legitimitet til forhandlingsinstituttet.»

Prinsipper for tallgrunnlag m.m.

Den 3. februar 2025 inngjekk Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Pasientfokus ein avtale om prinsippa for talgrunnlag i jordbruksoppgjeret m.m. Avtalen er attgjeven i Meld. St. 10 (2024–2025) kapittel 2. Avtalen inneheld semje om ei endring av timetalet per årsverk i jordbruket, stadfesting av normeringsfaktoren frå jordbruksoppgjeret 2024, prioritering av Nord-Noreg i neste oppgjer og lovnad om eit forslag om ein jordbrukskonto med verknad frå 2025. I tillegg inneheld avtalen ei målsetting om produksjon av økologisk mat, der 10 pst. av det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2032.

Når det gjeld saka om jordbrukskonto, viser regjeringa til omtalen i Prop. 1 LS (2024–2025) Skatter og avgifter 2025 kapittel 15, der det står at ei ordning med jordbrukskonto framleis er under utgreiing. Finansministeren vil kome attende til Stortinget med ei endeleg utgreiing av saka.

Avtalen om redusert timetal per årsverk vil gi auka behov for løyvingar over jordbruksavtalen, alt anna likt. Også målet for økologisk jordbruk og prioriteringa av Nord-Noreg vil innebere økonomiske konsekvensar, som i stor grad vil handterast innanfor jordbruksavtalen sine rammer.