1.2.1.2 Formål og sakleg verkeområde
Forordninga regulerer i hovudsak etablering
av ELA og styresmakta sitt ansvar og sine roller. ELA sitt oppdrag
er å hjelpe medlemsstatane og Europakommisjonen i å effektivt nytte
og handheve EU-retten på områda arbeidsmobilitet og trygdekoordinering,
jf. artikkel 1 nr. 2. ELA-forordninga påverkar ikkje utøvinga av
grunnleggande rettar som er anerkjende i medlemsstatane og på EU-plan,
jf. artikkel 1 nr. 3.
ELA sitt saklege verkeområde kjem fram av dei
rettsaktene som er nemnde i artikkel 1 nr. 4, og eventuelle framtidige
rettsakter som bygger på desse. Av desse (inkludert nyare rettsakter
som byggjer på dei nemnde) er følgjande tatt inn i EØS-avtala:
-
På området utsending
av arbeidstakarar i samband med tenesteyting: utsendingsdirektivet,
handhevingsdirektivet og endringsdirektivet til utsendingsdirektivet.
-
På området trygdekoordinering: trygdeforordninga og
gjennomføringsforordninga.
-
På området fri rørsle av arbeidstakarar:
forordninga om fri rørsle av arbeidstakarar i unionen og direktivet
om å lette utøvinga av arbeidstakarar sine rettar i forbindelse
med fri rørsle for arbeidstakarar, samt EURES-forordninga.
-
På området sosiale regler innan vegtransport:
fartsskrivarforordninga, køyre- og kviletidsforordninga, endringsdirektivet
om krav til handheving for utsending av førarar i vegtransport og
forordning om yrkestilgang til vegtransportmarknaden.
Vidare inngår føresegner i forordninga
som gjeld samarbeid med sikte på kampen mot svart arbeid, jf. artikkel
1 nr. 5.
Forordninga skal ikkje røre ved dei rettane
eller pliktene enkeltpersonar eller arbeidsgivarar har etter unionsretten
eller nasjonal lov eller praksis, eller dei rettane og pliktene
til nasjonale styresmakter som følgjer av dette, eller den uavhengige
stillinga til partane i arbeidslivet, som er uttrykkeleg anerkjend
i EU-traktaten (TEUF), jf. artikkel 1 nr. 6. Det er også presisert
i artikkel 1 nr. 6 at ELA-forordninga ikkje skal påverke eksisterande
bilaterale avtaler og ordningar for administrativt samarbeid mellom
medlemsstatane, særleg dei som gjeld koordinerte og felles tilsyn.
ELA-forordninga inneber ikkje at ELA kan beslutte noko
som bind medlemsstatane eller får direkte verknad overfor borgarar
eller verksemder. Det følgjer av forordninga at ELA ikkje skal gripe
inn i kompetansen til medlemsstatane og autonomien til partane.
ELA skal primært støtte medlemsstatane og leggje til rette for betre
samarbeid innanfor verkeområdet sitt. Det er fastsett konkret og
uttømmande kva EU-regelverk på arbeidsmobilitetsområdet som er relevante
for arbeidet til ELA, og forordninga gir ikkje nye materielle reglar
på arbeidsmobilitetsområdet.
ELA-forordninga inneber følgjeleg ikkje avståing
av nasjonal styresmakt til ELA.
I proposisjonen er det og detaljert gjort greie
for:
-
Nærmare om oppgåvene
til ELA, herunder:
-
Koordinering av EURES
(artikkel 6)
-
Samordna og felles tilsyn (artikkel 8 og
9)
-
Plattforma om å styrke samarbeidet i kampen mot
svart arbeid (artikkel 12)
-
Mekling mellom medlemsstatane (artikkel
13)
-
Plikt til å peike ut ein nasjonal kontaktperson
-
Evaluering av ELA
-
Trygdeforordninga
-
Forordningane om fri rørsle av arbeidstakarar
og EURES