1.1 Proposisjonens hovudinnhald
I proposisjonen blir det fremja endringar i:
-
lov 3. desember 1948
nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs
-
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
(folketrygdlova)
-
lov 21. juni 2013 nr. 102 om stillingsvern
mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeidslova).
Som hovudregel er alle som er busette
i Noreg, eller som er arbeidstakarar i Noreg, på norskregistrerte
skip eller på faste eller flyttbare anlegg og innretningar på den
norske kontinentalsokkelen, pliktige medlemmar i folketrygda. Det
same gjeld visse kategoriar av norske statsborgarar som arbeider
i utlandet. Andre personar kan på nærmare vilkår søke om frivillig
medlemskap i trygda.
Personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd
om bord på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister
(heretter NIS), er i dag eksplisitt unntatt frå både pliktig og
frivillig medlemskap i folketrygda, sjå folketrygdlova § 2-12. Føresegna
i § 2-12 gjeld både for norske og utanlandske statsborgarar.
Det blir i proposisjonen foreslått å oppheve
folketrygdlova § 2-12 for å likestille personar som er tilsette
i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte
i NIS, med andre kategoriar av arbeidstakarar på tilsvarande skip.
Vidare blir det foreslått korresponderande endringar i folketrygdlova,
skipsarbeidslova og lov om pensjonsordning for arbeidstakere til
sjøs.
Det vert i kapittel 2 i proposisjonen gjort
greie for bakgrunn og gjeldande rett, herunder:
Forslag til endringar i regelverket
om medlemskap i folketrygdlova m.m. for personar tilsette i hotell-
og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS har
vore på høyring, herunder:
-
Forslag om å oppheve
folketrygdlova § 2-12
-
Forslag om å justere folketrygdlova § 2-5
første ledd bokstav f, det vil seie fjerne tilvisinga.
-
Forslag om endringar i anna lovgiving,
herunder:
-
Endringar i lov om
pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs, det vil seie å oppheve
§ 2 nr. 2 andre ledd.
-
Endringar i skipsarbeidslova, det vil seie
å oppheve § 4-7 andre ledd.
Høyringsinstansane sine merknadar
er nærmare omtalte i kapittel 4, 5 og 6 i proposisjonen.
Det blir foreslått at lova skal gjelde frå den
tida Kongen fastset.