Forslag fra Rødt:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa fremja forslag om
å redusera talet på veketimar i grunnskulen, med mål om å harmonisera
det med nivået i Finland.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa fremja forslag om
å redusera undervisningstida til kontaktlærarar med 2 klokketimar
per veke.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa gå i dialog med partane i arbeidslivet
med mål om å redusera bunden tid med inntil 25 pst. og slik skapa
meir fleksibilitet for lærarane.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa fremja forslag om
å innføra førskule for seksåringane med mykje meir frileik og pedagogikk
basert på interessene og behova til den einskilde elev, med start
i førsteklasse først for sjuåringar.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa fremja forslag om
ei betydeleg satsing på trykte lærebøker i skulen og sikra at kommunane
faktisk kjøper inn bøkene, for å betra elevane si leseforståing
og leseglede og redusera forstyrringar frå digitale læremiddel.