Barne- og familiedepartementet peiker i meldinga på
at barn i barnevernet skal møtast med tryggleik, kjærleik og forståing,
slik det kjem fram av formålsparagrafen i barnevernsloven. Fosterheim
er i dag det mest brukte tiltaket i barnevernet for barn som ikkje
kan bu heime med foreldra sine. Av alle barn som bur i fosterheim
eller barnevernsinstitusjon, bur ni av ti i fosterheim. Fosterheimar
er dermed ein av dei viktigaste berebjelkane i norsk barnevern.
Regjeringa ønskjer at barn og unge som treng det, også i framtida
skal få ein familie å vekse opp i. For å få til dette må det vere
nok fosterheimar til å møte dei ulike behova barna har.
Tilbodet i fosterheim skal fremje tryggleik,
ro og stabilitet og bidra til ei positiv utvikling for barna. Innsatsen
fosterfamiliar gjer, er ikkje berre viktig for barna og ungdommane
våre, men òg for samfunnet. I meldinga gjer regjeringa greie for
tiltak som skal bidra til å rekruttere og behalde fleire fosterheimar,
og bidra til at barn som treng det, skal få ein fosterheim i eller
i nærleiken av nærmiljøet sitt. Tiltaka må òg sjåast i samanheng med
fleire forslag om endringar i barnevernsloven, som blei sende på
høyring i april 2024.
I kapittel 2 Mål og premissar for arbeidet med
meldinga omtaler regjeringa sine mål for fosterheimsomsorga. Tiltaka
i meldinga skal bidra til at
-
barn og unge med
behov for det får ein fosterheim når dei treng det, og at dei får
ein trygg og stabil omsorgssituasjon
-
barn og unge skal få ein fosterheim i nærmiljøet
sitt, når det er vurdert å vere det beste for barnet
-
barn og unge i fosterheim ikkje opplever
unødvendige flyttingar og brot
-
barnet og fosterfamilien kan få ei stabil
tilknyting over tid
-
barn og unge i fosterheim får ein så normal
oppvekst som mogleg, ved å gjere det enklare for fosterforeldre
å oppfylle omsorgsansvaret sitt.
Kapittel 3 Barn og unge i fosterheim
omtaler statusen og utviklinga på fosterheimsområdet dei siste åra. Kapittelet
omtaler òg dei ulike typane fosterheimar og gangen i ei barnevernssak.
Til slutt følgjer ei omtale av innsatsar for å betre statistikken
og styringsinformasjonen på fosterheimsområdet.
Kapittel 4 Fleire fosterheimar til barn som
treng det omtaler utfordringane med å rekruttere nok fosterheimar.
Regjeringa har som overordna mål at barn ikkje skal vente lenge
på fosterheim, og at barn skal få ein fosterheim i nærmiljøet sitt.
For å nå dette målet føreslår regjeringa tiltak for å leggje til
rette for meir samarbeid mellom kommunar om rekruttering og oppfølging
av fosterheimar, betre samarbeidet mellom Barne-, ungdoms- og familieetaten
(Bufetat) og kommunane om rekruttering av fosterheimar i nærområdet
og å vurdere ulike typar støttetiltak for å stimulere til auke i
bruken av familieråd som metode i kommunane. Regjeringa vil òg auke
bruken av spesialiserte fosterheimar og styrkje arbeidet med å rekruttere
fosterheimar med minoritetsbakgrunn.
Kapittel 5 Betre oppfølging av fosterheimar,
barn og foreldre drøftar oppfølginga av barn i fosterheim, fosterfamiliane
og foreldra til barna. Barn i fosterheim treng stabilitet og tryggleik.
I dag er det for mange barn som opplever å måtte flytte frå fosterheimen
på grunn av brot. Regjeringa vil gi kommunar tilbod om fag- og tiltaksstøtte
og rettleiing i krevjande saker, og etablere ei etterutdanning i
fosterheimsarbeid. Desse tiltaka vil gi kommunane betre føresetnader
for å gi fosterforeldre den oppfølginga og støtta dei treng i oppdraget
sitt.
For å leggje til rette for fleire samarbeid
mellom kommunar om mellom anna oppfølging av fosterheimar vil regjeringa
styrkje tilskotsordninga for kommunale læringsnettverk.
Regjeringa vil greie ut særskilde ordningar
for oppfølging og rettleiing av fosterheimar som tek imot barn med
ein annan kulturell og språkleg bakgrunn, for å sørgje for barna
bevarer ei tilknyting til den kulturelle, språklege og eventuelt
religiøse bakgrunnen sin.
Regjeringa har sendt på høyring forslag om å
gi barn i alle aldrar ein eigen rett til å klage på vedtak om flytting.
Regjeringa føreslår òg å regulere barnevernstenesta sitt høve til
å stanse samvær og å presisere moglegheiter for avlasting i barnevernsloven.
Foreldra er viktige i livet til barna også etter
ei omsorgsovertaking. Regjeringa vil greie ut kva for hjelp foreldre
som har barn i fosterheim, har behov for, og korleis eit styrka
tilbod til foreldra bør innrettast. Regjeringa har òg sendt på høyring
eit forslag om å lovfeste eit krav om å følgje opp barn og foreldre
ved oppheving av vedtak om omsorgsovertaking.
Kapittel 6 Stabilitet og føreseielege rammer
når barn bur i fosterheim omtaler forslag til lovendringar som har
til føremål at barn skal ha det stabilt og trygt i fosterheim. Regjeringa
føreslår å gi fosterforeldre større avgjerdsmakt både ved fullmakt
og ved at dei får direkte rett til å ta viktige avgjerder i den
daglege omsorga og rett til å klage på vegner av barnet. Det vil
bli utarbeidd retningslinjer for å klargjere ansvarstilhøvet mellom barnevernstenesta,
fosterforeldre og foreldre. I tillegg er regjeringa i gang med å
greie ut ei løysing for å gi fosterforeldre digital tilgang til
tenester på vegner av fosterbarnet, der Folkeregisteret deler opplysningane.
Regjeringa har sendt på høyring forslag om å
gi fosterforeldre rett til å klage på vedtak om å flytte barnet, og
at barneverns- og helsenemnda skal vurdere målet om gjenforeining
mellom barn og foreldre i saker som gjeld oppheving av vedtak om
omsorgsovertaking. Vidare føreslår regjeringa å innføre strengare
sperrefristreglar i saker om samvær og tilbakeføring, og vurdere om
foreldreansvaret for barnet skal kunne overførast til fosterforeldra
når barnet skal bu lenge i fosterheim.
Kapittel 7 Føreseielege økonomiske rammer for
fosterforeldre handlar om økonomiske rammer for fosterforeldre,
som grunnstøtte, frikjøp og pensjon. Regjeringa meiner det må bli
meir føreseieleg for fosterforeldre kva dei kan vente av økonomisk
godtgjering for oppdraget, og har sendt på høyring eit forslag om
å lovfeste ei plikt for kommunen til å gi godtgjering og utgiftsdekning,
og godtgjering tiltenkt pensjonssparing for frikjøpte fosterforeldre.
I tillegg blir det i høyringa føreslege å lovfeste at kommunen jamleg
skal vurdere behovet for frikjøp. Departementet har òg bedt om høyringsinstansane
sitt syn på om nivå på godtgjering og utgiftsdekning bør komme fram
av rettleiande satsar i faglege tilrådingar, eller om nivået på
ytingane bør regulerast i lov eller forskrift. Regjeringa vil òg
gjere dei faglege tilrådingane betre kjende i kommunane og vurdere
å tydeleggjere kva ansvar barnevernstenesta har for utgifter ved
skadar som blir påførte fosterheimen.
Kapittel 8 Fosterheim som ettervernstiltak drøftar bruk
av fosterheim som ettervernstiltak for unge over 18 år. Vedtak om
omsorgsovertaking fell bort når barnet fyller 18 år og blir myndig.
Dei aller fleste ungdommar har likevel behov for hjelp og støtte
frå vaksenpersonar også etter at dei har fylt 18 år. At ungdommar
kan bli buande i fosterheimen sin etter at dei har blitt 18 år,
kan ha mykje å seie for overgangen til vaksenlivet. Regjeringa vil
arbeide for at ungdommar og fosterforeldre får oppfølging og støtte
i overgangen til vaksenlivet. Betre informasjon til fosterforeldre
og barnevernstenesta om ettervern kan bidra til dette. Regjeringa
vil òg greie ut ein rett til å bli buande i fosterheimen dersom
den unge og fosterforeldra ønskjer dette, og dessutan presisere
i barnevernsloven at det er den kommunen som har sett i verk tiltak
før ungdommen fylte 18 år, som har ansvar for ettervern.
Kapittel 9 Vegen vidare omtaler kort utviklingstrekk på
fosterheimsområdet dei siste tiåra, kva plass fosterheimen har i
omsorgstilbodet for barn, og arbeid på området som kan verke inn
på bruken av fosterheim framover.
Kapittel 10 handlar om økonomiske og administrative
konsekvensar av tiltak i meldinga.