Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Barne- og familiedepartementet peiker i meldinga på at barn i barnevernet skal møtast med tryggleik, kjærleik og forståing, slik det kjem fram av formålsparagrafen i barnevernsloven. Fosterheim er i dag det mest brukte tiltaket i barnevernet for barn som ikkje kan bu heime med foreldra sine. Av alle barn som bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, bur ni av ti i fosterheim. Fosterheimar er dermed ein av dei viktigaste berebjelkane i norsk barnevern. Regjeringa ønskjer at barn og unge som treng det, også i framtida skal få ein familie å vekse opp i. For å få til dette må det vere nok fosterheimar til å møte dei ulike behova barna har.

Tilbodet i fosterheim skal fremje tryggleik, ro og stabilitet og bidra til ei positiv utvikling for barna. Innsatsen fosterfamiliar gjer, er ikkje berre viktig for barna og ungdommane våre, men òg for samfunnet. I meldinga gjer regjeringa greie for tiltak som skal bidra til å rekruttere og behalde fleire fosterheimar, og bidra til at barn som treng det, skal få ein fosterheim i eller i nærleiken av nærmiljøet sitt. Tiltaka må òg sjåast i samanheng med fleire forslag om endringar i barnevernsloven, som blei sende på høyring i april 2024.

I kapittel 2 Mål og premissar for arbeidet med meldinga omtaler regjeringa sine mål for fosterheimsomsorga. Tiltaka i meldinga skal bidra til at

  • barn og unge med behov for det får ein fosterheim når dei treng det, og at dei får ein trygg og stabil omsorgssituasjon

  • barn og unge skal få ein fosterheim i nærmiljøet sitt, når det er vurdert å vere det beste for barnet

  • barn og unge i fosterheim ikkje opplever unødvendige flyttingar og brot

  • barnet og fosterfamilien kan få ei stabil tilknyting over tid

  • barn og unge i fosterheim får ein så normal oppvekst som mogleg, ved å gjere det enklare for fosterforeldre å oppfylle omsorgsansvaret sitt.

Kapittel 3 Barn og unge i fosterheim omtaler statusen og utviklinga på fosterheimsområdet dei siste åra. Kapittelet omtaler òg dei ulike typane fosterheimar og gangen i ei barnevernssak. Til slutt følgjer ei omtale av innsatsar for å betre statistikken og styringsinformasjonen på fosterheimsområdet.

Kapittel 4 Fleire fosterheimar til barn som treng det omtaler utfordringane med å rekruttere nok fosterheimar. Regjeringa har som overordna mål at barn ikkje skal vente lenge på fosterheim, og at barn skal få ein fosterheim i nærmiljøet sitt. For å nå dette målet føreslår regjeringa tiltak for å leggje til rette for meir samarbeid mellom kommunar om rekruttering og oppfølging av fosterheimar, betre samarbeidet mellom Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) og kommunane om rekruttering av fosterheimar i nærområdet og å vurdere ulike typar støttetiltak for å stimulere til auke i bruken av familieråd som metode i kommunane. Regjeringa vil òg auke bruken av spesialiserte fosterheimar og styrkje arbeidet med å rekruttere fosterheimar med minoritetsbakgrunn.

Kapittel 5 Betre oppfølging av fosterheimar, barn og foreldre drøftar oppfølginga av barn i fosterheim, fosterfamiliane og foreldra til barna. Barn i fosterheim treng stabilitet og tryggleik. I dag er det for mange barn som opplever å måtte flytte frå fosterheimen på grunn av brot. Regjeringa vil gi kommunar tilbod om fag- og tiltaksstøtte og rettleiing i krevjande saker, og etablere ei etterutdanning i fosterheimsarbeid. Desse tiltaka vil gi kommunane betre føresetnader for å gi fosterforeldre den oppfølginga og støtta dei treng i oppdraget sitt.

For å leggje til rette for fleire samarbeid mellom kommunar om mellom anna oppfølging av fosterheimar vil regjeringa styrkje tilskotsordninga for kommunale læringsnettverk.

Regjeringa vil greie ut særskilde ordningar for oppfølging og rettleiing av fosterheimar som tek imot barn med ein annan kulturell og språkleg bakgrunn, for å sørgje for barna bevarer ei tilknyting til den kulturelle, språklege og eventuelt religiøse bakgrunnen sin.

Regjeringa har sendt på høyring forslag om å gi barn i alle aldrar ein eigen rett til å klage på vedtak om flytting. Regjeringa føreslår òg å regulere barnevernstenesta sitt høve til å stanse samvær og å presisere moglegheiter for avlasting i barnevernsloven.

Foreldra er viktige i livet til barna også etter ei omsorgsovertaking. Regjeringa vil greie ut kva for hjelp foreldre som har barn i fosterheim, har behov for, og korleis eit styrka tilbod til foreldra bør innrettast. Regjeringa har òg sendt på høyring eit forslag om å lovfeste eit krav om å følgje opp barn og foreldre ved oppheving av vedtak om omsorgsovertaking.

Kapittel 6 Stabilitet og føreseielege rammer når barn bur i fosterheim omtaler forslag til lovendringar som har til føremål at barn skal ha det stabilt og trygt i fosterheim. Regjeringa føreslår å gi fosterforeldre større avgjerdsmakt både ved fullmakt og ved at dei får direkte rett til å ta viktige avgjerder i den daglege omsorga og rett til å klage på vegner av barnet. Det vil bli utarbeidd retningslinjer for å klargjere ansvarstilhøvet mellom barnevernstenesta, fosterforeldre og foreldre. I tillegg er regjeringa i gang med å greie ut ei løysing for å gi fosterforeldre digital tilgang til tenester på vegner av fosterbarnet, der Folkeregisteret deler opplysningane.

Regjeringa har sendt på høyring forslag om å gi fosterforeldre rett til å klage på vedtak om å flytte barnet, og at barneverns- og helsenemnda skal vurdere målet om gjenforeining mellom barn og foreldre i saker som gjeld oppheving av vedtak om omsorgsovertaking. Vidare føreslår regjeringa å innføre strengare sperrefristreglar i saker om samvær og tilbakeføring, og vurdere om foreldreansvaret for barnet skal kunne overførast til fosterforeldra når barnet skal bu lenge i fosterheim.

Kapittel 7 Føreseielege økonomiske rammer for fosterforeldre handlar om økonomiske rammer for fosterforeldre, som grunnstøtte, frikjøp og pensjon. Regjeringa meiner det må bli meir føreseieleg for fosterforeldre kva dei kan vente av økonomisk godtgjering for oppdraget, og har sendt på høyring eit forslag om å lovfeste ei plikt for kommunen til å gi godtgjering og utgiftsdekning, og godtgjering tiltenkt pensjonssparing for frikjøpte fosterforeldre. I tillegg blir det i høyringa føreslege å lovfeste at kommunen jamleg skal vurdere behovet for frikjøp. Departementet har òg bedt om høyringsinstansane sitt syn på om nivå på godtgjering og utgiftsdekning bør komme fram av rettleiande satsar i faglege tilrådingar, eller om nivået på ytingane bør regulerast i lov eller forskrift. Regjeringa vil òg gjere dei faglege tilrådingane betre kjende i kommunane og vurdere å tydeleggjere kva ansvar barnevernstenesta har for utgifter ved skadar som blir påførte fosterheimen.

Kapittel 8 Fosterheim som ettervernstiltak drøftar bruk av fosterheim som ettervernstiltak for unge over 18 år. Vedtak om omsorgsovertaking fell bort når barnet fyller 18 år og blir myndig. Dei aller fleste ungdommar har likevel behov for hjelp og støtte frå vaksenpersonar også etter at dei har fylt 18 år. At ungdommar kan bli buande i fosterheimen sin etter at dei har blitt 18 år, kan ha mykje å seie for overgangen til vaksenlivet. Regjeringa vil arbeide for at ungdommar og fosterforeldre får oppfølging og støtte i overgangen til vaksenlivet. Betre informasjon til fosterforeldre og barnevernstenesta om ettervern kan bidra til dette. Regjeringa vil òg greie ut ein rett til å bli buande i fosterheimen dersom den unge og fosterforeldra ønskjer dette, og dessutan presisere i barnevernsloven at det er den kommunen som har sett i verk tiltak før ungdommen fylte 18 år, som har ansvar for ettervern.

Kapittel 9 Vegen vidare omtaler kort utviklingstrekk på fosterheimsområdet dei siste tiåra, kva plass fosterheimen har i omsorgstilbodet for barn, og arbeid på området som kan verke inn på bruken av fosterheim framover.

Kapittel 10 handlar om økonomiske og administrative konsekvensar av tiltak i meldinga.