1.3.3.1 Jernbaneinfrastrukturen har vore dårleg halden ved like og har mangla fornying
Løyvingane til drift, vedlikehald, fornying
og investeringar på jernbanen er nær dobla sidan 2016. Det er særleg
løyvingane til investeringar som har auka, auken er på om lag 10
mrd. kroner frå om lag 7,5 mrd. i 2016 til 17,4 mrd. i 2024 (reelle
tal). Nivået på midlar løyvde til drift, vedlikehald og fornyingar
har lege meir stabilt, men har hatt ein auke frå 6,2 mrd. kroner
i 2022 til 8,9 mrd. kroner både i 2023 og 2024. Feil i infrastrukturen
er hovudårsaka til forseinkingar og innstillingar
Årsaker til forseinkingar og innstillingar blir
registrerte i Bane NORs trafikkinformasjons- og oppfølgingssystem
(TIOS). Feil som kjem av infrastruktur, er Bane NORs ansvar. Feil
som togselskapa har ansvaret for, handlar mellom anna om feil på
toga, manglande personell og for lange stasjonsopphald. Utanforliggjande forhold
er årsaker som verken Bane NOR eller togselskapa blir haldne ansvarlege
for. Utanforliggjande forhold vil typisk vere uvêr, ras og påkøyrslar.
Følgjeforseinkingar, som blir registrerte i kategorien trafikkavvikling,
er alle etterfølgjande forseinkingar når ei hending har oppstått.
Eit døme er at tog som i utgangspunktet er i rute, må vente på eit
forseinka tog.
Innstillingar på jernbanen kan delast inn i
planlagde og ikkje-planlagde innstillingar. For å fornye og halde
ved like infrastrukturen er det nødvendig for Bane NOR å arbeide
i og ved sporet. Dette arbeidet kan ofte ikkje finne stad parallelt
med ordinær togtrafikk. Undersøkinga viser at dei aller fleste innstillingane
på jernbanen er planlagde innstillingar på grunn av arbeid i spor.
I perioden 2016–2023 utgjorde dette om lag 57 prosent av alle innstillingane.
Når det gjeld dei ikkje-planlagde innstillingane
og forseinkingane, viser undersøkinga at ulike typar av feil i infrastrukturen
er registrerte som hovudårsakene til desse i perioden 2016–2023.
Auken i talet på forseinkingstimar i perioden
fordelar seg på alle årsakskategoriane: Infrastruktur, togselskapa,
utanforliggjande og trafikkavvikling. Talet på innstillingar inneheld
både planlagde og ikkje-planlagde innstillingar. Kategorien infrastruktur,
som Bane NOR har ansvaret for, er årsak til flest innstillingar.
Denne kategorien har auka i perioden, og særleg frå 2022 til 2023.
Undersøkinga viser at om lag 24 pst. av forseinkingstimane
og over 50 pst. av alle ikkje-planlagde innstillingar kan forklarast
med
-
feil i og ved sporet
(bane)
-
feil ved signalanlegget (sikrings-/signalanlegg,
fjernstyring)
-
feil ved straumforsyninga (elkraft/kontaktleidningsanlegg)
Feil i infrastrukturen kan ha store
konsekvensar for togtrafikken og for dei reisande. Blant dei feila
i jerbaneinfrastrukturen som har ført til store forseinkingar og mange
innstillingar dei siste åra, er brannen ved Sandefjord stasjon i
juli 2021 forårsaka av ei kortslutning i straumforsyningsanlegget,
jordfeilen på Oslo S i september 2022, forseinking i planlagt arbeid
ved Nygårdstangen–Bergen–Fløen sommaren 2022 og driftsstansen på
grunn av problem med straumforsyninga på Follobanen ved årsskiftet
2022/2023.
Av feil som kan tilskrivast togselskapa, viser
undersøkinga at feil på toga og tog som kjem for seint frå fråsettingsspora
(forseinka avgang) utgjer dei viktigaste årsakene til forseinkingstimar
i undersøkingsperioden. Når det gjeld innstillingar, utgjer feil
på toga om lag 8 pst. av alle ikkje-planlagde innstillingar. Undersøkinga viser
at godstogselskapa har fleire feil på toga enn persontogselskapa
og oftare kjem seint frå fråsettingsspor.
Trafikkavvikling blir brukt som nemning på følgjeforseinkingar.
Følgjeforseinkingar er forseinkingar som kjem av ei tidlegare forseinking
eller hending. Følgjeforseinkingar er i 2022 og 2023 registrerte
som årsaka til flest forseinkingstimar.
Vêrhendingar og påkøyrslar er døme på utanforliggjande
forhold som ingen av jernbaneaktørane har ansvar for. Totalt i undersøkingsperioden
blir denne typen hendingar registrert som årsak til om lag seks
prosent av innstillingane. Talet på innstillingar varierer mykje
frå år til år. I 2023 var uvêret «Hans» ei slik hending. Av årsaker
til forseinkingstimar som er registrerte som utanforliggjande forhold,
er forseinkingar frå Sverige den viktigaste årsaka. Undersøkinga
viser at dette hovudsakleg gjeld godstog, som kan vere opptil ti
timar forseinka.
Undersøkinga viser at det er nokre endringar
i kva årsaker som utløyser forseinkingar og innstillingar over tid.
Blant infrastrukturfeila er det ein tendens til at feil på banen
blir registrerte som årsak til ein større andel av driftsforstyrringar
i 2023 enn tidlegare år, medan andelen registrerte feil på signalanlegget
går noko ned. Når det gjeld forseinkingstimar som togselskapa har
ansvar for, er det ein gradvis auke frå 2016 til 2023 i andelen
forseinkingar og innstillingar som kjem av feil på toga. Sjølv om
det er variasjonar frå år til år, viser undersøkinga at det overordna
er mange av dei same forholda – særleg feil i infrastrukturen –
som forklarar problema med driftsstabiliteten.