Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Øystein Mathisen, Lise Selnes
og Elise Waagen, frå Høgre, Margret Hagerup, Linda Hofstad Helleland og
Kari-Anne Jønnes, frå Senterpartiet, Eivind Drivenes og Marit Knutsdatter Strand,
frå Framstegspartiet, Himanshu Gulati, frå Sosialistisk Venstreparti,
Grete Wold, frå Raudt, leiaren Hege Bae Nyholt, og frå Venstre,
Abid Raja, viser til komiteen sin tidlegare behandling av
statsbudsjettet for 2024 og dei respektive parti sine merknader
i Innst. 12 S (2023–2024), samt til Stortingets behandling av revidert
nasjonalbudsjett for 2024, jf. Innst. 447 S (2023–2024).
Når det gjeld kapitla og poster som ikkje er
omtalt i innstillinga, har komiteen ingen
merknadar og sluttar seg til forslaga i proposisjonane.
Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti, er opptekne av fullføring av bygging av nytt
Vikingtidsmuseet, og viser til at det i Prop. 28 S (2024–2025) på
kap. 260 post 50 blir foreslått 50 mill. kroner ekstra til utgifter
til byggeprosjektet i 2024.