Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innhold
Merknadar frå komiteen

Merknadar frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Øystein Mathisen, Lise Selnes og Elise Waagen, frå Høgre, Margret Hagerup, Linda Hofstad Helleland og Kari-Anne Jønnes, frå Senterpartiet, Eivind Drivenes og Marit Knutsdatter Strand, frå Framstegspartiet, Himanshu Gulati, frå Sosialistisk Venstreparti, Grete Wold, frå Raudt, leiaren Hege Bae Nyholt, og frå Venstre, Abid Raja, viser til komiteen sin tidlegare behandling av statsbudsjettet for 2024 og dei respektive parti sine merknader i Innst. 12 S (2023–2024), samt til Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett for 2024, jf. Innst. 447 S (2023–2024).

Når det gjeld kapitla og poster som ikkje er omtalt i innstillinga, har komiteen ingen merknadar og sluttar seg til forslaga i proposisjonane.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er opptekne av fullføring av bygging av nytt Vikingtidsmuseet, og viser til at det i Prop. 28 S (2024–2025) på kap. 260 post 50 blir foreslått 50 mill. kroner ekstra til utgifter til byggeprosjektet i 2024.